SVARER VG: Liv Kari Eskeland. Foto: Hans Kristian Thorbjoernsen

Debatt

Kva rolle skal vindkraft ha i åra som kjem?

«Vind-nei løyser ingenting» skrev VG på leiarplass 20.10.19. Vi har lagt bak oss eit turbulent vindkraft-år. Det heile starta med Stortinget sitt vedtak i 2016 om å få ein overordna plan for vindkraft.

Liv Kari Eskeland (H), medlem av energi-og miljøkomiteen på Stortinget

Den skulle peike på aktuelle område, der mellom anna vindressursar, overføringskapasitet i linjenettet, verneplanar, reindrift etc. vart ivareteke. NVE utarbeidde eit kunnskapsgrunnlag, der dei i prosessen ba om innspel frå kommunar og fylkeskommunar. Det var då det byrja å blåse opp. Fleire kommunar nytta dette høve til politisk å ta avstand frå vindkraft i sine område. Sidan har motstanden eskalert.

Og for å ta det store biletet – og som er den vanskelege nøtta vi må knekke; Skal vi i framtida kunne gle oss over den naturen vi har, skal vi i framtida kunne vandre i våre fjellheimar, må vi greie å nå Paris-måla. Vi må greie å halde temperaturen om lag på det nivået vi har i dag. Dersom temperaturen stig meir enn 1,5-2,0 grader i snitt på jorda, vil vi oppleve store konsekvensar for naturen vår. På Svalbard har vi allereie ein temperaturauke som gjev store konsekvensar for permafrost og isbrear.

Vi er ikkje isolert frå resten av energisystemet i verda. Og vi er ikkje isolert for klimapåverknadane som skjer andre stader i verda.

les også

Vind-nei løser ingenting

I Noreg er nær 100% av elektrisiteten vi nyttar basert på fornybare energikjelder, der hovudkjelda er vasskraft. Men berre 50% av energien vi nyttar er basert på fornybare kjelder, resten kjem frå fossil energi. Vi er på veg over i eit fornybar-samfunn, der elektrisitet vil bli ein større del av energimiksen. Då treng vi også meir fornybar energi, noko vind- og sol representerer saman med vasskrafta vår.

Vi har i dag ein overproduksjon av fornybar og grøn energi i Noreg. Denne sel vi med overskot til andre delar av Europa. Men skal vi elektrifisere Noreg, treng vi vesentleg meir fornybar energi også i Noreg. Vi kjem ikkje frå at vi også treng meir grøn energi. Ikkje berre vi, men også resten av verda. Og det nyttar ikkje at vi feiar rundt eigne dører med rein energi om vi ikkje bidreg det vi kan slik at også resten av verda vert med oss på denne reisa. Difor nyttar vi også mykje av tida til å jobbe internasjonalt, både med å få sett strengare krav til utslepp, ved å eksportere vår kompetanse og teknologi, og med reine bidrag er vi med på å løyse klima og miljøutfordringar i andre delar av verda.

Vi kan greie å energi-effektivisere noko. Vi kan endre skattesystemet slik at vi kan utnytte vasskraftressursane våre betre. Vi kan utnytte solenergi og ytterlegare digitalisere og organisere bruken av energi på ein smartare måte. Og vi jobbar med ny teknologi som kan utnytte vindressursar til havs. Men vi treng også vindkraft på land.

les også

Folket sa nei til mer vindkraft!

Vind-nei løyser ingenting. Vi må utnytte dei fornybare energi-kjelder vi har om vi skal greie den enorme omstillinga verda står overfor. Difor skal vi også i framtida bygge ut vindparkar i Noreg. Forsøket på å etablere ein overordna plan dempa ikkje konfliktnivået, det eskalerte og blåste opp til storm. Difor var det klokt å leggje denne planen i ei skuff, og sjå på andre måtar å nærme seg utfordringa på. Det vidare arbeidet går gjennom eit betra konsesjonssystem, slik at det vert meir føreseieleg og syt for at utgreiingane som ligg til grunn er grundige i forhold til naturmangfald og naturvern. Og det må, slik som for vasskrafta, vera ei skattlegging som gjev verdiar attende til fellesskapet slik at dei som stiller areal til disposisjon får noko att. Og til sist; lokale vedtak bør liggja til grunn for igangsetjing av tiltak. 

Vi har gjennom arbeidet til NVE skaffa oss eit kunnskapsgrunnlag. Dette vil liggja i botn når vi no går vidare. Dette grunnlaget bør kommunar og fylkeskommunar gripe fatt i og lage regionale planar der ein ser på potensiale for næringsverksemd og tiltak i eigen region. Sentralt jobbar vi parallelt med konsesjons- og skattesystemet. Så får vi håpe at når vinden har løya litt, vil det vera mogleg å få debatten inn i eit litt smulare farvatn og få til konstruktiv og god utvikling også på vind-kraft fronten. Det har vi alt å tene på. Det gjeld også for naturen vår. For det er for å ta vare på denne at vi treng vindkrafta vår.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder