BREXIT? – Det er i dag ikkje noko truverdig alternativ til EU-medlemsskapet for Storbritannia. Same kva ein måtte ende opp med i folkerøystinga om ein månad, vil det bety at britisk næringsliv får ein sterkt svekka konkurranseposisjon, skriv kronikkforfattaren. Foto: Will Oliver Afp

Debatt

Brexit-debatten kler av Norge og EØS

Den britiske EU-debatten har klar relevans for norsk EU-debatt. Nye britiske utgreiingar viser at alternativa til EØS og EU er luftslott. Samstundes avslører britane kor latterleg EØS-avtalen er.

ARTIKKELEN ER OVER TRE ÅR GAMMEL

HENRIK KVADSHEIM, leiar i Europabevegelsen i Rogaland

I 2012 la den norske regjeringa fram ei fyldig evaluering av EØS og øvrige avtaler Norge har med EU. Særleg den norske nei-sida ønska at alternativa til EØS også vart greia ut, men dette vart ikkje gjort.

Henrik Kvadsheim.

No har britane i ein viss grad gjort denne jobben for oss ved å utarbeide sin eigen regjeringsrapport om alternativa.

Mangel på innverknad

Den britiske regjeringsrapporten «Alternatives to membership» analyserer først og fremst dei handelspolitiske konsekvensane av ulike tilknytingsformer. Som i Norge er også næringslivet i Storbritannia avhengig av fri tilgang til den indre marknaden i EU, utan å bli møtt med handelsrestriksjonar.

Noreg si EØS-tilknyting er av spesiell interesse for britane. I rapporten blir det vist til at EØS-avtalen for Norge gir friksjonsfri tilgang til den indre marknaden for alle produkt og tenester, med unntak av landbruks- og fiskeprodukt.

Men EØS-avtalen inneber som kjent at EU-reglane må følgjast, utan at dei EØS-tilknytte landa har noko innverknad på utforminga av reglane. Dette blir spesielt vektlagt i rapporten. Mangelen på innverknad er eit så uakseptabelt alternativ for ei stormakt som Storbritannia at det for dei nærast kallar på latteren.

Les også: Borgerkrig på høyresiden

Fullt medlemskap ein fordel

Eit ankepunkt mot EØS-avtalen, som sjeldan blir nemnt i den norske debatten, gjeld eksportreglane. Det er eit vilkår for den frie tilgangen til EUs indre marknad at eksportprodukta til EU er fullt og heilt produserte innafor EØS-området.

For Storbritannia, der ein fjerdedel av eksporten deira til EU inneheld utanlandske komponentar, er dette særs problematisk.

For eit i langt større grad råvareeksporterande land som Norge er det ikkje like problematisk ved første augnekast. Men ved nærare ettertanke reiser det eit nøkkelproblem i omstillingsdiskusjonen som går føre seg i Noreg: Det frys fast Norge som eit råvareproduserande land.

I eit omstellingsperspektiv er det difor vanskeleg å kome bort frå at fullt EU-medlemsskap hadde vore ein fordel i forhold til dagens EØS-avtale. Det er fordi døra då vert opnare mot meir avansert ferdigvareproduksjon i staden for å binde oss opp som råvareeksportør.

Å bytte ut EU-medlemsskapet med EØS eller ein handelsavtale vil medføre at Storbritannia ikkje lenger får nyte godt av dei 53 handelsavtalane EU har inngått med ulike land og regioner i verda.

Til liks med Norge må Storbritannia då forhandle fram nye handelsavtaler med kvart land på eiga hand, og då utan å dra med seg den forhandlingsstyrken EU-landa nyter godt av i kraft av vere verdas største marknad. For eit lite land som Norge, med eit avgrensa og råvarebasert produktspekter, illustrerer boikotten frå Kina kva det inneber å vere ein liten og relativt ubetydelig part i handelspolitisk samanheng.

Les også: Boris' exit

Svekka konkurransesituasjon

Kva så med moglegheitene for eigne særforhandla handelsavtalar med EU for kvart land som ikkje er medlem, såkalla bilaterale handelsavtalar? Dei er særleg aktuelle for utanfor-land som Sveits, Noreg og -eventuelt- Storbritannia.

Sveits er landet det er nærliggjande å sjå på her, både fordi det er eit europeisk land og fordi dei har inngått eit system av bilaterale avtaler med EU.

Men rapporten viser til at Sveits sitt avtalesystem i praksis fungerer omtrent som EØS. Sveits må innføre det same regelverket som EU, men står som Norge utan moglegheiter for å påverke dette.

Rapporten slår fast at systemet er relativt byråkratisk, at Sveits er ganske avmektig og landet i praksis må innføre reglane EU bestemmer: Lite å trakte etter. Det er dessutan lite truleg at EU vil inngå noko tilsvarande system med andre land.

Eit anna land, Canada, har etter fleire års forhandlingar nyleg inngått ei handelsavtale med EU. Også her gjeld det at canadiske eksportører må tilpasse seg EU sine reglar for å få tilgang til marknaden. Og sidan EU er så mykje større enn Canada, er det EU som legg premissa også i dette forholdet. For britane er EU sin tenestemarknad av stor betyding. Produksjon av tenester utgjer heile 80 prosent av den britiske økonomien. Dette er bare i liten grad med i avtalen med Canada, og i følgje rapporten også utilstrekkeleg ivareteke i avtalene med Sveits.

Utan korkje EØS-avtale eller ein særforhandla bilateral avtale vil Storbritannia måtte falle ned på WTO-reglene som det regulative grunnlaget for samhandelen mellom EU og Storbritannia. Det er sjølve skrekkscenarioet, ifølgje rapporten. Dei konkurransemessige ulempene for britisk næringsliv i Europa ville då verte openberre.

Konklusjonen frå rapporten og den britiske debatten er altså at det i dag ikkje er noko truverdig alternativ til EU-medlemsskapet for Storbritannia. Same kva ein måtte ende opp med, vil det bety at britisk næringsliv får ein sterkt svekka konkurranseposisjon.

Rapporten er ikkje eit bestellingsverk, men eit forsøk frå byråkratiet på å skildre kva som vil skje. Storbritannia vil ikkje synke i havet ved ein brexit. Men økonomisk vil landet tape på det. Det kan det ikkje vere tvil om.

Avhengige av den indre marknaden

Rapporten viser i realiteten kor viktig det er å ha store globale aktørar som EU og USA i ryggen når det gjeld forhandlingar om internasjonal handel og tilgang til marknader.

Både Norge og Storbritannia er sterkt avhengige av tilgangen til EU sin indre marknad, men er åleine ikkje store nok til å påverke marknadsvilkåra. Då gjenstår to moglegheiter: tilpasse seg EU sine vilkår, eller å delta i EU og vere med og påverke vilkåra derfrå.

Sidan Norge er ein langt mindre og ubetydelig handelspartner enn Storbritannia, er det all grunn til å tru at Norge i alle fall ikkje ville ende opp med noko betre alternativ, dersom vi skulle seie opp EØS-avtalen.

Når nei-sida let som om det finst gode alternativ til EØS-avtalen, er det i beste fall uvitenheit.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder