Hovedinnhold

Tyrkia tilbake til normalsituasjonen

<p>ETTER KUPPFORSØKET: - Dagens situasjon liknar litt på den me såg i Tyrkia på 90-talet. No er landet meir tilbake i ein normalsituasjon, skriv Morten Myksvoll. </p>
<p/>

ETTER KUPPFORSØKET: - Dagens situasjon liknar litt på den me såg i Tyrkia på 90-talet. No er landet meir tilbake i ein normalsituasjon, skriv Morten Myksvoll. 

Foto: Harald Henden, VG

Me må ofre fortida ein tanke for å analysere det som no skjer i Tyrkia. Landets politiske historie er nemlig svært brokete. Det einaste som er sikkert er at landet ville hatt svært vondt av eit vellukka kupp.

Denne saken handler om:

Delta i debatten?

Send ditt innlegg til debatt@vg.no

eller

SMS med kodeord sidet til 2200

MORTEN MYKSVOLL, redaktør tyrkiskpolitikk.no

Etter kuppforsøket har den urovekkande utviklinga i Tyrkia igjen blitt satt på dagsorden. Demokratiet vart redda på kuppnatta, men det er gode grunnar til å vere uroa over kvar landet er på veg.

<p>Morten Myksvoll.</p>

Morten Myksvoll.

Slike analysar bør derimot ikkje ta som utgangspunkt at alt var betre før.

Demokratiet sit djupt

For å analysere hendingane som skjer no, må me i det minste ofre fortida ein tanke. Dette gjeld spesielt når me vurderer Tyrkia si demokratiske utvikling. Og berre for å ha slått det fast: Tyrkia har nokre alvorlege institusjonelle svakheiter, og demokratiet står langt frå så sterkt som det burde.

Men dei mange markeringane, frå både posisjon og opposisjon, etter det mislykka kuppet 15. juli er derimot eit teikn på at demokratiet sit djupt i ryggmarka til folket. Sjølv dei sterkaste Erdogan-kritikarane ønskja ikkje eit kupp for landet sitt.

Tyrkia vart i mange år omtalt som eit demokratisk mirakel, som ein slags mønsterstat som viste at det var mogleg med eit velfungerande demokrati i eit land der muslimar var i fleirtal.

Få flere kronikker og kommentarer: Følg VG Meninger på Facebook!

Autoritært

Det burde ikkje overraske nokon at det faktisk er mogleg å kombinere islam og demokrati, men ein bør vere forsiktig med å framheve kor demokratisk Tyrkia har vore. Deira politiske historie er nemlig svært brokete. Me skal ikkje langt tilbake for å finne nokre gode døme på det.

Kuppet i 1997 er det mest openberre. Då sendte militæret eit memorandum til regjeringa, som åtvara mot retninga landet var på veg i. Den demokratisk valgte regjeringa vart trua med våpen, og dei bøya av. Tyrkias første regjering leia av ein islamist var historie. Ein kan meine kva ein vil om islamistar, men særlig demokratisk var avsetjinga altså ikkje.

Les også: Erdogans utrenskning

I 1998 vart ordføraren i Istanbul, ein no velkjent figur, dømt til fengsel for å ha lest eit dikt offentleg. Erdogan vart frådømt vervet som ordførar, han vart dømt til ti månedar i fengsel, og han vart nekta å halde politiske verv.

Dette gjorde at han ikkje kunne bli statsminister før i 2003, nær eit år etter at AKP faktisk vant parlamentsvalet. Same år som fengslinga, i 1998, stengde høgsterett ned partiet han var med i. Ikkje særlig demokratisk, altså.

Det var heller ikkje lett å vere opposisjonell i 90-talets Tyrkia, verken for religiøse, sosialistar, eller for kurdarar. Skreiv du om situasjonen til kurdarane kunne ein bli fengsla for separatisme, etter anti-terrorlova. Kritiserte ein sekularismen eller militæret si politiske rolle risikerte ein òg fengsel. Sjølv oversetjingar av Noam Chomsky si bøker vart dekka av denne lova. Det finst nokre parallellar til dagens anti-terrorlov, for å seie det slik.

Det er her verdt å ha med seg at mykje av legitimiteten og heimelgrunnlaget for slike arrestasjonar kjem frå tidlegare kuppgeneralar sine lovverk. Grunnlovene dei har innført har stort sett innskrenka politiske rettigheiter og stengt ned eksisterande politiske parti.

Oppgjeret som skjer i etterkant av dette kuppforsøket, der titals tusen mister jobbane sine, er foreløpig lite samanlikna med tidlegare prosessar, frå militæret si side. Etter kuppet i 1980 vart 650.000 arrestert og 1,7 millionar vart svartelista av staten.

Liknande situasjon

Erdogan sitt parti, AKP, har blitt trua med stenging frå høgsterett to gonger, i 2002 og i 2008. I 2007 trua militæret med å avsette regjeringa, viss Abdullah Gül vart valgt som president. Sistnevnte trussel, som ikkje vart realisert då Gül vart president, førte til at AKP (og Gülen-røyrsla) kunne ta eit oppgjer med militæret si makt over det politiske systemet.

Dei første åra etter at Erdogan sitt parti hadde vunne regjeringsmakt var dominert av ei genuin forbetring av dei demokratiske vilkåra i Tyrkia. Dette hadde mykje med den høgst levande EU-prosessen som pågjekk. AKP må ha vore det mest EU-ivrige partiet Tyrkia har sett på lang, lang tid.

Dessverre har utviklinga gått motsatt veg dei seinare åra. Snuoperasjonen byrja ikkje lenge etter at EU-sporet kjølna. Haldninga deira kan best oppsummerast slik: Viss EU ikkje vil ha Tyrkia som medlem, kvifor skal Tyrkia innføre alle desse reformane?

Dagens situasjon liknar litt på den me såg i Tyrkia på 90-talet. Perioden mellom AKP vant makta i 2002 og fram til omlag 2010 kan best skildrast som eit positivt unntak i Tyrkia sin historie. No er landet meir tilbake i ein normalsituasjon. Om det blir verre er umogleg å seie no. Det kan snu òg.

Det einaste som er sikkert er at landet ville hatt svært vondt av eit vellukka kupp.

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Meninger

Se neste 5 fra Meninger