REAGERER: – Det er spesielt når leiaren av næringskomiteen snakkar ned internasjonal anerkjenning av norsk næringsliv, skriver Liv Kari Eskeland.

Debatt

Senterpartiet må skru opp ribbegleda

Senterpartiet vil byte kjøtskam med ribbeglede, men gleda forsvinn visstnok når svinekjøt blir servert i mindre porsjonar på norske Michelin-restauranter laga av dei beste kokkane i verda, med utsøkte norske råvarer.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

Liv Kari Eskeland, Leiar av Høgres distriktsutval og Stortingsrepresentant fra Hordaland

NTB-varselet tikka inn på mobilen i romjula, Vedum vil erstatte «kjøtskam» med «ribbeglede». Som vestlending er det pinnekjøt-glede heime hjå oss, men eg er heilt samd i at vi ikkje skal føle på kjøtskam.

Vi ikkje skal skamme oss over tradisjonane våre og den norske matproduksjonen, heller ikkje når norske kokkar og restaurantar haustar internasjonale prisar.

Sp-Pollestad i Facebook-storm etter Michelin-utblåsing - Godt.no

Når Bryne-guten Braut Haaland scorar mål for Borrusia Dortmundt eller Ødegaard briljerer på midtbanen for Real Sociedad jublar vi. Då er det heller ikkje mangel på NTB-varslar eller generell entusiasme for nordmenn som presterer på den internasjonale arena. Ikkje noko er vel meir norsk enn å heie på nordmenn som gjer det bra i utlandet.

Sjølv kjenner eg på stoltheit når Noreg sankar Michelin-stjerner også, men kanskje blir entusiasmen endå større når dei vinn fordi dei vidareutviklar og forvaltar norske mattradisjonar og løftar fram den norske bonden, fiskaren og norsk produsert mat.

Pollestad har fått heftig motbør for innlegget sitt, der han raljerer med dei som har henta heim Michelin-stjerner, men han skyt frå seg og seier at hylekoret føler seg krenka. Det var vel strengt talt Pollestad sjølv som valde å føle seg forulempa over NTB-varsla på mobilen. Og medan andre feira, fann han det for godt å lire av seg elitekritikk. Det er spesielt når leiaren av næringskomiteen snakkar ned internasjonal anerkjenning av norsk næringsliv.

les også

Podkast: Bollestad mot Pollestad

Som representant valt inn til stortinget for Hordaland, var det ekstra stor grunn til å feire i går. Bergen fekk den første stjerna si på restauranten Bare, ein restaurant som forvaltar nordiske tradisjonar med dei beste råvarene frå småskala produsentar.

Ein raskt kikk på menyen, viser at dei serverer kråkebolle frå Øygarden, ku frå Larsastova og sjøkreps frå Bøvågen. Gode lokale råvarer, og Bare er ikkje åleine om å nytte lokalprodusert mat blant gårsdagens vinnarar.  

Norsk mat og matkultur er i verdstoppen, og Michelin-restaurantane er eit viktig bidrag for å få opp bevisstheita og utvikle norsk mattradisjon på ein ny måte for eit internasjonalt og norsk yngre publikum.

Tradisjonar og kulturar døyr om dei ikkje fornyar seg eller utviklar seg. Heldigvis er ikkje det tilfelle for norsk mat. Eg gleder meg til framhaldet av det nye eventyret: Norsk mattradisjon.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder