Hovedinnhold

Blind høne finn òg korn

<p>DEN POSITIVE SIDEN: – Donald Trump er langt frå den presidenten ein bør ønskje seg, men han er på eitt område ei nyttig motvekt til Obama. Ei blind høne finn òg korn, skriv kronikkforfattaren.</p>

DEN POSITIVE SIDEN: – Donald Trump er langt frå den presidenten ein bør ønskje seg, men han er på eitt område ei nyttig motvekt til Obama. Ei blind høne finn òg korn, skriv kronikkforfattaren.

Foto: AFP
Trump gjer av og til noko rett. Det er kanskje ikkje planlagt, eller så veldig gjennomtenkt, men me må lære oss å setje pris på når det skjer.

Denne saken handler om:

Delta i debatten?

Send ditt innlegg til debatt@vg.no

eller

SMS med kodeord sidet til 2200

MORTEN MYKSVOLL, redaktør tyrkiskpolitikk.no og spaltist i VG

Barack Obama var ein god president. Det virkar å vere eit breitt konsensus om det, særskilt i Noreg og Europa. Sett opp mot Trump virkar han heilt fantastisk. Det er likevel viktig å nyansere biletet ein del. Han gjorde ein del grep som har fått stor innverknad på korleis Trump fungerer som president, og ein god del av det ein kritiserer Trump for no har Obama lagt grunnlaget for. Ikkje nødvendigvis politisk, men gjennom å auke presidentmakta.

<p>Morten Myksvoll. </p>

Morten Myksvoll. 

Foto: PRIVAT

Av den seriøse kritikken som Obama fekk, så var hans bruk av si utøvande makt til å definere lovverket ein svært sentral del. Obama innførte litt færre presidentordrar (executive orders) enn det forgjengaren hans, George W. Bush gjorde. Presidentordrar har lovgjevande makt, og må overkøyrast av kongressen for å ikkje vere gyldige. Det han leverte mange av, derimot, var «presidentmemo» (executive memoranda). Desse har òg lovgjevande makt, men dei vert ikkje nummerert på same måte som ordrar. Dei instruerer ofte korleis administrasjonen skal forholde seg til lovverket. Desse to handlingane vert (forståeleg nok) ofte sausa saman, og i Obama sitt tilfelle vart det nok gjort for å teikne eit bilete av ein president som samla for mykje makt i det ovale kontor.

Les også: Derfor kan Trump gå på skattesmell

Det burde ikkje vere nødvendig. Det finst nemlig fleire døme på at Obama rokka ved den maktbalansen som holder statsmaktene i sjakk, ved å bruke både formelle og uformelle presidenthandlingar. Ta innvandringspolitikken, til dømes. Begge sider i kongressen har i mange år forsøkt å få til ein innvandringsreform i USA, blant anna for å handtere det store antalet ulovlege innvandrarar som USA har. Nokon forsøk har gått i retning av amnesti og statsborgarskap, medan andre forsøk har fokusert på grensekontroll og repatriering. I 2012 tok Obama delar av politikken i sine eigne hender, og innførte Deferred Action for Childhood Arrivals (DACA).

Programmet skulle gjere det mogleg for born som kom til USA ulovleg, å søkje om eit to-årig fornybart unntak frå å bli utvist frå landet. Krava for å oppnå denne statusen var harde, og programmet har blitt sett på som ein suksess. I dag er det omlag 800.000 menneske som er omfatta av programmet. Politikken er god, jussen er meir tvilsom. For skal det vere opp til ein president, gjennom eit memorandum til ein statsråd, å endre amerikansk innvandringspolitikk over natta? Neppe. Mindre enn to månader etter at Obama hadde presentert programmet i ein tale, begynte myndigheitene å handsame søknadane frå desse ungdommane. Det er ekstremt kjapt i eit politisk system som er meint å vere ei hengemyr.

Presidentrolla børhandle om prinsipp. Det bør ikkje vere sånn at ein set pris på at ein president ein er einig med strekkjer makta si for langt, for så å raljere over at ein president ein er ueinig med gjer det same. Den omfattande bruken av presidentordrar under Trump kan ein til dels tilskrive Obama-æraen sin bruk av formelle og uformelle presidenthandlingar, for å unngå å måtte gå opp mot ein obstruerande kongress.

Få flere kronikker og kommentarer: Følg VG Meninger på Facebook!

Nyleg bestemte Trump-administrasjonen at DACA skulle avsluttast. Justisminister Jeff Sessions gav kongressen seks månader til å erstatte DACA med ei ny lov. Det er noko ambisiøst, i og med at kongressen er best til å ikkje få noko som helst til. Republikanarane har ikkje vist seg gode til å lage lover, og 800.000 menneske er no i eit rettsleg limbo. Det betyr likevel at DACA kan bestå, men i ei anna form, oppretta av den lovgjevande makta. Slik det skal vere, ideelt sett. Resultatet, derimot, kan bli god juss, men dårleg politikk. Republikanarane sin motstand mot DACA er ikkje akkurat utelukkande prinsipiell. Mange i partiet mislikar DACA fordi det liknar på eit amnesti.

Ein anna kritikkmot Obama, er at han samla mykje militær makt i det kvite hus. Kritikken går på at nær sagt alt militæret gjorde, skulle godkjennast av det kvite hus. Presidenten leiar dei væpna styrkene, men det blir ikkje nødvendigvis gode resultat på bakken av at alt for mykje må heilt til toppen for å bli godkjent. Maktspreiing handlar ikkje berre om forholdet mellom statsmaktene, som presidenten og kongressen, men òg mellom sivile og militære myndigheiter.

Les videre: Trumps fotballdribling

Etter åtte månader under Trump ser me ein president som lar nyleg pensjonerte generalar prege politikkutforminga hans, spesielt innanfor militæret. Spesielt ei våpengrein, US Marines, er svært godt representert i administrasjonen. Trump sin nasjonale tryggleigsrådgjevar, stabssjef, og forsvarsminister har alle vore Marines. I tillegg kjem forsvarssjef Dunford, som er fortsatt i aktiv teneste i den same våpengreina. Mattis ser ut til å bli ein av dei mektigaste forsvarsministrane USA har hatt på lenge, og tidlegare i år kom det fram at han og stabssjef Kelly hadde ei pakt om å aldri vere ute av landet på same tidspunkt. Spekulasjonane går på at dei vil vere i stand til å halde Trump i tøylene.

Ei no berømtanekdote frå Trump-administrasjonen viser Trump sitt motsatte syn på presidenten si militære involvering: På spørsmål frå forsvarsminister Mattis om tillatelse til å sende 50 soldatar inn i ein landsby utanfor Raqqa i Syria, så skal Trump ha svart «kvifor spør du meg? Eg veit ikkje eingong kvar denne landsbyen er!» Viss ein er opptatt av maktspreiinga i USA, så er dette eit godt teikn. Å reversere Obama sin mikrostyring av militæret er bra. Trump tar det kanskje litt vel langt.

Trump er langt frå den presidenten ein bør ønskje seg, viss målet er (makt)balanse. Langt i frå. Men han er ei nyttig motvekt til Obama, som i det minste bør gjere at ein reflekterer betre over hans åtte år i det kvite hus.

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Meninger

Se neste 5 fra Meninger