DEMOKRATISK SKÅR: – Det aller viktigaste unntaket vi fekk ved å avvise EU-medlemsskapet, var moglegheitene til å vere med å bestemme, skriver kronikkforfattaren. Tegning: MORTEN MØRLAND. Foto: ,

Debatt

Kronikk: Lite å skåle for i dag!

Dei norske EU-motstandarane feirar at det er 20 år sidan norske veljarar sa nei til medlemsskap. Men kva er det i
utanforskapet som er verdt ein skål?

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

Artikkelen er over fem år gammel

Henrik Kvadsheim, leiar i Europabevegelsen i Rogaland

Kva var det vi faktisk oppnådde ved å velje å stå utanfor EU? Spørsmålet er særleg relevant sett i lys av at Stortinget allereie hadde bunde oss opp gjennom EØS-avtalen. I den sers grundige 911 sider lange offentlege utgreiinga om Noreg sitt tilhøve (Europautgreiinga 2012), blei det konkludert med at Norge er så godt som trekvart medlem av EU.

I røynda er politikken vår slik: I Brussel vert det vedteke stadig nye reguleringar. Vi har med EØS-avtala forplikta oss på å innføre reguleringane etterkvart som desse vert vedtekne av EU i Brussel. Og det gjer vi: Førebels har vi teke inn 10.000 rettsakter; ein tredjedel av lovene våre inneheld i dag EU-rett.

Landbruk, fisk og utenriks

Henrik Kvadsheim. Foto: ,

Så dersom det norske nei til EU skal feirast, kan det ikkje vere desse 10.000 rettsaktene ein tenkjer på. Då ville vi eventuelt feira at vi eigentleg er med: Når det gjeld tre firedelar av EUs politikk, tyder utanforskap og medlemsskap nøyaktig det same.

Det sentrale må altså vere kva den siste fjerdedelen er, og som altså skal vere gjenstand for feiring i år. La oss sjå på kva denne består i: Då er det særleg på to område at Noreg kan ha ein eigen politikk. Det gjeld det særskilte vernet av norsk jordbruk og den delen av norsk fiskeindustri som driv med fangst. Norsk jordbruk kan såleis feire at dei framleis kan verne næringa frå konkurranse ved hjelp av tollmurar.

Og norske forbrukarar kan eventuelt feire at dei får lov til å bidra til dette ved å betale 50 prosent meir for maten enn den gjennomsnittlege EU-borgar. Men bruken av tollmurar og støtteordningar er under press frå WTO, og same om vi er med eller ikkje i EU, er det eit spørsmål om kor lenge vi kan oppretthalde dagens jordbrukspolitikk.

Kva så med utanriks- og tryggleikspolitikken? Her skulle utanforskapet teoretisk sett gje Noreg moglegheita for å velje sin eigen kurs, uavhengig av EU. Men forskinga verkar klår: Etter som EU har samordna utanriks- og tryggleikspolitikken, vert vår politikk den same som EU-politikken også på dette feltet. I dag vert norsk utanrikspolitikk gjennom ulike avtaler og friviljug tilslutning knytt stadig tettare opp til den politikken EU frontar. Ukraina-krisa og den felles sanksjonspolitikken overfor Russland illustrerer dette godt.

Pengepolitikken

Mange trur moglegheita for å føre ein sjølvstendig pengepolitikk er ein gevinst som følgjer av utanforskapet vårt. I lys av euro-krisa som deler av Europa har vore gjennom, er det ei gjengs oppfatning at vårt utanforskap her har vore gunstig. Men også på dette feltet er dei norske vegvala langt meir underlagde EU sin politikk enn mange er klar over.

Rentepolitikken til Noregs Bank avspeglar direkte kva for rentepolitikk den europeiske sentralbanken i Frankfurt fører. Regjeringa er no også i ferd med å knytte Norge opp til den nye europeiske bankunionen, der kompetanse og ansvar for tilsynet over det norske finans- og bankvesen vil bli overført til EU sitt finanstilsyn. Og når det gjeld sjølve euroen, kunne vi gjort nøyaktig det same som svenskane etter 1994: Vi kunne vald å stå utanfor. Det finst gode grunnar for både å stå utanfor og innafor Euro-samarbeidet.

Om vi samanfattar litt spissformulert, kokar den norske utanforskapen mest ned til ein fiskeri-, samt landbrukspolitikk som gjer matbudsjetta til norske familiar særdeles dyre samanlikna med så å seie alle andre land i Europa. Er denne gevinsten verdt ein skål?

Ingen medbestemmelse

Å svare krev at vi også må sjå på kva vi går glipp av ved, som det heiter i Europautgreiinga, å vere både innanfor og utanfor. For det aller viktigaste unntaket vi fekk ved å avvise EU-medlemsskapet, var moglegheitene til å vere med å bestemme. Det vil mellom anna seie at vi sa frå oss deltaking i Det Europeiske Rådet der dei overordna strategiske vilkåra for EU vert trekte opp, og der einskilte medlemsland kan forhindre at EU gjennomfører ein politikk som strir mot deira vitale interesser. Den moglegheita manglar vi i praksis i dag.

