LEI DORULLDUGNADER: Facebook-feeden renner over av stressa foreldre som pusher havrekjeks for harde livet, skriver Hjørnevik.

LEI DORULLDUGNADER: Facebook-feeden renner over av stressa foreldre som pusher havrekjeks for harde livet, skriver Hjørnevik. Foto: Privat / Marie Sjøvoll

Debatt

Trebarnsfar er lei dorull-salg: Kjære dugnad, kva skjedde?

Korleis i all verda greide me å ta det finaste ordet i ordboka og fylle det med ein kaskade av kjeks, saft, dopapir og tennbriketter, for så å pressa det ut som smådesperate networking-konkurransar på sosiale medier..?

ASBJØRN HJØRNEVIK, trebarnsfar og inspektør ved Rosseland skule.

For selge det gjer me, Facebook-feeden renner over av stressa foreldre som pusher havrekjeks for harde livet. Neste gong er det sikkert min tur, så me kjøper så strategisk me kan, «ja takk, eg tar to».

Kor tid slutta eigentleg snømåking, kakebaking og maling å vera godt nok..? 

Eg meiner, finst det eigentleg noko meir inkluderande enn varme handtrykk, gule refleksvestar og ein termos med kaffi? Takke seg til fem timar på dugnad ein laurdag, framfor ein diger pose med bambussokkar og ein giro som har forfall på mandag.

les også

Mamma: - Den beste matpakka er den som blir spist opp

Korleis vart «yt etter evne - få etter behov» bytta ut med ein forhåndsbetalt giro..? Tusenvis av kroner for dopapir som skal selgast om kapp med heile nabolaget. Bestemor og bestefar har allereie nok dopapir i kjellaren for resten av livet – og litt til. 

Korleis vart eigentleg inkludering til ekskludering? 

DORULLDUGNAD: Doruller, tørkeruller, sokker og havrekjeks er noe av det man selger på «dugnad». Foto: Krister Sørbø

les også

Ja til posesuppe!

Dugnad er aktiviteten alle kan vera med på, uansett. Som innflyttar er dugnaden mange gonger nøkkelen inn i lokalsamfunnet, her treff ein folk, får ei rolle, finn sin plass. Dugnad er arenaen der lønn og sosial status for ein gong skuld ikkje betyr noko. Korleis i all verda presterer me å gjera dette til noko anna, kor trødde me feil?

Korleis skal me forklare småbarnsmora frå ein annan del av verda at giroen på 1500 kroner er noko heilt anna enn fotballskoa og årsavgifta ho hadde spart til. At dette er dugnad, ho må berre hugse å hente ut fem sekkar med dorullar først.

Eller for den saks skuld firebarnsfaren som dette året har fått heim seks forskjellige giroar for ulike salg som skal gjennomførast..? Var det plutseleg ikkje eit alternativ å gå på både fotball og håndball lenger likevel..?

les også

Theresa Mays Afrika-besøk: - La henne danse!

Dugnad er fantastisk, det er noko av det aller finaste me har i dette landet. Det er ein av juvelane som gjer at Noreg faktisk er eit av verdas beste land å bu i. Dugnad er å vera fotballtrenar, vaske garderobar og selge pølser i kiosken. Dugnad er parkeringsvakter og maling av klubbhus. Dugnad skal ikkje kosta noko, det er tida di du gjer av. Kvifor rota me det til og blanda inn privatøkonomi i dette? Kva er vitsen med å kjøpe seg fri i frå dugnad, kva skal ein med dugnad då?

Så ring meg gjerne når det er snakk om dugnad, eg er ikkje vanskeleg. Eg skal skvise inn nokre timar ein laurdag. Det verste som kan skje er at eg kjem litt seinare på hytta eller går glipp av nokre Netflix-episodar.

Men dette greiene her, det vil eg ikkje vera ein del av.

Synes du flere burde lese dette? Del det på Facebook her!

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder