TA ANSVAR: - Statsministeren må sjølv ta ansvar, skriver kronikkforfatteren om Erna Solbergs oppfordring til nordmenn om å få flere barn. Foto: Tore Kristiansen, VG

Debatt

Hugseliste til regjeringa

Statsministeren oppmoda folk om å få fleire barn. Her er ei hugseliste med tips og triks til regjeringa for å kome betre i gong med arbeidet.

TRINE ØSTERENG, blogger for maddam.no og politisk rådgiver i SV

Statsministeren oppmoda for ei stund tilbake folk om å få fleire barn. Samtidig er mange uroa over utviklinga med nedgang i liggetid og auke i omfang av fødselsdepresjonar. Om statsministeren kjem denne uroa i møte med å ta ansvar sjølv gjennom nokre gode politiske grep, trur eg det kan hjelpe ho med å bidra til at det blir født fleire barn her i landet.

Trine Østereng

Difor har eg laga ei lita hugseliste med tips og triks til regjeringa for å kome betre i gong med arbeidet med å få fleire barnefødslar her i landet. Her er lista:

  • Fødselstips nummer 1: Ikkje sett livsviktig barseltilbod ut på anbod

Tenk på alle dei som bur i Nord-Noreg og no har hatt ein periode med mange ambulansefly på bakken, som følgje av ein kaotisk anbodsprosess. Ikkje berre har det mangla fly i lufta, men flya som har blitt sett inn i reserve har mangla kritisk utstyr for å ta vare på alvorleg sjuke eller for tidleg fødte barn. For familiar som er avhengige av desse flya fristar det kanskje ikkje spesielt mykje med ein fødsel akkurat no.

les også

Erna ber nordmenn få flere barn

Sjølv trur eg nok at eg ville ha venta med familieauka til eg visste at det var pilotar, mekanikarar og fly trygt på plass. Anbodsopplegg, der ein planlegg innsparingar ut i frå at dei tilsette må gå ned i lønn ved kvart einaste anbod kvart sjette år, høyrer ikkje heime i grunnleggande helsetenester som dette. Det er i alle fall ikkje noka god oppskrift på fleire fødslar i nord.

  • Fødselstips nummer 2: La fellesskapet, ikkje mor, ta rekninga når mor blir skada i fødsel

Det er alltid risikabelt å føde. Sjølv om det med dei aller fleste går veldig bra, risikerer ein alltid noko ved å velje å føre fram eit barn. I dag er regelverket sånn at dersom ein kan dokumentere at skaden kjem som følge av svikt i behandlinga, kan ein få erstatning. Kjem skaden som følge av «kjent risiko» ved fødsel og ikkje manglar ved behandlinga i seg sjølv, kan ein ikkje få erstatning. Det betyr at kvinner ikkje berre risikerer helsa si ved å føde, men også framtidig inntekt.

les også

Fødselsskadene ingen snakker om

Pluss content

Helseminister Bent Høie ser ingen grunn til å endre på systemet:

«Jeg mener at retten til å få erstatning skal være lik for alle pasientgrupper og at vi bør holde fast ved at pasientskadeordningen skal gi erstatning for skader som skyldes helsehjelpen pasienten får.»

Han meiner altså at det fortsatt er rett at kvinner ikkje berre risikerer helsa si, men også at dei kan risikere å stå i ein værs vanskeleg økonomisk situasjon dersom det skulle gå galt, med svakare rettar enn andre som får skader etter opphald på sjukehus.

Dagens praksis, som statsråden omtaler som «lik for alle pasientgrupper», råkar kjønna skeivt, naturleg nok. Denne «risikoen som må aksepteres» for å bære fram barn, til glede for både kvinner og menn, tas systematisk av dei fødande kvinnene. Her burde det altså vere enkelt for helseministeren og statsministeren å rydde opp og få på plass ein ny regel – kvinner burde få rett til å få erstatning dersom dei får alvorlege skadar som følge av fødselen, på line med andre alvorlege skadar som skjer på sjukehus.

  • Fødselstips nummer 3: Øyremerk det det kostar å ha ein forsvarleg barselomsorg

Då Bent Høie blei helseminister, sa han at han ville at eventuelle demonstrasjonstog rundt dårleg helsetilbod i helse-Noreg skulle rettast mot han. Fint det, men i praksis peikar han i denne debatten likevel systematisk på andre enn seg sjølv, ved å vise til at dette er ansvaret til helseføretaka og kommunane.

les også

Går hardt ut mot fødselstilbudet: – Finnes ingen bevis på at sentraliseringen har gjort fødsler tryggere

I debatten om fødselsomsorg peikar for eksempel helseministeren på at Dei nasjonale retningslinene for barselomsorgen er gode, og at desse skal følgast av helseforetaka og kommunane. Det er vel og bra. Spørsmålet er om regjeringa gjer noko når dei ser at sjukehusa og kommunane ikkje har rammer til å følge opp desse retningslinene. To eksempel: liggetid og jordmormangel.

Dei siste ti åra har gjennomsnittleg liggetid på sjukehusa gått ned frå 3,2 døgn til 2,7 døgn. På høyringa i Stortinget om barselomsorg var deltakarane tydelege på at bakgrunnen for dette var økonomiske innsparingskrav. Regjeringa burde difor kunne garantere at dei framover gir nok pengar for å sikre at liggetida ikkje går vidare ned på grunn av innsparing. Øyremerking kan bidra til det.

les også

– Ingen barselkvinner skal reise tidlig hjem mot sin vilje

Det er også mangel på jordmødre. I kommune-Noreg manglar det 600-700 jordmødre for å oppfylle dagens retningsliner. I regjeringas opplegg for neste års kommuneøkonomi er det ikkje er midlar til å rette opp i dette. Det er openbart at dersom kommunane skal ta ansvaret dei har fått for god barselomsorg, må dei også få pengar til å gjennomføre det i praksis. Og framover planlegg ein at kommunane skal ha enno meir ansvar, utan at det er sikkert at dei får nok pengar til å løyse oppgåvene på godt vis. Kven kan ta ansvar for å fikse det? Det er naturleg nok regjeringa, som sit på den store pengesekken og kan rette opp i uretten.

  • Fødselstips nummer 4: Slutt å gi kvinner dårleg samvit for å fortelje om uro eller dårlege fødselsopplevingar

Barselomsorg engasjerer. Det er ikkje rart. Difor kjem også sterke historier fram når me diskuterer tilbodet. Det kan naturleg nok verke skremmande for resten. Og det kan og gi eit skeivt bilete. Me kan likevel ikkje skyve debatten under teppet.

Det er nettopp det regjeringa gjer når debatten kjem, og dei kritiserer kritikarane for å skape bekymring. Bent Høie har ved fleire høve kritisert faginstansar som Jordmorforeningen for å «skape bekymring» når dei kjem med si faglege uro for utviklinga . Og Sylvi Listhaug sa noko liknande i stortingsdebatten om barsel i vår.

Eg er heilt usamd i den vurderinga. Eg meiner det er nødvendig at kvinner, fagfolk og pårørande fortel historiene sine og om uroa si. Korleis skal me elles kunne forbetre det som ikkje er bra nok? Det ville vere til alle gravide kvinners fordel om baksida ved barselomsorga kom opp i lyset og blei rydda opp i, sjølv om fleirtalet heldigvis sit igjen med positive erfaringar.

Dette var altså fire punkt for ein betre barselomsorg. Eg trur desse forslaga kunne gitt oss fleire eineståande og nye liv, med lukkelegare foreldre til å passe på dei små. Så kom igjen, Erna Solberg og Bent Høie! Gi oss eit betre system som gjer det enno finare og tryggare å setje fleire barn til verda!

Dette innlegget ble først på maddam.no

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder