FARTSGLAD: – Eg skal ikkje garantere at eg sjølv held meg unna fartsbøter resten av livet, men eg veit garantert at innsatsen til UP bidreg til at eg er ein tryggare bilførar enn eg hadde vore utan dei, skriver Jenny Klinge (Sp). Foto: Thor Nielsen

Debatt

Ein fartssyndars hyllest til UP

Eg innrømmer det glatt. Eg liker fart. Problemet er at høg fart i trafikken kan ta liv. Den vissheita burde jo vera nok til å få meg til å halde fartsgrensa. Likevel er det trusselen om å bli tatt i fartskontroll som best hindrar meg i å køyre for fort.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

JENNY KLINGE, Justispolitisk talsperson, Senterpartiet

Slik er det truleg med dei fleste av oss. Derfor er det på sin plass med ein hyllest til utrykkingspolitiet, UP, som er det mest effektive middelet vi har mot skadeleg høg fart i trafikken. UP reddar rett og slett liv.

Sjølv om eg liker fart, er eg altså ikkje interessert i at det skal bli færre fartskontrollar på norske vegar. Eg forstår nemleg den store verdien av desse. Derfor vart eg bekymra då det i fjor haust vart meldt i Politiforum at Jøran Kallmyr, inntil nyleg justisminister frå FrP, hadde ønskt å få utgreidd ei omorganisering av politiets trafikksikkerheitsarbeid, også UP.

les også

Varsler nye politi-kutt

UP-sjefen og UP-tilsette uttrykte uro for at dette skulle føre til at UP som særorgan i politiet vart nedlagt og at ressursane kom til å bli spreidde på politidistrikta. Seinare kom det ein kontrabeskjed frå Kallmyr, men uroa er der enno. Eg trur regjeringa har noko på gang. Regjeringa liker jo veldig godt å omorganisere, heilt uavhengig av kva risikoen ved omorganiseringa kan vera.

Kva er fordelane ved å ha UP? Vi kan begynne med talet på trafikkdrepne i Noreg i forhold til i andre europeiske land. Det er om lag 20 dødsfall i trafikken årleg for kvar million innbyggjar her til lands. Det er 20 for mange. Men elles i Europa døyr heile 49 menneske i snitt for kvar million innbyggjar årleg. Vi kan ikkje forklare denne skilnaden berre med ein annleis kultur og ein annan vegstandard – til det siste kunne det like gjerne slått verre ut for Noreg sin del. For ikkje å tala om vêr- og føreforholda våre. 

les også

Vegvesenet kontrollerte lastebiler: Halvparten hadde feil

Dei låge dødstala i Noreg er eit resultat av målretta innsats for trafikksikkerheit, der UP er spydspissen med dei 143 patruljane som er spreidde over heile landet. Til UP ligg òg automatisk trafikkontroll (ATK), der ATK-sentralen i Hustadvika effektivt tolkar bilete av fartssyndarane frå fotoboksane og krev inn førelegga. Lensmannskontora gjer òg ein fin innsats når dei set opp fartskontrollar, men det store trykket og systematikken er det UP som står for. 

Det er ikkje berre ulovleg høg fart som tek liv. Ruspåverka bilførarar er også livsfarlege. Patruljane til UP held derfor ikkje berre fartskontrollar. Dei held politikontrollar der nettopp slikt som ruskøyring og anna kriminalitet blir fanga opp. Halvparten av dei som blir tekne for køyring i ruspåverka tilstand blir tekne av UP. Desse blir i all hovudsak tekne i tilfeldige eller målretta UP-kontrollar. Den resterande halvparten blir tekne av politidistrikta, og dei blir stort sett tekne når det allereie har skjedd ei ulukke eller etter tips frå publikum.

les også

Fra straff til hjelp – hvordan lykkes i praksis?

Kvifor skulle regjeringa ønskje å fjerne UP? Det er ikkje usannsynleg at både regjeringa og Politidirektoratet ser for seg at dei 143 UP-patruljane er lågthengjande frukter som kan plukkast for å fordele utover politidistrikta. Dette ville betre statistikken over andelen med operativt politi i politidistrikta. Det finst òg politimeistrar som har tatt til orde for at UP-patruljane skal inngå i vakt- og patruljeberedskapen deira.

Dette er ein usedvanleg dårleg idé. UP utgjer no 143 patruljar med 286 politifolk. Dei har våpenløyve, køyrer rundt med våpen i bilen og er klare til å bistå politidistrikta i situasjonar der dei krev ekstra mannskap raskt, slik vi såg etter 22. juli-terroren. UP-mannskapa kunne nyttast der dei trongst. UP er såleis ein fleksibel beredskapsressurs i tillegg til at dei er eit svært effektivt middel mot at folk døyr i trafikken. 

I UP har ikkje sjiktet med leiarar og administrasjon est ut slik det har gjort mange stader elles i politiet. I tillegg til øvste leiar har dei berre fem regionsjefar. Lite av midlane går med til anna enn hovudføremålet: trafikksikkerheit. Dei tek for øvrig inn over det dobbelte i førelegg som det dei kostar å drive. For ikkje å snakke om den samfunnsøkonomiske biten, der eitt tapt liv i trafikken er rekna å ha ein samfunnskostnad på 40 millionar kroner.

les også

UP stoppet sjåfør som kjørte 85 kilometer i timen over fartsgrensen

Eg fryktar at dei 143 UP-patruljane kan bli omdisponerte til den type patruljar som politimeistrane har, dette for å dekke opp for regjeringas manglande vilje til finansiere politidistrikta. På grunn av arbeidstidskrav krevst det 18 politifolk per patrulje for ei døgnkontinuerleg teneste. Vi ville i så fall gå frå å ha 143 effektive og fleksible UP-patruljar til 16 patruljar på heilskifts turnus totalt. Det ville bety ein patrulje ekstra til åtte politidistrikt og to ekstra til fire distrikt. Er denne gevinsten stor nok til å ofre UP? Sverige hadde også låge dødstal i trafikken fram til Svenske trafikkpolisen vart omorganisert i 2017. I 2018 hadde dødstala stige med 29 prosent. 

Eg skal ikkje garantere at eg sjølv held meg unna fartsbøter resten av livet, men eg veit garantert at innsatsen til UP bidreg til at eg er ein tryggare bilførar enn eg hadde vore utan dei. Dei fleste som er ærlege mot seg sjølve veit kva slags effekt det har at politiet når som helst kan stå langs vegen med laseren sin. Vi kan alle koste på oss å sende ein varm takk til dei som bidreg til at vi ferdast tryggare i trafikken. Og vi kan gjerne sende ei høglydt bøn til regjeringa om at UP ikkje er det neste raseringsobjektet deira.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder