FENGSLET: Journalister og aktivister protesterer mot fengslingen av journalister og andre ansatte i den tyrkiske avisen Cumhuriyet. Her fra en demonstrasjon i forrige uke. Foto: Emrah Gurel AP

No ryk den siste skansen

17 journalistar og avisleiarar sit på tiltalebenken i
Istanbul. Tiltala gir inga meining, men det betyr ikkje så mykje i dagens Tyrkia.

VG Debatt
ARTIKKELEN ER OVER ETT ÅR GAMMEL

MORTEN MYKSVOLL, redaktør i tyrkiskpolitikk.no

Rettssaka mot Cumhuriyet-avisa og deira tilsette har nokre svært spesielle sider. Det mest openbere dømet er journalisten Ahmet Şık, som i 2011 vart arrestert for å ha skrive ei bok om kor omfattande Gülen-nettverket i staten hadde blitt. På den tida var president Erdoğan og hans AKP allierte med Gülen. No er han fengsla, mistenkt for å vere Gülenist.

Morten Myksvoll.

Ein av hovudanklagene er at Cumhuriyet-avisa vart overtatt av Gülen i 2013. Me snakkar om den mest klassiske av dei republikanske avisene, stifta av ein som stod Atatürk nær, og som har vore kritisk til Gülen i mange år.

Når ein ser nærare på anklagene går absurdometeret i taket, og ein forstår meir av at det ikkje handlar om terrorpåstandar, men om ein god, gamaldags knebling av kritisk presse. For det er ikkje berre Gülen-røyrsla avisa skal vere knytt til, ifølge tiltalen. Dei skal òg støtte dei venstreekstreme terrorgruppene DHKP-C og PKK. Ei av dei tidlege konfliktene mellom Gülen og AKP var knytt til korleis ein skulle takle fredsprosessen med PKK. Erdoğan ville ha fredsforhandlingar og våpenkvile, Gülen ville knuse dei militært. At PKK og Gülen no skal samarbeide gir ikkje meining.

Få flere kronikker og kommentarer: Følg VG Meninger på Facebook!

Aktoren, som skal bevise at avisa er styrt av Gülen-røyrsla risikerer sjølv livstid i fengsel - fordi han er mistenkt for å vere gülenist. Viss så er tilfellet, burde han aldri vore aktor i denne saka. Det føyer seg inn i rekka av anklager om at det fortsatt finst mange Gülen-lojale i statsapparatet. Kvifor gjer det det? Etter snart fire år med oppgjer, aksellerert av det mislukka kuppforsøket i fjor sommar, burde ein snart vere i mål med å fjerne Gülen-nettverket frå staten. Nei, dette høyres meir og meir ut som eit skalkeskjul for å gjere noko illegetimt om til noko gangbart.

Akin Altalay – ein av dei tiltalte – er skulda for å ha betalt ein Gülenist for å fikse golvet hans. Det kan då umogleg vere ulovleg å kjøpe tenester frå folk som ein ikkje veit affiliasjonen til. Det er no det første. For det andre var ikkje Gülen-røyrsla ulovleg i 2011, då dette golvet vart bona. I 2011 var Gülen og Erdoğan fortsatt allierte. Det var dette året ein begynte å sjå tydelege teikn til sprekker i alliansen deira. Dette påtalepunktet er ein tankefeil, det er forbindelsesskuld, men det er òg prov på at ein utnyttar folk si motstand mot Gülen-røyrsla til å styrke anklagar som det eigentleg ikkje er grunnlag for.

Erdoğan og Gülen var altså allierte. Det virkar som om alle har gløymd det. Presidenten har sjølv sagt at han angrar på forholdet til predikanten, og har bedt om tilgjeving. Det er greitt, det, altså. Det er berre så rart at folk vert straffeforfulgt for å ha hatt den minste omgang med ein Gülen-institusjon. Fellesnemnaren er at ein står i vegen for regjeringa.

Hadde eg vore medlem av regjeringspartiet, ville eg frykta eit storstilt internt oppgjer mot påståtte Gülen-lojale medlemmer. Svært mange partimedlemmer har hatt mykje kontakt med røyrsla opp gjennom åra, i motsetning til republikanarar som Cumhuriyet-avisa og deira tilsette.

Les i VG+ (krever abonnement): Gülen-tilhengerne: Anklagene etter kuppforsøket

Cumhuriyet-saka er eit vegkryss i tyrkisk historie. Det finst mange av dei, og det virkar som om dei kjem tettare og tettare. Viss det endar med domfelling, og opp mot 43 års fengsel, så vil neste steg vere at staten overtar avisa. Då vert den anten stengt ned, eller så blir den eit talerøyr for regjeringa. Med Cumhuriyet i kneståande er det knapt nokre uavhengige medier å snakke om i Tyrkia, og pressefridomen er berre teoretisk tilstades. Sjølvsensur er allereie eit stort problem, og det finst få som tør å utfordre staten når utfallet er gitt.

Tyrkia har legitime skuldingar mot ganske mange personar, som anten var med på kuppet, eller som har bidratt til å støtte Gülen-nettverket i mange år. Dei som var med på kuppforsøket må straffast. Dei som var medlem i Gülen-nettverket og statsansatt bør seiast opp. Det er i strid med all form for profesjonelt byråkrati å ha utanomstatlege nettverk i alle delar av statsapparatet.

Det er synd at myndigheitene, i staden for å presentere skikkelege bevis, forsøker å gjere oppgjeret så breitt som det er mogleg, for å ta med så mange kritiske stemmer som ein kan. Det utvatnar legitimiteten til kuppoppgjeret, og styrkar den internasjonale kritikken.

Kva folk i utlandet meiner, bryr nok ikkje Erdoğan seg noko om. Tvert imot speler internasjonale fordømmelsar på lag med retorikken hans. Dagens Tyrkia er svært polarisert, og det er eit resultat av Erdoğan sin kontinuerlege valkamp, som har vart i fleire år no. På årsdagen for kuppforsøket sa han at dette var ein gledens dag for 50 millionar tyrkarar. Kva han meiner om dei resterande 30 millionane vert då gjort tydeleg. Han har slengt så mange påstandar om internasjonale konspirasjonar, terrorstøtte i opposisjonen, og samtidig fått drahjelp av kuppmakarane, at kostnaden for ein veljar som vil hoppe av frå AKP og over til eit opposisjonsparti har blitt enorm. Lojalitet er ikkje eit sikkert kort, men det er mykje betre enn å skifte side.

Det har blitt så ille at myndigheitene kan fengsle Amnesty-leiaren i Tyrkia og sleppe unna med det. Amnesty var altså blant dei som fordømte arrestasjonen av den tidlegare Istanbul-ordføraren med namn Recep Tayyip Erdoğan. Så lenge anklaga er terrorstøtte følgjer veljarane med. Det ser me så tydeleg i Cumhuriyet-saka. Folk les overskrifter, ikkje anklagetekstar, og då ryk pressefridomen. Den siste skansen.

Eit spørsmål som ofte vert stilt, men som er umogleg å svare på, er kva som skal til for at det snur i Tyrkia. Tida jobbar mot oss no, men Tyrkia har gått gjennom store skifter tidlegare. Kenan Evren styrte Tyrkia med jernhand etter kuppet i 1980, og han satt som president fram til 1989. Tyrkia har overlevd diktatur før. Landet skal overleve ein autoritær Erdoğan òg, men begge to har satt varige spor i tyrkisk historie.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder