bilde

Foto: Roar Hagen

Debatt

Vi har berre ein planet for alle – så no er det alle for ein

Eg trur og håpar merksemda om plasten i havet kan styrke ei oppleving av felles skjebne og felles ansvar.

ARTIKKELEN ER OVER ETT ÅR GAMMEL

BÅRD VEGAR SOLHJELL, generalsekretær WWF Verdens naturfond

Bård Vegar Solhjell. Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Denne månaden begynner arbeidet med å få på plass ein forpliktande, internasjonal avtale om korleis verdssamfunnet skal møte trugselen frå plasten i havet. Noreg kan og bør ta ei leiarrolle.

For nokre veker sidan fekk den franske presidenten Emmanuel Macron ståande applaus i den amerikanske kongressen. Til å vere politikar på statsbesøk var han uvanleg klar i språket: Ved å forureine hava, la CO2-utsleppa halde fram og ved å øydeleggje naturmangfaldet drep vi planeten, sa Macron, før han la til: Vi har ingen planet B.

Mange merka seg at Macron trur USA vil kome tilbake til klimaavtalen frå Paris. Færre fekk med seg at han også snakka om havet. Det druknar i plast.

les også

Rødgrønne Oslo skal droppe engangsplast

Plastforureininga av verdshava er alvorleg nok til å ta plass mellom dei største miljøutfordringane vi står overfor. Havplasten har fleire trekk felles med klimatrusselen. Begge problema handlar om kva som skjer med enorme, naturlege system som omsluttar heile kloden. Og begge systema er unike: Det finst ingen parallell atmosfære der klimafornektarar og fossil industri kan få lov til å halde fram uforstyrra. Vi har berre ein atmosfære, og han blir varmare. Vi har heller ikkje noko reservehav som kan skaffe oss fisk eller oksygen, om vi set over styr det havet vi har. Kvart einaste menneske er hjelpelaust avhengig av at desse systema fungerer.

Omtrent som dei menneskeskapte klimagassutsleppa er store nok til å endre klimasystema på kloden, er plastutsleppa så store at dei utfordrar heilt grunnleggjande funksjoner i havet. Dersom dagens trendar held seg, vil det vere meir plast enn fisk i havet innan 2050. Allereie i dag finn forskarane mikroplast overalt: I fisk og blåskjel, havsalt og drikkevatn. I havet kjem plasten i tillegg til andre trugslar. Klimagassane i atmosfæren skapar ikkje berre temperaturendringar, men òg forsuring av verdshava. Dette kjem på toppen av overfiske og øydeleggjing av viktige leveområde. Det sikraste ein kan seie om verknadene på miljø og helse er at vi berre har sett byrjinga.

Her er enda eit fellestrekk: Både klimagassane i atmosfæren og plasten i verdshava er sluttprodukt av fossile råstoff som olje og gass. For Noreg bør dette vere eit nytt varsku om kor stor – eller liten – oljeetterspørsel vi må rekne med i tiåra framover. Verda får stadig fleire gode grunnar til å få etterspørselen ned.

les også

VG MENER: Et politisk krafttak er nødvendig for å rydde opp.

Men det finst òg viktige skilnader mellom havplasten og klimaproblemet: I debatten om havet finst det ingen plastfornektarar, som mørke krefter kan sponse for å spreie løgner om at alt er i orden. Og sjølv om plastforureininga liknar klimatrusselen i dét at problemet er globalt og har tallause kjelder, er det samtidig både velsigna og forferdeleg konkret. Vi ser kva som skjer. Fordelt på kvar passasjer gir ein flytur att og fram mellom Oslo og London eit utslepp av nesten 500 kilo usynleg CO2. Sjå for deg like mykje plast i havet - eit halvt tonn med plastposar og tomflasker, sigarettfilter og isoporkasser, taustumpar og flak av gammal emballasje – så får du ein kjenslemessig reaksjon på direkten. Ingen tvil om at klimadebatten ville vore annleis om vi kunne sjå den ureininga vi er med på å skape. Men plastsøpla har vi sett, og bileta bit seg fast: Kval som driv i land med magen full av plast. Skjelpadde og sel som sit fast i gamle fiskegarn. Strender som liknar søppelfyllingar. Enorme, flytande teppe av plast ute i havet.

Det er ingen som vil ha det sånn. Saman med ein flaum av skremmande fakta, skapar bileta eit sug etter noko betre, og no kjem responsen. Vanlege folk ryddar strender og plukkar søppel. Butikkar fjernar plast frå hyllene. Politikarar i mange land vedtek nye reglar mot eingongsplast og mot mikroplast i produkt. Byar og kommunar – frå Oslo, Tromsø og Eid til Manchester og Mangaluru – vil bli plastfrie. Her i landet har regjeringa nyleg styrka bistandsprogrammet mot marin forsøpling. Næringsliv og forvaltning arbeider med nye løysingar, der alt vi brukar må inn i eit krinslaup. Og vi forbrukarar må følgje opp.

Strender må ryddast, men det viktigaste er å stanse tilførselen av plast. Da gjeld det same for plasten som det gjer for klimaet: Alle må bidra, men dei mektigaste må gjere mest.

les også

Statsministeren fikk se søppelhaug fra havene i Ålesund

Alle ser at det hastar. Det gjeld ikkje berre strandryddarar og politikarar her i Noreg, men òg dei store internasjonale aktørane som G7, EU og FN.

I fjor sommar lanserte WWF Verdens naturfond eit forslag om ein nullvisjon for plast i havet. Den norske regjeringa tok saka til FN. Før jul vart forslaget vedtatt. I slutten av mai skal forhandlarar frå heile verda samlast til nytt FN-møte i Nairobi for å diskutere korleis nullvisjonen skal følgjast opp. Eitt svar bør vere opplagt: Vi treng ein forpliktande, internasjonal avtale.

Det internasjonale samfunnet har vist evne til å få på plass bindande avtaler om viktige miljøtema før. Parisavtalen om klima er eitt eksempel. Montrealprotokollen for ozonlaget er eit anna. No må vi gjere det igjen. Vi treng eit avtaleverk med felles mål, nasjonale forpliktingar og ei oppskrift på korleis tiltak kan finansierast. Dette er eit møysommeleg arbeid som treng klare tidsfrister. Noreg er i god posisjon for å sette eit ambisjonsnivå – ikkje minst som opphavslandet bak forslaget om ein nullvisjon.

les også

Ikke mas mer om plast i havet! Jeg har armbånd!

Hensikten med ein global avtale er ikkje å skyve ansvaret frå seg, men å løyse ut fleire og meir samordna tiltak. I klimadebatten er vi vande med motargument av typen «kvifor skal vi kutte utsleppa våre, når kinesarane eller amerikanarane sikkert ikkje gjer noko». På miljøområdet er ein slik tankegang dessverre oppskrift på katastrofe. Jo fleire som tenkjer slik, desto verre går det. Felles natur kan og må forvaltast felles, med ei blanding av ordningar, incentiv og medansvar. I møte med plastmonsteret ser vi folk over heile kloden vise eit slikt medansvar no.

Her på planet A heng alt saman med alt. Eg trur og håpar merksemda om plasten i havet kan styrke ei oppleving av felles skjebne og felles ansvar: Vi har berre ein planet for alle – så no er det alle for ein.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder