KLIMAMINISTER: – Når vi trekk grensa sørover, blir området der det ikkje skal bli oljeverksemd utvida med over 50.000 kvadratkilometer, skriv Sveinung Rotevatn. Foto: Terje Pedersen

Debatt

Difor flyttar vi grensa for iskantsona sørover

Regjeringa set omsyn til natur og dyreliv først.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

SVEINUNG ROTEVATN, klima- og miljøminister (V)

No tek regjeringa større omsyn til natur og dyreliv, og vi trekk grensa for iskantsona lengre sør. Slik set vi grensa for kvar det kan setjast i gang petroleumsverksemd.

Der Golfstraumen møter isen og det kalde vatnet frå Polhavet er det spesielle forhold som gjer særskilt gode forhold for liv på, i og under isen. Den norske delen av Barentshavet er truleg det høgarktiske havområdet som har det rikaste dyrelivet og  det største biologiske mangfaldet.

Iskantsona er beltet med drivis i overgangen mellom havisen og åpent hav. Her er tilhøva for biologisk produksjon og dyreliv særlig gode, og mange sårbare artar nyttar ulike delar av dette området gjennom heile året.

Noreg har eit særskilt ansvar for miljøet og dyrelivet i Arktis. På isen i Barentshavet vandrar isbjørnen på jakt etter sel. Mellom isflaka lengst i nord symjer grønlandskval og narkval. Havet er heimen til sjeldne plankton og unike algar. Under isen finn vi fisk som ikkje er å finne andre stader enn i Arktis. Over havet og isen flyg mengder av sjøfugl i hekketida. 

Samstundes er det her vi først ser dei største konsekvensane av klimaendringane. Økosystemet i nord er i stor endring, og det skjer raskt. 

Då blir eit allereie sårbart naturområde endå meir sårbart. Det blir endå meir viktig å ta godt vare på naturen i Barentshavet.

Difor flyttar regjeringa no grensa for petroleumsverksemd ved iskantsona sørover.

Sjølve iskantsona er heile tida i bevegelse. Om våren ligg isen gjerne heilt ned til Bjørnøya, og tidlig hausten ligg iskantsona ofte nord for Svalbard. Grensa er difor sett slik at ho famner det aller meste av dei havområda iskantsone beveger seg innanfor. For å få det til, må grensa setjast på grunnlag av statistikk over isutbreiing gjennom fleire år.

Den nye grensa er sett som området der det statistisk sett er havis 15 prosent av dagane i april, basert på satelittobservasjonar frå dei siste 30 åra (1988-2017). Dette kallar vi 15 prosent isfrekvens.

Grensa er ei linje som strekk seg frå grenselinja mot Russland i aust, forbi Bjørnøya og vidare opp langs vestkysten av Svalbard. Nord for denne linja blir det ikkje opna for oljeaktivitet. 

Når vi trekk grensa sørover, blir området der det ikkje skal bli oljeverksemd utvida med over 50.000 kvadratkilometer.

Dette gjer vi nettopp fordi naturen i isen er så unik og sårbar. Aktivitet i dette området kjem med ein særleg stor risiko. Eit oljesøl i dette området kunne fått alvorlege konsekvensar for dyr- og planteliv.

Forvaltningsplanen står i ein god norsk føre-var-tradisjon. Vi set difor òg miljøkrav sør for grensa mot iskantsona. I tillegg til grensa på kartet er det eit forbod mot leiteboring nærare enn 50 kilometer frå havisen, dersom isen ligg lengre sør enn grensa på kartet. 

Diverre finst det fleire og større truslar mot livet i Arktis.

Menneskeskapte klimaendringar fører til auka temperatur i havet. Fiskestammar flyttar seg. Isen blir meir ustabil. Isbjørnen finn ikkje mat. Heile økosystem endrar seg på måtar vi ikkje har kontroll over.

Klimaendringane er den største trusselen.

Vi skal få ned klimagassutsleppa og stanse klimaendringane. Viss ikkje vi bremsar auken i temperatur, vil isen fortsetje å smelte og både artar og heile økosystem kan forsvinne frå stadig større område.

Regjeringa har denne våren auka dei norske ambisjonane for klimaet. Vi har sendt inn eit forsterka mål til FN om at vi vil halvere utsleppa dei neste ti åra.

No får naturen eit sterkare vern i nord. Det viktigaste framover er å sørge for at klimagassutsleppa fortset å gå ned og at vi klarar å stanse klimaendringane.

Les også

  1. Rykk tilbake til start

    Noe er heldigvis som normalt her til lands. Det er igjen lederdebatt i Venstre.

Mer om

  1. Iskanten
  2. Olje og gass
  3. Arktis
  4. Barentshavet
  5. Solberg-regjeringen

Flere artikler

  1. Rotevatns iskant får gehør i oljenæringen

  2. «Kvifor er du med i Venstre, eigentleg?»

  3. Ja til kriselov, men bruk mer tid

  4. Ap godtar regjeringens iskant

  5. Ro rundt iskanten

Fra andre aviser

  1. Slik vil Erna Solberg flytte iskanten

    Bergens Tidende
  2. Aftenposten mener: Det er riktig å ta et skritt sørover

    Aftenposten
  3. Regjeringen vil flytte iskanten sørover

    Bergens Tidende
  4. Iskanten: Ap bør bidra til vern i sårbare havområder

    Fædrelandsvennen
  5. Iskantforslaget er katastrofalt

    Aftenposten
  6. Regjeringen vil flytte iskantgrensen: – Dette er et elendig forslag

    Bergens Tidende

VG Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med kickback.no