Hovedinnhold

Den prinsippfaste partilederen

<p>BORGARÅND: – Labour-lederen Jeremy Corbyn personifiserer venstrevarianten av borgarånd, ein type borgarånd som ikkje fortener å bli dradd ned i søla, mener kronikkforfatteren. </p>

BORGARÅND: – Labour-lederen Jeremy Corbyn personifiserer venstrevarianten av borgarånd, ein type borgarånd som ikkje fortener å bli dradd ned i søla, mener kronikkforfatteren. 

Foto: Daniel Leal-olivas, AFP
Leiaren i det britiske arbeiderpartiet Labour, Jeremy Corbyn, er venstreradikal. Men han er ikkje ein suspekt anti-demokrat.

Denne saken handler om:

Delta i debatten?

Send ditt innlegg til debatt@vg.no

eller

SMS med kodeord sidet til 2200

SVEIN TUASTAD, statsviter, Universitetet i Stavanger

Då veljarane i Storbritannia passerte avis-stativa i dagane før valet 8. juni, hylte overskriftene frå dei dominerande avisene mot dei. «Røyst May eller røyst på katastrofe». «Corbyn er kompis med terroristar». «Corbyn tar lett på terror».

<p>Svein Tuastad.</p>

Svein Tuastad.

I valkrinsen sin, Islington North i stor-London, fekk Labour-leiaren likevel 73 prosent av røystene i det britiske valet. 40 prosent av britane samla røysta på «katastrofen», det vil seie fem prosent meir enn den tidlegare Labour-statsministaren Blair fekk i sitt siste val, i 2005. Corbyn vann ikkje valet, men vart på fleire måtar den moralsk vinnaren. Han mobiliserte nye veljargrupper, særleg unge veljarar, som gav partiet hans ein stor og uventa framgang på 10 prosent. Og han stod rakrygga mot den massive hetsen. No står britiske kommentatorar ein etter ein fram og seier dei tok feil.

Også VG-kommentatorar skildra Corbyn på ein i overkant nedlatande måte. Civita-medarbeidaren Bård Larsen illustrerte tonefallet då han på kronikk-plassen i VG dagen før UK-valet presenterte Labour-leiaren som ein venstrepopulistisk variant av Donald Trump. Corbyn hadde terroristsympatiar, var ein tryggleiksrisiko og hadde knappast eit demokratisk sinnelag.

Les Bård Larsens kronikk: Venstrepopulisten Corbyn

Ein slik presentasjon av Corbyn er for einsidig og for ideologisk farga. Venstresida til Labour har både bestått av ideologiske marxistiske infiltratørar og av ein langvarige venstretradisjon av demokratiske sosialistar, med folk som Tony Benn (1925-2014), eit av førebileta til Corbyn, og tidlegare London-ordførar Ken Livingstone, som viktige politikarar. Heilt sidan han som ung melde seg inn i ungdomsorganisasjonen til Labour har Corbyn vore del av denne lange venstretradisjonen i Labour.

Særleg på to område har Corbyn utfordra den dominerande Blair-fløya i Labour. For det første gjeld det åtaks-krigen i Irak, for det andre gjeld det innføringa av høg eigenbetaling for universitetsstudiar. Blair og dei som førte politikken hans vidare, gjorde at høgare utdanning ikkje lenger var for alle. Corbyn si konsekvente avvising av universitetsavgiftene, var ein av grunnane til appellen hans blant unge. Med omsyn av Irak-krigen har Blair si rolle vore slakta jamvel i den offisielle granskinga, slik at det endåtil vart spekulert i riksrett mot han. I Skandinavia har sosialdemokratar hatt like haldningar som Corbyn i desse to sakene.

Les også: Svekket May kan bety mykere Brexit

Rimelig kritikk mot nokre av Corbyn sine haldningar vert ofte blanda saman med vondskapsfulle påstandar. For dei som vil forstå personen og politikken til Corbyn, er det betre å lese meir nøkterne framstillingar, slik som til dømes eit langt portrett BBC-journalisten Brian Wheeler har skrive.

Jeremy Corbyn personifiserer venstrevarianten av borgarånd, ein type borgarånd som ikkje fortener å bli dradd ned i søla. Corbyn reiste alt som 18-åring til Latin-Amerika, og solidaritetsarbeid i ulike Latin-Amerikagrupper har vore særleg viktig for han. Han har brukt femti år av sitt liv på politisk aktivisme, i fredsrørsla, i solidaritets- og partiarbeid. Det kosta han to ekteskap; å bu saman med ein mann som kveld etter kveld stod ved kopimaskinen på partikontoret for å lage flygeblad, eller deltok på alskens politiske møte, vart i overkant sjølv om begge dei tidlegare konene var politiske meiningsfrendar.

Få flere kronikker og kommentarer: Følg VG Meninger på Facebook!

Ein råkande kritikk av Corbyn gjeld at han ikkje distanserer seg klårare frå sjølverklærte sosialistleiarar som utviklar seg i autoritær retning. Samstundes er det viktig å skilje mellom å støtte til anti-koloniale frigjeringsrørsler og det å støtte ein autoritær sosialismevariant. Det første tyder ikkje at Corbyn prinsipielt vaklar i støtta til det liberale demokratiet.

Skuldingane mot Corbyn om terrorist-sympatiar, er i regelen skeivt framstilte. Corbyn har vore på same scena som medlemmer av væpna grupper og terroristorganisasjonar. Men motivet har vore haldninga om at det ikkje er nokon veg utanom dialogen. Denne innsikta er ikkje ukjent for norsk fredsdiplomati. Partane må verte forståtte, dei må bringast saman og dei må snakke saman. Ei slik tilnærming er ikkje det same som å støtte terrorisme.

Det store «brotsverket» til Jeremy Corbyn kokar i grunnen ned til at han har vore prinsippfast gjennom alle desse åra. Han vart ikkje med på lasset då Tony Blair svinga til høgre. Ulikt mange politikarar som fjernar seg frå røtene jo meir vane dei blir med svarte bilar med sota glas, har Corbyn stadig sykla rundt og halde foredrag i dei same rørslene som forma han. Innanfor desse rørslene nyt han stor respekt.

Unge veljarar liker Jeremy Corbyn fordi han artar seg som ein anstendig mann med eit djuptfølt engasjement. Anstendighet går ikkje av moten.

Kommentarer Antall kommentarer på artikkelen

Har du en mening om denne artikkelen? Du må bruke ditt eget navn hvis du skal delta i debatten. Respekter andres meninger og husk at mange kan se hva du skriver. Brudd på reglene kan føre til utestengelse.

VGs journalister og moderatorer overvåker denne debatten kontinuerlig mellom kl. 07 og 24. Kommentarfeltet er nå stengt og åpner igjen kl. 07.00. Velkommen tilbake da!
Klikk for å se kommentarene

Siste saker fra Meninger

Se neste 5 fra Meninger