NYTT SAMARBEID: Artistane Kid Cudi og Eminem. Foto: O'Connor/AFF-USA.com / AFF/ETIENNE LAURENT / EPA

Rapduo refsar folk som ikkje vil bruka munnbind i ny låt

I deira første låt saman, refsar rapparane Eminem og Kid Cudi folk som ikkje vil bruka munnbind.

  • Sindre Camilo Lode

Artikkelen er over 74 dager gammel, myndighetenes råd angående coronasmitten kan derfor være utdaterte. Du kan alltid holde deg oppdatert i vår spesial, eller gjennom FHIs nettsider.

Dei to sleppte den nye låten «The Adventures of Moon Man and Slim Shady» på fredag. Låten er innom fleire tema, frå folk som ikkje vil bruka munnbind til politivald, skriv CNN.

Duoen har også sleppt ein animert video til den nye låten, der dei to artistane blir framstilte som det som kan sjå ut som superheltar.

I verset til Eminem er han ganske tydeleg i kritikken av folk som ikkje bruker munnbind mot coronasmitte.

Han rappar:

«Don't wanna wear a mask and they're just scoffing
And that's how you end up catching the shit off 'em
I just used the same basket as you shopping
Now I'm in a fuckin' casket from you coughin'»

Teksten er henta frå genius.com. Fritt omsett til norsk rappar han «folk ikkje vil bruka masker …, det er slik du endar opp med å få driten frå dei, eg brukte nettopp same korg som deg då eg handla, nå er eg i ei jævla kiste frå hostinga di».

les også

Har søkt om skilsmisse fra Dr. Dre

I låten er den kjente rapparen er også kritisk til politivald og drap på svarte. Han nemner George Floyd som blei drepen av politiet og Ahmaud Arbery som blei skoten og drepen då han var ute og jogga.

Eminem spør vidare i verset korleis det er mogleg at så mange i politiet ikkje er reielege. Deretter siterer han George Floyd som sa at han ikkje kunne pusta, då Derek Chauvin hadde kneet på nakken hans.

«Prayers to George Floyd and Ahmaud Arbery
How the fuck is it that so many cops are dirty?
Stop, man, please, officer, I'm sorry
But I can't breathe when I got you on top of me
Your goddamn knee's on my carotid artery».

Kid Cudi hintar så i siste vers at samarbeidet mellom dei to artistane fortset med to låtar til, «The trilogy continues», rappar han.

les også

Flere detaljer fra George Floyd-drapet: «De dreper meg»

Det har komme fleire låtar i år som tar opp liknande tema som Eminem og Kid Cudi gjer.

Blant anna sleppte den amerikanske hiphop-stjerna Anderson Paak låten «Lockdown» saman med Jay Rock i juni. Låten handlar om Black lives matter-demonstrasjonane i USA, politivald og nedstenginga av landet.

Les også

  1. Eminem med referanse til Las Vegas-skytingen i ny låt

    Rapperen overrasket med nytt album natt til fredag.
  2. Kid Cudi innlagt med selvmordstanker

    32-åringen har frivillig lagt seg inn på rehabilitering for  depresjoner og selvmordstanker.

Mer om

  1. Eminem
  2. USA
  3. George Floyd
  4. Coronaviruset

Flere artikler

  1. Håper munnbind-hyllest holder til US Open-finalen

  2. Tinashe Williamson fikk rasistisk melding: – Sjokkert og sint

  3. Ny politiskyting skaper demonstrasjoner i USA

  4. Ny politiskyting ryster USA: – Et mirakel at han lever

  5. Besøker minnestedet for George Floyd: – Vi blir behandlet som om vi er dyr

Fra andre aviser

  1. Tre dødsfall har utløst raseri og opptøyer i USA. Her er historiene om ofrene.

    Aftenposten
  2. Ahmaud Arbery ble skutt og drept da han jogget. Nå opprettholdes siktelsen mot tre menn.

    Aftenposten
  3. Mange tusen demonstrerte mot rasisme: – Må gjøre ord til handling

    Aftenposten
  4. Protestene mot politivold sprer seg i USA

    Fædrelandsvennen
  5. «Det var ikkje berre lov å demonstrere mot rasisme. Det var rett.»

    Bergens Tidende
  6. Kampen mot rasisme skjer ikke på sidelinjen

    Fædrelandsvennen

VG Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med kickback.no