BÅDE OG: – Historia om Mats Steen har lært meg at gaming er meir berikande og verdifullt enn eg har trudd. Likevel er det uheldig om vi overlater for mykje til gamingkulturen, skriv Odin Fauskevåg.

Debatt

Forskar: – Gamingkulturen har sine begrensningar

Eg trur at vi som skal utdanne og oppdra barn, også bør reflektere over begrensingane som ligg i gamingkulturen.

ODIN FAUSKEVÅG, førsteamanuensis Institutt for pedagogikk og livslang læring, NTNU

I kjølvatnet av historia om gameren Mats Steen har mange trekt fram positive sider ved  gamingkulturen: Det er ein arena for venskap og fellesskap. Det er utviklande for engelskferdigheiter, for evna til oppmerksamheit og kognisjon. Fleire skular har no gaming og e-sport på timeplanen.

I ein kommentar samanliknar Anders Giæver gaming med punken – en verdifull ungdomskultur som foreldregenerasjonen ikkje ville anerkjenne. Eg kjenner meg råka av Giævers kritikk. Likevel trur eg vi som skal utdanne og oppdra barn, også bør reflektere over begrensingane som ligg i gamingkulturen.

les også

Anders Giæver: I sin egen grotte

Utdanning og oppseding må sjølvsagt handle om meir enn gaming. I den nye læreplanen for skulen står tre tema I fokus: Demokrati, livsmeistring og berekraftig utvikling. Dette er den verkelege verda som barna våre skal vokse opp i, og den må dei lære å ta ansvar for og å meistre. Bidrar gaming til det?

Odin Fauskevåg. Foto: NTNU

Den virtuelle verda er ikkje verkeleg. Det er noko anna å bidra til fellesskapet i Fortnite enn å engasjere seg i demokrati og lokalsamfunn. Å samarbeide gjennom avatarar i ei virtuell verkelegheit, er noko anna enn å samarbeide med personar på skulen eller i arbeidslivet. Dei utfordringane vi møter i samfunnet og som individ, stiller heilt andre krav til oss enn utfordringane i den virtuelle verda.

les også

Millioner så konsert live i Fortnite

I eit dataspel er verkelegheita designa for å stimulere og motivere. Det er vakker grafikk og engasjerande oppdrag og problem. Den verkelege verda barna etter kvart blir del av, består av eit demokrati truga av populisme, ungdom plaga av psykisk stress og ein natur truga av global oppvarming. Den verkelege verda inneheld også mykje som er vakkert, spannande og interessant. Men verda er ikkje designa slik denne meininga automatisk er synleg eller problema alltid engasjerande. Og det er denne verkeleg verda barna må lære å handtere.

HØR GIÆVER OG GJENGEN: Er vi foreldre for lite opptatte av dataspill?

Historia om Mats Steen har lært meg at gaming er meir berikande og verdifullt enn eg har trudd. Likevel er det uheldig om vi som skal oppsede barn, overlater for mykje til gamingkulturen. Vi bør ikkje slå oss til ro med at barna våre berre finn meining og fellesskap framfor skjermen. Dei må også stimulerast til å engasjerere seg i den verkelege verda. Ei verd med verkelege problem og eigne kjelder til meining.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder