Dustefjerten mot nye høgder

ARTIKKELEN ER OVER 16 ÅR GAMMEL

Rune Belsvik, ny bok om «Dustefjerten»

VG:s terninger viser 5 prikker

Kvart kapittel blir innleia med eit underfundig lite rim. På sin heilt spesielle måte evnar forfattaren å skrive tekstar for barn som er både morosame, gripande og til stor ettertanke. Lag på lag byggjer han innhald og substans i skildringane av den livsglade Dustefjerten og venene hans.

I årets bok er det tid for sommarferietur. Men Bollefisen ligg under senga si og ser ingen årsak til å koma fram. Han tenkjer mange triste tankar, og kjenner seg lite verdt. Til og med venene mister tålmodet med den depressive figuren, sjølv om samhald og omsut er sjølve grunnlova i dette vesle landet ved bekken. Men det blir tur. Både Holesnusken og andungen og Kavringreven og Okatava finn nye tankar når dei legg heimen bak seg og set kursen mot det store utland. Det treng ikkje vera korkje stort eller langt ute. Rune Belsvik kan som få andre formidle ein svært gjennomtenkt og spennande undertekst midt i eit univers av heller enkle, sjarmerande figurar. Han tek barns fantasi og filosofiske evner på alvor, utan at han nokon gong svik kravet om framdrift, spaning og humor. Dei få svart/kvite illustrasjonane er heldigvis like smålåtne som før, og fungerer fint som stemningsskaparar utan å bremse bileta unge og eldre lesarar vil få i hovudet sitt frå denne gode teksten.

May Grethe Lerum

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder