Fargesterkt utan nerve

Ingunn van Etten: «Meistersmeden»

Bildebok Kr 170,- Eide forlag

Artikkelen er over 17 år gammel

Han støypte pengar i løyndom, vart teken, og måtte rømma landet fleire gonger. Han hamna hjå ein menneske-etande slavehandlar i Konstantinopel, men greidde å rømme også derifrå.

Til sist kjem Hallvard heim som i ei nesten bibelsk scene, blir attkjend av mor og kledd i reine, fine klede. Men i fillehaugen hans er lommene fulle av gullpengar, og dermed er utsikter til giftemål og eit fredfullt liv gode.

Medan van Etten med sine teikningar held godt mål, fell teksten så gudsjammerleg gjenom. Den er klønete, og manglar mykje på både litterær og dramaturgisk innsikt. Også sjølve utforminga av boka er lite tiltalande, tekst og illustrasjoner er plassert lite harmonisk innanfor det store, breie formatet boka har.

Om ein konsentrerer seg om teikningane, kjem historien nærare. Dei er nyanserte, varme i fargane, og utan tvil dyktig utført. Svært ulike stemningar er vakkert og forførande skapt, enten bildet viser ein slem arabar eller ei stille vestlandsk måne-natt.

Den lett naivistiske stilen med djupe, konkrete perspektiv fungerer godt i fabel-liknande forteljingar som denne. Humoren lever i detaljane. Trist då at den talentfulle teiknaren ikkje valde seg ein like talentfull forfattar - og at formgjevinga vart så tilfeldig.

MAY GRETHE LERUM

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder