KVIFOR, VG?– Kjendisen Trude Mostue likar ikkje nynorsk. Men kvifor gjer VG seg til mikrofonstativ for Mostue, og med ei slik vinkling? Kva nytt er det kjendisdyrlegen byr på, spør kronikkforfattaren. Foto: Janne Møller-hansen VG

Debatt

Nynorsken tvinga Mostue til utlandet

Kva slags kraft er det som ligg i nynorsken, og som gjer at mange ynskjer han dit peparen gror?

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

Artikkelen er over tre år gammel

KNUT AASTAD BRÅTEN, redaktør i Syn og Segn

Kjendisen Trude Mostue likar ikkje nynorsk. Det kan vi lese på Mostue sin eigen Facebook-profil, og no også på vg.no. Kjendisveterinæren smiler rett nok på oppslagsbildet, men inni henne brenn det: Kjendisen er opprørt over nynorsken, som ho aldri vart dus med, og som var med på å legge hindringar i vegen for henne på skulevegen.

Knut Aastad Bråten. Foto: Syn og Segn

Ifylgje VG gjekk ho ut av gymnaset med dårleg karakter i nynorskfaget, noko som var medverkande til at ho ikkje kom inn på veterinærskulen i Noreg. I staden drog ho til utanlandet.

Slike traume set spor i unge studentsinn, og grillar i hovudet: Fleire år seinare og tilbake i gamlelandet har ho bestemt seg for å ta hemn over faget, og mane det dit det høyrer heime. Til helvete.

Gørr og grums

Nynorsken er eit smalt og lite språk. Paradoksalt nok er det få andre fag som vekker til live meir gørr og grums enn nynorsken. Ein vi likar å hate, altså.

Kvifor er det slik? Forklaringane er mange, historiske og ikkje alltid samanfallande. Det dreier seg om motsetningar mellom bygdekultur og urbankultur. Om bokmålsbrukarar på Austlandet og nynorskbrukarar på Vestlandet. Om finkultur og lågkultur. Om motmakt og sentralmakt. Om kjennskap og ikkje kjennskap til språkhistoria, og om kven som til kvar tid skal ha definisjonsmakta.

Dessutan er talet på nynorskbrukarar lågt. Kvifor bruke mine og dine pengar på noko som berre få av oss er interesserte i? Kva nytte har storsamfunnet av det? Berre 15 prosent av oss skriv nynorsk til dagleg, medan 85 prosent skriv bokmål. Det prosentvise talet på nynorskbrukarar er lågt, men held seg jamt. Samstundes er fråfallet av nynorskbrukarar i skulen stort. Kvifor ikkje ta livet av språket fyrst som sist?

Mostue er kjendis, og ho har meiningar. Og difor kastar avisene seg over henne. For så lenge kjendisane har noko på hjartet, er det jo også noko å skrive om. Er det ikkje?

Men kvifor gjer VG seg til mikrofonstativ for Mostue, og med ei slik vinkling? Kva nytt er det kjendisdyrlegen byr på?

Denne klaga har vi då høyrt før, frå andre ressurssterke menneske? Kvifor utfordrar ikkje VG Mostue endå meir, eller sin eigen journalistikk? Om vi leikar oss med orda, snur og vender om på den føreseielege nynorskklaga og gjer det heile om til ei språkleg flodbølgje, kva får vi då? «Nynorsken tvinga Mostue til Storbritannia». Den likar eg! Dessutan: For ei framoverlent og eksplosiv kraft det ville skape – for nynorsken.

Eller kva med denne: «Nynorsken engasjerer kjendiseliten». Kven vil sjå nynorsken som ressurssvak og offer med slike titlar? Ivar Aasens gamle skriftspråk kjeppjagar kjendisane ut av landet. Oh yeah!

Få flere kommentarer og kronikker: Følg VG Meninger på Facebook!

Vi har våre fiendar

Mostue og nynorsken var aldri dus. Slik er det jo med oss alle – vi har våre fiendar. Det vi likar og ikkje likar. Slikt elskar vi å lese om. Sjølv skulle eg gjerne bytt plantelæra og mattetimane i grunnskulen med filosofi og besøk på gamleheimen, individuelle songtimar eller skogsarbeid.

Skulen var ikkje alltid like cool. Mange var dumme, og mange av faga interesserte meg ikkje. Var det tak i meg, skulle eg sjølvsagt reist min veg, vekk frå skulefaga eg ikkje likte, og gjerne til utlandet der eg sjølv kunne styre danningsskuta.

Slik vart det ikkje. I staden måtte eg bite i meg skulekvardagen, eg som dei andre. For bak den stusslege skulekvardagen låg det ein plan, ein grunnmur av varierte fag, av haldningar og verdiar, og idear der målet var å bygge og danne meg som heilt og fullt menneske, gje oss felles referansar, ei felles forståing. Den 14 år gamle og lite ansvarsfulle barnehjernen min forstod ikkje den gongen rekkevidda av eigne prioriteringar og ønske, eller for den saks skuld meininga med livet. Eg trur eg forstår det i dag.

Eg vart aldri god i matte, men ser fordelane med å kunne legge saman tala når eg jobbar med budsjett. Eg fekk aldri bruk for biologi i arbeidskvardagen min, men trur eg fylgjer betre med når dyrlegen snakkar om antibiotikabruk i landbruket på Dagsrevyen – fordi eg har hatt biologi på vidaregåande.

Eg vart heller aldri god i ballspel eller å springe, men trur gymtimane trass alt var med på å auke medvitet om eigen kropp og god helse - kunnskap som eg set pris på i dag.

Men det var skulen og visjonane. Kritikken av nynorsken i norske aviser harmonerer ikkje alltid med storleiken på skulefaget og språket i seg sjølv, og som du, lesar, stort sett slepp å forhalde deg til, om det er i denne avisa eller i dei fleste andre meiningsberande avisene. Mismatchen kan synast stor. Men når proporsjonane likevel er i utakt – kvifor les vi ikkje om kjendishatet overfor dei andre faga i skulen? «Oppgjer med engelsktimane. – Øydela det mest, seier deprimert Petter Northug til Adressa.» Eller kva med denne: «Aylar tek bladet frå munnen. – Eg fekk aldri bruk for heimkunnskapstimane. Maten et eg jo på restaurant.»

Les også: Sanna Sarromaa – Nynorsken: Norges helligste ku

Ei anna vinkling?

Kjeldetilfanget finst alle stader. Og det finst på Facebook, ikkje minst på profilane til kjente menneske. Men er det uttrykk for god journalistikk? Og har alt kjendisane serverer, offentlegheitas interesse? Som redaktør er eg var for den einsidige kampanjejournalistikken som slår beina under dei andre historiene, dei andre forteljingane.

Så i staden for å gje mikrofon til endå ein irritert nynorsk-uven i den norske Facebook-eliten – kva med å sjå Mostue-utspelet som kjelde til noko anna, til ei anna vinkling?

Kva er det med nynorsken som funkar? Kva er det som gjer at norske kvinner forelskar seg i nynorsk lyrikk? Kva er det som gjer at den norske befolkninga elskar suksessbøkane om Elena Ferrante – på nynorsk? Og kva har nynorskbrukarane forstått, som 85 prosent av dei andre skrivande i landet ikkje har skjønt?

Eg trur det blir lenge til vi får innsikt i desse spørsmåla. Iallfall i dei meiningsberande avisene. Så i mellomtida lener eg meg tilbake i gyngestolen og ventar på neste ekspertuttale frå det norske kjendiskommentariatet.

Les også

  1. Trude Mostue raser på Facebook: – Helvetes nynorsk

    Kjendis-veterinær Trude Mostue kom ikke inn på veterinærhøyskolen fordi hun fikk for dårlige nynorskresultater.
  2. Nynorsk og onde tunger

    Nynorsk har sin opprinnelse som del av et nasjonalt konstruksjonsprosjekt på 1800-tallet, hvor Norge føyer seg inn i et…
  3. Betrevitaren Sarromaa forstår for lite

    Det er utruleg kva Sanna Sarromaa veit. Det er endå meir utruleg kva ho ikkje forstår.
  4. SANNA SARROMAA: Nynorsken: Norges helligste ku

    Det finnes to fullstendig gjensidig forståelige målformer i Norge. De er så like at man ikke engang kan kalle dem for…
  5. Ingvild Bryn ny språksjef i NRK

    Dagsrevyen-anker Ingvild Bryn (55) overtar stafettpinnen som NRKs språksjef mens Ragnhild Bjørge er ute i…
  6. Fjell, fjord og målstrid

    Vestlandsfylkene vil gå sammen, og nynorskfolket raser. Norge er og blir Norge.

Mer om

  1. Språk
  2. Nynorsk

Flere artikler

  1. Utakt og tone i nynorskens skog

  2. Nynorsk er norsk, og det lever i beste velgåande

  3. Hjartesukk frå ei frustrert bondekjerring

  4. Spionsjef er årets nynorskbrukar

  5. «Det er no ein gong slik at ein ikkje kan bestemme kven andre skal elske»

Fra andre aviser

  1. Når kvardag vert hverdag

    Fædrelandsvennen
  2. Googles nye skule-pc skapar nynorsktrøbbel: – Eg ser jo at resultata er gått ned

    Aftenposten
  3. Den digitale skulen diskriminerer nynorskelevane

    Aftenposten
  4. Frå misforstått nøytralitet til heiagjeng

    Fædrelandsvennen
  5. Eg er ung nynorskjournalist i 2019. Er eg utryddingstrua?

    Aftenposten
  6. Nynorskfaget må ut

    Aftenposten

VG Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med kickback.no