Den såkalla «reservasjonsretten» i EØS-avtalen er i røynda ein illusjon. Han vert aldri brukt.

Vidare sa vi frå oss mogelegheita for å få vår eigen kommissær i EU sitt politikkutøvande organ Kommisjonen. Mykje tilseier at Norge kunne fått kommissæren for fiskeri- eller energipolitikk, og dermed gitt oss sterk innverknad over utforminga av den felles energi- eller fiskeripolitikken til EU.

Vi sa frå oss moglegheita for å vere representerte med eigne dommarar i EU-domstolen. Vi sa frå oss moglegheita til å vere representerte i EU-parlamentet og dermed påverke EU sitt lovgivingsarbeid derfrå. Og vi sa generelt frå oss moglegheita til å kunne delta og utøve innverknad i den politiske handsaminga av framlegg frå EU-kommisjonen.

Gratispassasjerar

Det kan vere verdt å streke under at det er ganske stor fagleg semje om denne gjennomgangen. Realitetane om kva vi er med på, kor mykje vi vert påverka og kor liten medverknad vi har, er rimeleg klåre. Spørsmålet er om det merkelege utanforskapet vårt, som våre politikarar er livredde for å diskutere, bør halde fram. I alle fall burde vi når høvet byr seg slik som no, kunne forvente ein viss diskusjon.

Det eksisterer knappast andre politiske saker i landet der avstanden mellom retorikk og realitetane på bakken er så stor som i EU-saka.

Forresten, kanskje det på tampen er noko som kan vere verdt å feire likevel. Alle dei tusenvis av lover og forordningar EU bestemmer over oss, vi får jo alle desse rettsaktene av EU nesten gratis. Det einaste vi bidrar med, er litt teknisk ekspertise i utarbeidinga av dei. Det er kanskje dette som skal feirast? At jau då, vår EU-politikk representerer nok eit dundrande demokratisk underskot for norske borgarar.

Men trass alt får vi vere gratispassasjerar når EU-toget rullar vidare.

Les også

  1. Kronikk: Look to Sweden

    Fredrik Reinfeldt går av som statsminister i Sverige. Til tross for lavkonjunktur og finanskrise, har han ledet landet…
  2. For strenge bankregler

    Å gråte for norske banker, er en øvelse som lett kan gjøre deg til en narr i folkets øyne. Jeg forsøker likevel.
  3. Kronikk: Demokratisk selvskading

    November-grunnloven av 1814 førte Norge inn i union med Sverige. Men unionen var utovervendt, og betydde i realiteten…
  4. Kronikk: Et veiskille for Norge

    I Brussel står EUs energiunion på trappene. Det må til for…
  5. Jubelmåling for nei-siden 20 år etter: «Alle» er mot EU

    Kvinner og menn i alle aldre, i alle landsdeler og fra alle partier er enige: Norge bør ikke melde seg inn i EU.
  6. Kronikk: Ungarn på ville veier

    Høyre og KrF er søsterpartier til Fidesz, partiet til Ungarns omstridte statsminister Viktor Orbán.
  7. Kronikk: Produksjonsenhet med liggesår

    Jeg er verken helsefreak eller økologisk agitator. Men jeg observerer at forholdet mellom maten og oss er gjenstand for…
  8. Kronikk: EU-parlamentets demokratibløff

    Det nye EU-parlamentet sa det skulle gi EU-kommisjonen bedre demokratisk forankring.
  9. Kronikk: Folkestyret rotnar på rot!

    Noreg underordnar seg internasjonalt lovverk, og i ei særstilling står EØS-avtala.

Mer om

  1. EU

Flere artikler

  1. Mageplasket i EØS-dammen

  2. Brexit-debatten kler av Norge og EØS

  3. Røynda er ei stri elskarinne

  4. Bård Vegar Solhjell slår tilbake mot KrF-lederen: Knut Arild Hareides mangel på svar

  5. Pluss content

    Kronikk: Trump er ei nyttig motvekt til Obama

  6. Blind høne finn òg korn

Fra andre aviser

  1. Ja til dobbelt statsborgarskap | Sveinung Rotevatn

    Aftenposten
  2. Kronikk: Reine, jomfruelege og hyklerske Noreg

    Aftenposten
  3. Korleis er livet som døv og blind?

    Fædrelandsvennen
  4. Difor kjem det mindre storkapital til småbedrifter

    Aftenposten
  5. Eg skreiv ifrå meg odelsretten - men òg smerta, slitet og kostnadane | Marit Heier Lajord

    Aftenposten
  6. Eit rikt og variert kulturliv

    Fædrelandsvennen

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder