STOPPA: I boka til niesa blir Donald Trump kalla verdas farlegaste mann. Foto: Alex Brandon / AP

Trump-bok stoppa av dommar

Ein dommar i New York har mellombels stansa boka om Donald Trump til niesa Mary L. Trump.

  • Sindre Camilo Lode

Boka som etter planen skulle bli gitt ut 28. juli, er skriven av niesa til den amerikanske presidenten.

Dommaren som har stansa utgivinga av boka, seier at ingen kopiar av boka kan bli selde før han høyrer argumenta i saka, skriv avisa Washington Post.

Ifølge avisa skal Mary L. Trump beskriva onkelen som «verdas mest farlege mann» i boka som har fått tittelen «Too Much and Never Enough: How My Family Created the World’s Most Dangerous Man».

Boka skal ifølge New York Times avsløra at Mary Trump var hovudkjelda til avisa i dekninga av økonomien til presidenten, og at ho gav dei konfidensielle skattedokument. Vidare skriv forlaget i innsalet av boka at Mary Trump har skrive eit «avslørande portrett av Donald Trump og den giftige familien som skapte han».

Mary Trump har vore på kant med onkelen etter eit søksmål for 20 år sidan som handla om arv etter at bestefaren hennar døydde i 1999.

les også

Trues av dobbel bokbombe i valgkampen

Skulle ut i juli

Avgjerda til dommaren seier ikkje noko om boka vil bli gitt ut 28. juli, slik ho opphaveleg var planlagd. På bakgrunn av ein førespurnad frå broren til presidenten, Robert Trump, har dommaren bestemt å halda ei høyring i juli.

Ifølge Robert Trump har ikkje Mary rett til å publisera noko om familien som eit ledd i eit forlik i ei arvesak, skriv avisa.

Advokaten til Robert seier i eit fråsegn tysdag at dei vil bruka alle tilgjengelege verkemiddel mot det dei kallar dei «forkastelege handlingane til Mary Trump og hennar forleggar».

Vidare seier advokaten til Robert at dei vil følga denne saka heilt til siste slutt.

Vil anka avgjerda

Advokaten til Mary Trump seier at sjølv om avgjerda til dommaren er mellombels, «er det ei avgrensing av politiske ytringar som klart bryt med det første grunnlovstillegget».

Vidare seier ho at dei vil anka avgjerda med ein gong.

– Denne boka, som tar opp saker av stor offentleg interesse rundt ein sittande president i eit valår, bør ikkje bli undertrykt, sjølv for ein dag, heiter det i fråsegnet til advokaten, ifølge avisa.

Også forlaget til Mary Trump, Simon & Schuster seier at dei planlegg å anka avgjerda.

Mer om

  1. Donald Trump

Flere artikler

  1. Trump ber retten stanse niesens bok

  2. Trues av dobbel bokbombe i valgkampen

  3. Trump vil stanse arbeidsvisum

  4. Rettsoppnevnt jurist om Michael Flynn-saken: – Grovt maktmisbruk av påtalemakten

  5. Bolton anklager Trump for flere overtramp i ny bok

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder