Sjarmerande prisvinnar

Bjørn Sortland:: «For så høgt har eg elska»

(Vinnar av Gyldendals konkurranse om beste kjærleiksroman 2003). 366 sider Kr. 349,- Gyldendal

Publisert:

Artikkelen er over 17 år gammel

VG:s terninger viser 5 prikker

Bjørn Sortland greier dette, og vinn med sin stødige dramaturgi og sitt erfarne, personlege språk. Sjølve forteljinga er også original: Ein ung misjonærson må oppsøke minneverda si når ei svært elska kvinne forsvinn.

Den fysiske vegen frå Noreg til Amazonas er likevel for inkje å rekne om ein jamfører med reisa han må gjere i barndom, sjel og hjarte. Romanen fokuserer på den forbodne kjærleiken, og bringar lesaren i tillegg mangslungne tankar om kjærleikens mange andre andlet. Gjennom forteljinga om den lett nevrotiske hypokonderen Johannes maktar Sortland å generalisere sjølve kjærleikens essens: Lengten og nærleiken som aldri kan smelte saman. Han gjer det endåtil på ein både underhaldande og klok måte.

Mange andre forfattarar kunne risikere å dra orda sine ned ved å illustrere eigen tekst med små drodleri. Også dette er vellukka når Sortland lèt pennen flyte fritt mellom sjangrar, resultatet er artig, lettlese, tankevekkjande - og lett å like.

MAY GRETHE LERUM

Publisert:

Mer om

Musikkanmeldelse

Flere artikler

  1. Bokanmeldelse: Jon Fosse: «Kveldsvævd»

  2. Bokanmeldelse: Ragnhild Kolden: «Fredens frosne hjarte»

  3. Eit skrøpeleg liv?

  4. Vakker og lågmælt forteljing: Bokanmeldelse: Brynjulf Jung Tjønn:
    «Alt det lyse og alt det mørke»

  5. Pluss content

    - Blei ofte straffa for løgnene mine

Fra andre aviser

  1. Johannes jaktar på kjærleiken

    Bergens Tidende
  2. Frå det inste rommet

    Aftenposten
  3. Heggland held koken på Gyldendal

    Bergens Tidende
  4. Hjartet, ein kraftfull muskel

    Aftenposten
  5. Faldbakken i fin form

    Bergens Tidende
  6. Lyden av regn på ein paraply

    Bergens Tidende

Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med Kickback.no