SVARER VG: Asbjørn Stensrud. Foto: Privat.

Debatt

Er EU svaret på klimautfordringane?

Politisk kommentator i VG Hanne Skartveit skriv at EU har tatt ei leiande rolle i klimautfordringane og argumenterer for at Norge må inn i EU for å kunne ta del i ein meir aktiv klimapolitikk.

Asbjørn Stensrud, Jordskiftekandidat NMBU Sør-Fron/Lillehammer

EU har, ifølge Skartveit, store planer i klimapolitikken. Det skal utarbeidas ein grøn plan og EU skal vera klimanøytrale innan 2050. Håpet til Skartveit, er at partiet MDG nå vil søkje mot Ap og H for å sikre norsk EU-medlemsskap. Skartveit meiner at partia SV, Rødt og Sp er «reaksjonære og bakstreverske i sin tilnærming til Europa». Og ikkje nok med det; «Verst av alt er at deres EØS-motstand vil være svært skadelidende for norske arbeidsplasser og norsk økonomi». Det er flott at VG  har begynt å meine noko. Det ein såg gjennom valkampen av VG sine politiske kommentarar, var stort sett harselering med først og fremst Sp. Likevel meiner eg at Skartveit og VG bør ta seg bryet med å sjekke fakta og ha meir grunnlag for skrive det dei meiner, enn det som er gjort her!

les også

Tør MDG å si ja til EU?

For å ta miljø først. Med tal frå Global Carbon Project viser nettmagasinet Energi og klima at EU har hatt ei positiv utvikling, samanlikna med USA, Kina og India. Frå 2004 og fram til 2014 gjekk klimautsleppa i EU ned. Frå 2014 og fram til 2017 har dette stabilisert seg og ein har i staden sett ei svak auke i klimautslepp. Det er verdt å merke seg at også USA har hatt ein nokså lik nedgang i sine klimautslepp over same periode, sjølv om dei totalt sett har større utslepp.

Uansett må det vera lov å stille spørsmål ved EU si «leiande» rolle innan klima og miljøpolitikken og kva det er dei eigentleg har fått til så langt. Og ein enda større grunn er det til å stille spørsmål med kvifor dette er ein viktig og nesten avgjerande grunn for at Norge skal gå inn i EU. Det er ingen tvil om at internasjonalt samarbeid er  nødvendig for å løyse klimaproblema, men dette samarbeidet må gå utover Europa, og Norge kan delta i eit slikt samarbeid utan å vere EU-medlem.

les også

Grande finale?

Det eg likevel reagerer mest på i kommentaren frå Skartveit er at motstanden mot EØS skader norske arbeidsplasser og norsk økonomi. Er det noko som har vore skadelidande for norske arbeidsplasser, så er det EØS-avtala. Fri flyt av billig arbeidskraft frå spesielt Øst-Europa, har ført til at norske arbeidsplasser og ikkje minst ein rekkje handverksyrker er i ferd med å bli borte. Yrkesgrupper som malere, murere, slaktere og gardsavløysere er på tur til å døy ut fordi det ikkje er pengar og/eller status for nordmenn å ha slike yrker lengre.

Hadde Skartveit tatt seg bryet med spasere frå VG sine kontorlokal og til nærmaste byggeplass, ville ho sannsynleg sjå at kommunikasjon mellom handverkarar og byggeplassleiing går føre seg med hjelp av Google translate. Sosial dumping og utnytting av folk er også noko som følgjer i kjølvatnet av den frie arbeidsinnvandringa som EØS-avtala er eit resultat av. Norske seriøse entreprenører står ofte att som taparar i anbudskonkurranser som følgje av dette.

les også

Frykter brexit-kaos: Britene hamstrer for milliarder

Difor meiner eg at Skartveit tar feil når ho oppmodar MDG til å seie ja til EU og inngå samarbeid med Ap på grunnlag av dette. I staden bør Sp og MDG sette seg ned for å sjå på moglegheita til å dele tankar og idear innan arealbruk og miljøpolitikk. Kan ein få ei felles forståing for at ting må handterast ulikt innanfor Ring 3 og ute distrikta, utan at det behøver å gå på bekostning av ein god miljøpolitikk, kan det vera en god start. Slik kan Norge samlas om ein offensiv klimapolitikk bygd på løysingar med utgangspunkt i lokale forhold og som igjen kan ligge til grunn for internasjonalt samarbeid.

Mer om

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder