DREPEN: Rektor ved The Covenant school, Katherine Koonce (60), vert hylla fordi ho forsøkte å stoppe skuleskyttaren.

Rektor konfronterte skuleskyttaren - vart sjølv drepen

Katherine Koonce (60) ofra livet i det ho forsøkte å stoppe masseskytinga som gjekk føre seg på barneskulen ho dreiv i Nashville.

Publisert:

Tre niåringar og tre tilsette vart drepen på ein kristen privatskule i Tennessee (USA) måndag, da Audrey Elizabeth Hale (28) på brutalt vis skaut seg gjennom skulens dører før tilfeldige elevar og tilsette vart hennar offer.

Les også

Tre niåringar drepen i skuleskyting i Nashville

En tungt bevæpnet kvinne åpnet ild på en barneskole i Nashville mandag kveld norsk tid.

Konfronterte skyttaren

Som rektor på ein skule i USA hadde Koonce sørgja for at elevar og tilsette var trent på ei potensiell skuleskyting.

Byråd i Nashville, Russ Pulley, fortel til FOX 17 News at Koone umiddelbart avslutta eit Zoom-møte etter det første skotet, og ikkje nølte med å gå etter gjerningspersonen.

– Ho avslutta samtalen umiddelbart, reiste seg og sette kursen mot skyttaren, seier han til kanalen.

Politisjef John Drake bekreftar på ei pressekonferanse at rektoren var involvert i ein konfrontasjon, og vart drepen i ein gang på skulen.

– Ho gjorde det rektorar gjer; beskytta barna sine, seier byrådet.

Også den lokale pastoren, John Bourgeois, gir uttrykk for rektorens heltefulle handling.

– Ho ofra livet til forsvar for barna under hennar omsorg, skriv han.

I tillegg til Koonce vart også hennar to kollegaer, Cynthia Peak og vikarlærar Mike Hill, drepen. Tre ni år gamle elevar var også drepen, Evelyn Dieckhaus, Hallie Scruggs og William Kinney.

Også gjerningspersonen vart drepen av politiet.

Kjøpte våpen lovleg

Hale hadde laga eit detaljert kart over skulen og eit manifest for ho gjekk til angrep på skulen der ho sjølv har vore elev.

Ho hadde kjøpt sju våpen og brukte tre av dei, to rifler og ein pistol under skytinga. Alle våpena var lovleg kjøpt, fortel politiet.

TUNGT VÆPNA: Hale var utstyrt med tre våpen da ho angreip skulen.

Hale identifiserte seg som transperson, skriv ei rekke medium.

Ho vart født kvinne, men hadde ført opp hankjønn som pronomen på Linkedin, noko som indikerte at Hale var transmann, seier Kristin Mumford, talsperson i politiet til New York Times.

På spørsmål om skyttarens kjønnsidentitet var knytt til angrepet, svarte politisjef John Drake at dei etterforskar alle spor.

Foreløpig er det ikkje kjent kva Hale sitt motiv var. Ein teori bak angrepet er at Hale kan ha mislikt å gå på den kriste skulen, ifølgje politisjefen.

Les også

Dette veit vi om skoleskytteren i Nashville: Hadde kart og manifest

Audrey Elizabeth Hale (28) lagde et detaljert kart over skolen og et manifest før hun skjøt og drepte tre niåringer og…

Hale budde med foreldra sine, og det var der politiet fant det detaljerte kartet og eit manifest om angrepet.

Ifølgje politisjefen hadde Hale planar om eit større angrep også ved ein anna skule i området. Dette droppa ho visstnok fordi skulen hadde høgare sikkerheit.

FØRT UT: Fleire barn held hender i det dei vart ført ut av skulen og til ei baptistkyrkje like ved, etter skytinga mandag.

Twitter skreiv ordførar i Nashville, John Cooper, at Nashville no er ein del av den fryktelege, lange lista over byar som har opplevd skuleskytingar i USA.

– Mine medfølelser går ut til familiane til ofra, skreiv han.

Vil forby automatvåpen

Same dag som skuleskytinga gjekk president Joe Biden ut med ein uttalelse om at USA må gjere meir for å stoppe vold som følge av våpenbruk.

– Ein hendelse som denne er ein familie sitt verste mareritt, sa presidenten.

Han oppfordra også Kongressen om å vedta eit nasjonalt forbud mot automatvåpen for privat bruk. Eit slikt forbod gjalt i USA frå 1994, men vart oppheva i 2004.

Også etter skuleskytinga i Mississippi i februar kom Biden med den same oppfordringa.

Publisert:

Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med Kickback.no