PRESIDENT: Den amerikanske presidenten Donald Trump i juni. Foto: Evan Vucci / AP

Har endra kven sjukehusa skal rapportera coronainformasjon til i USA – ekspertar er bekymra

Amerikanske sjukehus har fått ordre om ikkje lenger å senda coronainformasjon direkte til det amerikanske Folkehelseinstituttet. Det kan skapa forvirring om kor god kontroll administrasjonen har på viruset, seier norsk USA-ekspert.

  • Sindre Camilo Lode

Artikkelen er over 75 dager gammel, myndighetenes råd angående coronasmitten kan derfor være utdaterte. Du kan alltid holde deg oppdatert i vår spesial, eller gjennom FHIs nettsider.

Onsdag var den første dagen sjukehus i USA ikkje lenger skulle senda informasjon om blant anna coronapasientar til Centers for Control and Prevention (CDC), men direkte til ein database hos Det amerikanske helsedepartementet i Washington, skriv New York Times.

Amerikanske helseekspertar fryktar nå at informasjonen vil bli politisert eller halden tilbake frå offentlegheita.

les også

Tre delstatar i USA har registrert dødstaltopp det siste døgnet

Endringa skjer i ein periode der smitten framleis aukar kraftig i USA. Onsdag meldte landet om meir enn 67.000 nye smittetilfelle, og i dagane før har talet ligge på rundt 60.000 nye meldte tilfelle dagleg.

Torsdag ettermiddag var noko av coronainformasjonen ikkje lenger tilgjengeleg på heimesidene til CDC, melder CNN.

Blant informasjonen som nå er borte er oversikt over innlagde pasientar og kor mange intensivplassar som er ledige, bemanningstal for helsepersonell og leveringsstatus og tilgjengelegheit for personleg verneutstyr.

Det skjer også samtidig som administrasjonen til Donald Trump prøver å bagatellisera smittespreiinga i landet, skriv CNN som òg har omtalt saka.

Dei nye endringane blei posta i eit notat frå Det amerikanske helsedepartementet.

Frå onsdag av er det departementet som samlar inn dei daglege rapportane om coronapasientar frå kvart sjukehus, kor mange tilgjengelege senger og respiratorar sjukehusa har og annan viktig informasjon for å halda oversikt over pandemien, skriv New York Times.

Blant dei amerikanske ekspertane som reagerer, er direktør for global helse og HIV-politikk i helseorganisasjonen Kaiser Family Foundation, Jen Kates.

– Historisk har CDC vore staden der informasjon om folkehelse blir sendt. Dette reiser spørsmål om ikkje berre tilgang for forskarar, men tilgang for journalistar og publikum for å forsøka å forstå kva som skjer med utbrotet, seier Kates til avisa.

les også

Fauci angriper Trump-allierte: – Det slår bare tilbake på dem

Ifølge New York Times skjedde endringa som følge av ein spent konferansesamtale for fleire veker sidan mellom sjukehusleiarar og lege Deborah L. Birx i Det kvite hus, som er koordinator for coronaresponsen til Trump-administrasjonen.

Det har blitt hevda frå departementet at CDC ligg minst ei veke bak med å registrera informasjonen frå sjukehusa, og at den nye databasen til departementet skal vera meir oppdatert enn den til CDC.

Amerikanarar stolar meir på CDC enn Trump

– Dette er nok ei endring som vil skapa forvirring rundt evnene til Trump-administrasjonen til å få kontroll på viruset. Folk stolar meir på CDC enn dei stolar på Trump. Rundt tre fjerdedel av befolkninga stolar på CDC, mens rundt ein fjerdedel stolar på Trump, seier statsvitar og kommentator i amerikanskpolitikk.no Henrik Østensen Heldahl.

Han meiner at viss det har vore store problem med CDC, så er det rart at Trump-administrasjonen ikkje har gjort endringa før nå.

Samtidig seier han at det kan vera noko i at CDC ikkje har hatt ein god nok database, men legg til:

– CDC og Trump-administrasjonen har vore ueinige i offentlegheita fleire gongar den siste tida. Samarbeidet mellom dei har ikkje vore like godt som det mellom FHI og regjeringa i Noreg.

Ifølge Heldahl blir CDC sett på som ein nasjonal uavhengig organisasjon som ein kan stola på.

– Dette er ei av ei rekke merkelege avgjerder frå Trump-administrasjonen dei siste vekene, seier Heldahl.

Les også

  1. Ut mot USAs oppkjøp av corona-medisin: – Usolidarisk

    Den norske organisasjonen CEPI mener det er usolidarisk og kortsiktig av land å kjøpe opp alt de kommer over av…
  2. Trump viste seg med munnbind for første gang under coronapandemien

    USAs president Donald Trump viste seg lørdag for første gang offentlig med tildekket ansikt – slik landets…

Mer om

  1. USA
  2. Donald Trump
  3. Coronaviruset

Flere artikler

  1. Har endret hvem sykehusene skal rapportere coronainformasjon til

  2. USA hastegodkjenner ny behandlingsmetode

  3. Trump benekter at han var informert om skuddpremie på amerikanske soldater

  4. Studie: Omstridt malariamedisin kan øke risikoen for å dø

  5. Trump-bok stoppa av dommar

Fra andre aviser

  1. Obama: Trump er blottet for empati

    Bergens Tidende
  2. Trump skal ha unngått skatt i årevis – kan bli sentralt tema i debatt med Biden

    Fædrelandsvennen
  3. Trump-administrasjonen saksøker John Bolton

    Aftenposten
  4. – Oppsagt generalinspektør gransket USAs våpensalg til Saudi-Arabia

    Bergens Tidende
  5. Hard presset president Trump forsvarte bruken av malariamedisin mot korona

    Aftenposten
  6. Kina: Vil svare dersom USA innfører coronatoll

    Bergens Tidende

VG Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med kickback.no