MØDRE DISKUTERER: Debatten om tredeling av foreldrepermisjon har rast de siste par ukene. Tusenvis av mødre har meldt seg inn i aksjonsgrupper mot den nye ordningen.

Debatt

Permisjonsdebatten: – La tredelinga bestå!

Ordskiftet i den siste tidas debatt om ei tredeling av foreldrepermisjonen har vore sterkt prega av personlege forteljingar frå mødrer som ikkje vil ut i jobb etter sju månaders permisjon.

ODA VEDØY, tobarnsmor og lektor.

I fylgje NRK er fleire parti som stemte for ordninga no skeptiske. Dersom fleire parti skal sjå på ordninga igjen er det viktig at ei ny vurdering blir basert på fakta og forsking framføre kjensler og enkelthistorier. 

les også

Tredeling av foreldrepermisjonen: – Mor som fødemaskin

Oda Vedøy.

Sentrale argument i saka mot tredeling er at barnets psykiske helse avheng av at det har èin primær omsorgsperson det fyrste leveåret og at barnets fysiske helse avheng av inntak av morsmjølk ved fullamming.

Det blir òg argumentert for at den enkelte familie burde fordele permisjonen sjølv, då far er i stand til å krevje den delen han ynskjer både ovanfor mor og arbeidsgjevar utan at han treng ein fedrekvote å vise til. Desse argumenta blir presentert med den største sjølvfølge, og sjeldan nyansert. Argumenta er derimot ikkje så ukontroversielle som det blir antyda.

les også

Permisjonsdebatten: – Er jeg en fødemaskin?

Fedrekvoten vart innført i 1993 med fire veker øyremerkt far. Den har sidan den tida auka jamt og trutt til 14 veker i 2013 før den vart redusert til ti veker i 2014. Tal frå SSB viser at fedrekvoten stadig blir meir populær, og av dei som vart fedrar i 2011/2012 tok 70% ut full fedrekvote eller meir. Trenden er at fleirtalet av fedrar tek ut det som til ein kvar tid er fedrekvoten. 

For å få eit større innblikk i korleis fedrekvoten verker kan me sjå til våre naboland. Av dei nordiske landa er det kun Danmark som ikkje har fedrekvote, og ikkje overraskande er Danmark òg det landet der fedrar tek ut minst foreldrepermisjon. Tala for uttak elles i dei nordiske landa reflekterer storleiken på fedrekvota.

les også

Permisjonsdebatten: – Jeg ønsker tredelingen hjertelig velkommen

Motstandarane av tredelinga argumenterer med at far er i stand til å krevje den delen han ynskjer ovanfor mor og arbeidsgjevar utan at han treng ein fedrekvote å vise til. Når ein ser på fars uttak av foreldrepermisjon Norden, er det vanskeleg å godta dette premisset. Me tek ikkje val i eit vakuum, og det ser ut til at me treng strukturelle endringar for at far skal ta foreldrepermisjon.

I innlegg der det argumenterast mot ei tredeling blir det ofte refererert til psykologar som beskriv eit tilknytingshierarki, som går ut på at born treng èin primær omsorgsperson det fyrste leveåret. Dette synet er ikkje eit heilt ukontroversielt. Blant psykologar er det ulike syn på kva som er best for dei minste barna. Eit syn er at barnet burde vere saman med èin primær omsorgsperson den fyrste tida. Eit anna er at det ovannemnde syn er feil då barnet fint evnar å ha fleire tilknytingspersonar på same tid, og at det heller er nyttig at barnet får bli kjend med begge foreldra. Her er det ingen fasit, og det er altså ikkje utenkjeleg at eit lite barn med to trygge og gode omsorgspersonar utan fare kan veksle mellom dei.

les også

Permisjonsdebatten: – La foreldrene få bestemme selv!

Amming blir ofte løfta opp som det viktigaste argumentet. Det er konsensus om at morsmjølk gjev den beste næringa til barnet frå fødsel av, men anbefalinga om fullamming til barnet er seks månader er ikkje ukontroversiell.

Forskarar ved Haukeland universitetssjukehus har i ein studie funne at barn som kun får morsmjølk kan få mangel på B12, eit vitamin som er viktig for at hjernen skal utvikle seg optimalt. Helsemyndighetene skriv òg i sine anbefalingar at det ikkje er funne nokon ulemper ved å starte med fast føde som tillegg til morsmjølk i alderen fire til seks månader.

Om barnet skal få introdusert fast føde frå fire månader kan altså foreldra avgjere, utan at dei skal vere redde for å risikere at barnet får dårlegare helse – kanskje tvert imot. Det finnast studiar som tyder på at introduksjon av fast føde i alderen fire til seks månadars kan redusere risikoen for utvikling av cøliaki, allergi og jernmangel. Dersom mor skal ut i arbeid etter sju månader er det gjerne lurt å byrje litt tidligare med å venne barnet til fast føde for å få ein best mogleg overgang. Dette kan ein gjere utan frykt for uhelse hjå barnet.

les også

Norsk foreldrepermisjon - et overgrep?

Sidan amming blir brukt som eit så sentralt argument for at mødrer bør vere heime lenger skulle ein tru at dei fleste born vert fullamma i seks månader. Slik er det langt i frå. I fylgje tal frå Helsedirektoratet (2013) var andelen born som vart fullamma 44% ved fire månaders alder, og kun 17% 5,5 månaders alder. Eit klart mindretal.

Så står ein att med argumentet om valfridom for den enkelte familie. Det er utfordrande å argumentera mot dette, for i ei ideell verd ynskjer ein at alle skal få ta eigne, frie val. Men kva er eit fritt val? Kva påverkar vala me tek? Og kva påverknad har våre val på andre?

Mødrer har tradisjonelt sett vore heime med born. Det store fleirtalet har vakse opp med mor som primær omsorgsperson og møtt kvinnelege omsorgspersonar i barnehage, skule og andre omsorgsyrker. Det er vanskeleg å tenke seg at dette ikkje har nokon påverknad på korleis me ser på foreldrerolla.

les også

Permisjonsdebatten: – Et virkemiddel for likestilling

Kvifor er det så viktig å få far til å vere heime med barnet? Likestilling i heim og arbeidsliv er eit argument, men fleire studiar syner òg ein samanheng mellom barnets psykiske helse og farsrelasjonen. Desse skildrar òg viktigheita av å etablere denne relasjonen tidleg i livet.

Me lev ikkje i eit vakuum, og mykje tyder på at me treng insentiv for å endre haldningar og oppførsel. Ingen kan eller skal tvinge far inn i heimen eller mor ut av den. Politikarane kan derimot gje insentiv for å drive utviklinga i ei ynskja retning. Alt tyder på at det store fleirtalet av born og familiar vil profittere på ei større involvering av far heilt frå starten av livet, og at tredelinga er nødvendig for å få til dette. Kjære politikarar, la tredelinga bestå!

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder