PROTEST: Demonstrantar sit utfor ein politistasjon i Minneapolis 25. juni. Foto: Brandon Bell / GETTY IMAGES NORTH AMERICA

Minneapolis godkjente forslag om å løysa opp politiet

Bystyret i Minneapolis har einstemmig godkjent eit forslag om å endra lovverket slik at politietaten i byen kan bli oppløyst.

  • Sindre Camilo Lode

Det skjer ein månad etter drapet på George Floyd. Drapet utløyste både store protestar og forslag om å reformera politietaten fleire stader i USA.

I Minneapolis gjekk eit radikalt forslag ut på å endra lovverket til byen, slik at det vil bli mogleg å løysa opp politiavdelinga. Den einstemmige avstemminga i bystyret var første skritt i denne prosessen.

Politiet i Minneapolis er under hardt press etter drapet på Floyd. Aktivistar har lenge skulda politietaten for ikkje klara å endra ein rasistisk og valdeleg kultur.

Tidlegare har eit klart fleirtal i bystyret sagt at dei ønsker å løysa opp politietaten. Fredag stemte tolv av tolv bystyremedlemmar for endringa i lovverket som gjer det mogleg.

Lang byråakratisk veg

På vegen mot å løysa opp politietaten for så bygga opp ein ny, er det mange byråkratiske hinder.

Den foreslåtte endringa vil ifølge eit utkast posta på internett, bytta ut politietaten med ein «etat for samfunnstrygging og førebygging av vald». Den nye etaten vil ha ansvar for «offentlege trygginsoppgåver og skal prioritera ei heilskapeleg og folkehelseorientert tilnærming», skal det heite i utkastet.

Nå som den foreslåtte endringa er godkjent av bystyret, skal ho vidare til eit politisk utval og så til Kommisjonen for bylovar i Minneapolis, der også innbyggarar og politikarar kan komma med innspel.

Til slutt har veljarane i byen den endelege og avgjerande stemma i valet i november, skriv nyheitsbyrået AP.

Politiforeining mot forslaget

Fagforeininga for politiet i Minneapolis reagerer på at bystyret har godkjent endringa. I eit innlegg på Facebook skriv foreininga at dei er «veldig bekymra for at byen går vidare med å oppløysa politietaten» og «at dei fryktar det vil skapa eit utrygt miljø» utan nok ressursar til å hindra kriminaliteten i byen.

Bystyrepresident i Minneapolis Lisa Bender seier derimot at ho håpar at Kommisjonen for bylovar kjenner igjen augeblikket dei nå står i og får fart på prosessen, slik at veljarane kan få stemma over «dette viktige spørsmålet».

Kan legga ned veto

Skulle ikkje lovendringa vera klar til valet i november i år, må politikarane venta til november 2021 før veljarane kan stemma over endringa.

Leiar av Kommisjonen for bylovar, Barry Clegg, seier at han føler prosessen går for fort fram.

Endringa møter òg på eit hinder hos borgameistaren i Minneapolis, Jacob Frey. Han støttar ikkje å løysa opp politietaten. Frey har makt til å legga ned veto om kommisjonen godkjenner endringa.

Les også

  1. Vil avvikle politiet i Minneapolis

    Et klart flertall av byrådet i Minneapolis ønsker å legge ned hele byens politietat, for å skape et nytt system som skal…
  2. Kraftige protester mot politivold etter dødsfall i Minneapolis

    Fire betjenter i Minneapolis har fått sparken etter en video som viser en politimann sittende på nakken til en mann som…
  3. George Floyds bror ber Kongressen om lovendringer: – Han fortjente ikke å dø på grunn av 20 dollar

    – Jeg klarer ikke å forklare hva slags smerte du føler når du ser noe sånt. Jeg er utslitt.
  4. Ny obduksjonsrapport: Floyds hjerte stanset som følge av trykk mot halsen

    En offisiell obduksjonsrapport konkluderer med at afrikansk–amerikanske George Floyd fikk hjertestans som følge av…

Mer om

  1. George Floyd
  2. USA

Flere artikler

  1. Vil avvikle politiet i Minneapolis

  2. Storbyer kutter støtten til politiet – her er demonstrantenes krav

  3. Derfor protesteres det i USA nå

  4. Ledet Ferguson-etterforskning: Mener Trump endret politi-tiltak som virket

  5. Bolton advarer mot Trump-gjenvalg: – En fare for landet

Fra andre aviser

  1. Molde-spilleren preget av raseundertrykkelsen i hjemlandet: – Vanskelig å se det på avstand

    Fædrelandsvennen
  2. Oppgang på Asia-børsene etter full forvirring rundt handelsavtale

    Aftenposten
  3. USA har sendt ut coronasjekker til 1 million døde

    Aftenposten
  4. Coronasmitten skyter i været i USA

    Aftenposten
  5. Verste dag for nye smittetilfeller i USA siden april

    Aftenposten
  6. Gründere vil kartlegge etnisk mangfold i arbeidslivet

    Aftenposten

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder