KJÆRLEIK: Dei to siste månadane har eg budd saman med Amina og Bassam. Det vart min tur til å møte kjærleiken, skriver kronikkforfatteren. Foto: PRIVAT

Muslimane som elskar kyrkja

Det er så mykje i media som skal ha det til at muslimar er eit trugsmål. At kulturelle og religiøse skiller er ein uting. Men så finst det så mange andre forteljingar.

VG Debatt
ARTIKKELEN ER OVER TO ÅR GAMMEL

SIGNE MYKLEBUST, diakon i Fjell menighet og i Strømsgodset menighet

Amina og Bassam kom til Norge som kvoteflyktningar i oktober 2015. Dei mista ektefelle og barn på kvar sin kant i krigen i Syria, flykta så til Libanon og fann kjærleiken på nytt i kvarandre. Tilslutt kom dei til Fjell i Drammen, til mitt nabolag. Det vart min tur til å møte kjærleiken.

Livet mitt er inga stor fortelling. Det har vart i 40 år, og når eg tenker tilbake har eg alltid vore heldig. Eg har hatt familie og venner rundt meg. Mat, klede, hus, skulegang, jobb. Retten til medbestemming, religionsfridom og ytringsfridom.

Kva ville eg vore om eg hadde mista dette. Venner, familie. Mat, klede, hus, skulegang, jobb. Retten til medbestemming, religionsfridom og ytringsfridom. Ville eg framleis hatt mot? Ville eg framleis hatt eit ønske om å dele?

Dei to siste månadane har eg budd saman med Amina og Bassam. Badet deira skulle renoverast. Eg har gjesterom, og inviterte dei til å bu hos meg. Responsen var kontant. Amina tok av seg gulløyredobbane sine og sette dei i øyrene mine. «Desse kjøpte vi saman i Libanon. Den høgre er frå Bassam, den venstre er frå meg». Sidan den dagen har eg hatt gullstjerner i øyrene.

Fikk du med deg?: «Hvem har sagt at vi muslimer ikke kan gå i kirken?»

Kjærleiken til Amina og Bassam har overvelda meg. Den er utan spor av bitterheit over det dei har mista, utan krav og forventningar.

Dei er muslimar. Og hjelper til i kyrkja vår så ofte det trengs. No har Amina starta språkpraksis i Den norske kirke i Drammen, og ho strålar. Fleire av vennane hennar spør meg: Kan vi også få praksisplass i kyrkja?

Korleis heng dette saman? Er dei sekulære muslimar? Nei, seier Bassam. Men vi er van til å leve godt saman, kristne og muslimar, side ved side. Det har vi gjort i 1300 år, fram til krigen i Syria braut ut.

Sp-Vedum i 2011: Ber muslimer ta seg en tur i kirken for å forstå Norge bedre

Når Amina skypar faren sin i Damaskus får eg helse på han og familien hans, han seier: Takk for at Amina får bu hos deg!

Det er så mykje i media som skal ha det til at muslimar er eit trugsmål. At kulturelle og religiøse skiller er ein uting. Men så finst det så mange andre forteljingar. Og så mange muligheiter for å skape nye.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder