TEST: Ein helsearbeidar i Texas tar ein coronatest frå ein person ved ein teststad. Foto: David J. Phillip / AP

Høgste tal nokon sinne på nye smitta i USA

USA registrerte torsdag det høgste talet på nye smitta av coronaviruset. Amerikansk ekspert åtvarar mot rekordhøge dødstal i Texas.

  • Sindre Camilo Lode

I USA blei 37.077 personar registrerte smitta av coronaviruset torsdag, ifølge tal frå Johns Hopkins-universitet.

Til samanlikning var 36.291 nye smittetilfelle 24. april det høgste registrerte talet fram til torsdag, skriv CNN.

Coronasmitten har skote i vêret dei siste vekene. Det skjer etter at ei rekke delstatar starta å opna opp igjen samfunnet i april og mai.

Samtidig vel nå fleire delstatar å venta med å opna opp samfunnet igjen.

Guvernøren i Texas, Greg Abbott, har sett opninga på pause, Florida-guvernør Ron DeSantis har og gjeve uttrykk for at delstaten ikkje vil letta på tiltaka og restriksjonane dei har nå. I California har guvernør Gavin Newsom erklært budsjettkrise for å frigje 16 milliardar dollar til kampen mot pandemien, skriv avisa.

Fredag oppretta visepresident i USA, Mike Pence, på nytt coronakrisegruppa til Det kvite hus. Gruppa har vore inaktiv i nesten to månadar, skriv NTB.

– Me har gjort fantastisk framgang, seier Pence, og viser til det han kallar ei trygg og ansvarleg gjenopning i alle delstatar og territorium. Men ny smitteauke, spesielt i sør, gjer at president Donald Trump har gjeve ordre om at krisegruppa skal bli oppretta på nytt, seier Pence ifølge BBC.

les også

Smitten øker i halvparten av USAs delstater

Høgste tal i fleire delstatar

Dei tre delstatane, som òg er dei tre mest folkerike i USA, har dei siste dagane sett nye rekordar for nye smitta. Både Florida og Texas har to dagar på rad registrert fleire enn 5000 nye smitta, mens California har registrert dei tre høgste smittetala den siste veka.

Som følge av at tala på nye smitta stig, innfører Texas nå strengare coronatiltak. Blant anna stenger barane i delstaten, og restaurantar vil frå måndag av berre kunna ha halv kapasitet. Samtidig er arrangement på over hundre personar som blir heldt ute, berre tillatne om dei er godkjente av styresmaktene.

VENTAR: Folk står i bilkø for å få testa seg for coronaviruset i Texas. Foto: David J. Phillip / AP

Åtvarar mot rekordhøge dødstal

Dødstala har ikkje stige særleg til tross for at smittetala er på sitt høgste nå.

Om smittetrenden i Texas fortset, kan byen Houston bli den hardast ramma i USA med tal som liknar dei i Brasil, seier dekan Peter Hotez ved den Nasjonale skulen for tropisk medisin ved Baylor College of Medicine til CNN.

Han er òg professor i blant anna molekylær virologi og mikrobiologi, og han jobbar med ein potensiell vaksine mot covid-19, skriv avisa.

Hotez seier vidare at dei frameleis ikkje ser høgare dødstal, men at talet vil starta å stiga om eit par veker.

Ifølge NTB er det for tida rundt 600 dødsfall i USA kvar dag, noko som er klart lågare enn rundt toppen i april då det var fleire dagar med over 2000 dødsfall.

Se vår coronaspesial her.

Mer om

  1. Coronaviruset internasjonalt
  2. USA

Flere artikler

  1. Smitteøkning i USA: Blodrøde tall for flere delstater

  2. Smitten øker i halvparten av USAs delstater

  3. Rekordmange registrert med coronasmitte i USA

  4. Ny smitterekord i Florida

  5. Coronasmitten skyter i været i USA

Fra andre aviser

  1. «Det er ikkje berre dei som vert smitta av koronaviruset som kan døy»

    Bergens Tidende
  2. Eksplosiv smittespredning etter gjenåpning i republikanskstyrte delstater i USA

    Aftenposten
  3. Coronasmitten skyter i været i USA

    Bergens Tidende
  4. Dette kartet viser hvorfor smittesjefen i USA er bekymret

    Aftenposten
  5. Eksplosiv smittebølge fortsetter i USA

    Bergens Tidende
  6. Over 50.000 nye smittetilfeller i USA

    Aftenposten

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder