Kvar er Ivar Aasen?

MENINGER

VOLDA/ØRSTA (VG) Han har det ikkje heilt bra, kulturarven etter Ivar Aasen. Nynorskens far er heidra med eige senter, eige museum og no eige festspel i det sunnmørske kultursentrum Ørsta/Volda. Men Aasen sjølv, og arven etter han, ser vi uventa lite til i lokalsamfunnet under festveka.

kommentar
Publisert: Oppdatert: 25.02.03 13:16

Dei nynorske festspela såg ljoset for første gongen i 1992, med kongeleg opning og stort oppstuss. No er dei ein post på statsbudsjettet, og bygdefolket merkar lite av festen.

Vi skriv september 1998. Politikarane snakkar mest om ein ting: Kvar dei kan skjere ned og stramme inn. Det statsbudsjettet Regjeringa legg fram først i neste månad, blir eitt av dei mest upopulære i historia, for mange som er vante med å få løyvingar får det ikkje.

«Nuggen» i norsk

Når vi nemner dette no, er det på ingen måte fordi vi meiner at løyvingane til nynorske formål, eller Dei nynorske festspela spesielt, bør leggast først på slaktarens benk. Men det er for å minne eldsjeler at no - og heretter - må ein truleg grunngi krav og bøner om offentlege pengar på ein heilt annan måte enn før.

Dei nynorske festspela står, etter det vi kan sjå, i fare for å bli kappa vekk. I Volda og Ørsta sentrum finst det knapt teikn på at festspelveka er no. Ikkje noko banner, knapt nokre plakatar. Berre eit program for festspela som er så fullt av grove skrivefeil at det står til «nuggen» i norsk. Pinleg. Særs pinleg!

Ein handelsmann fortel oss at det ikkje kan vere meir enn fem tilreisande til festspelveka - når ein ser bort frå artistar og foredragshaldarar. Kanskje han overdriv, kanskje ikkje. Programmet ber i alle fall eit visst preg av ikkje å vere folkesatsing.

Same korleis ein snur og vender på det, er det heilt umogeleg å sjå nokon offensiv i festspela. Her er ingen teikn på at nynorsk kultur er noko ein trur så sterkt på at ein vil spreie språket og kulturen til andre delar av Noreg, ja, gjerne til Europa.

Offensiv kar

Ivar Aasen sjølv var jo ein ekspansiv kar. Måten og krafta han har påverka det norske samfunnet på, syner ein mann som må ha hatt umåtelege krefter og ein brennande vilje til å misjonere for det han trudde på. Med basis i vesle Hovdebygda lærte han seg europeiske språk, vitskapar og verdiar. Han var ein framifrå kjennar av alt frå tobakk og akevitt, via botanikk til grammatikken i dei mest bortgøymde avkrokane på kartet. Denne utovervende mannen skapte Noreg om til noko nytt.

Kan ein tenke seg ein parallell til personen Ivar Aasen i dagens Noreg? Knapt. Hadde Aasen vakse opp og vore ung i dag, hadde han neppe vore lektor på «DH», eller Høgskulen, som dei seier no. Han hadde heller ikkje sete i Språkrådet.

Nei, kanskje hadde han kapsla seg inne i ein av dei rusande bilane, med revehalar og terningar i spegelen, som pregar Esso-stasjonen i Ørsta ein tilfeldig kveld? Det er her opprørarane - dei som ikkje passar inn og finn seg til rette - sit no. Men i motsetnad til Ivar Aasen for over hundre år sidan, har dei ikkje nokon stad å gjere av opprøret sitt. Dei har ingen måte å endre samfunnet på.

Det er fint, vent og vakkert å arrangere konsert med Det norske solistkor, Hildegunn Moltubakk og lesestunder med Kine Hellebust og Jon Fosse. Noko for nokre, noko for mange. Og det har utan tvil sin eigen verdi å få bygdefolka ut frå stovene sine og inn i kyrkja, samfunnshuset og hotellsalen. Men det bringer i svært liten grad nynorsken framover og utover i det norske folkets medvit.

Ikkje «filler?n» ...

Ja, som nemnt: Kvifor setje grensene ved Furet Værbitt? Kvifor ikkje opne eit nynorsk kjøken i København? Kvifor ikkje satse på at våre fremste artistar erobrar grunn i England og Belgia?

Språket er det mest pregnante uttrykket for den breie nynorske kulturen. Det er kort, kraftig og kontant - som folkelynnet her. Når nordlendingar seier «hæstkuk» lyder det som «søren», samanlikna med tilsvarande uttrykk på nynorsk. Dei skarpe r?ane og dei vesande sch-ljodane kjem langt nede frå magen, som inderlege raut du rystast av. «Kjærleiken» er større enn «kjærligheten» - og det kan utnyttast!

Målarkunsten her i vest ber noko av det same dramatiske preget som naturen. Høge fjell peikar som fallosar mot himmelen. Djupe bølgjedalar minner om hin vegen. Vi ser igjen alt dette i lokale målarar. Det burde vere noko å spreie, ikkje minst til tonelause flatbygder på Austlandet. Eller kva?

Nei, nynorskfolk - opp og gå! Slutt å rekne nynorskens posisjon i talet på lektorstillingar og prosenten i NRK. Ut og endre verda!