MANNSDAGEN: – Kvifor vil vi som samfunn oppretthalda system som medvite motarbeider fedrar retten til å vere saman med borna sine, spør kronikkforfattarane.

MANNSDAGEN: – Kvifor vil vi som samfunn oppretthalda system som medvite motarbeider fedrar retten til å vere saman med borna sine, spør kronikkforfattarane.

Debatt

Kva er ein god far?

Forsking viser at fedrar er viktige for borna sine. Kvifor blir dei motarbeidde av systemet?

CAMILLA FOSSUM PETTERSEN, forfatter
RUBEN ALEXANDER PETTERSEN, biolog

Like fullt som kvar og ein av oss er eit resultat av ei kvinne, er vi òg resultatet av ein mann. Vi er borne fram av ei mor, ho som fødde oss, ei som synte oss kva morskjærleik er – for mange ei kjensle av direkte godheit. Finst det ein farskjærleik lik kjærleiken til mor? Er kjærleiken til mor viktigare enn kjærleiken til far, og korleis kjem kjærleiken til far til uttrykk?

Den norske filosofen Knut Erik Tranøy skriv om kjærleik: «Kjærleik, eit ord med variert innhald som oftast vert brukt anten om romantiske tilhøve, tilhøve mellom familiemedlemmar (morskjærleik, syskenkjærleik) eller om ein eigenskap ved Gud.»

I tillegg til å nemna Gud nemner Tranøy familien, men avgrensar seg likevel til morskjærleik og syskenkjærleik. Ein kan undra seg over kva det var som fekk han til å trekkja fram morskjærleiken og syskenkjærleiken, og ikkje nemna farskjærleiken?

les også

Gratulerer med mannsdagen!

Går vi lenger tilbake i tid, kan den katolske filosofen og teologen Thomas Aquinas kanskje hjelpa oss til å forstå farskjærleiken. Aquinas gav kjærleiken ein av dei enklaste definisjonane som nokon gong er gjeven, då han definerte han som «det å vilja noko godt for ein annan». Det å vilja noko godt for ein annan kan vera å gje omsorg, til dømes. Omsorg er ein måte kjærleiken kjem til uttrykk på.

Så å seia all moderne psykologi anerkjenner behova for kjærleik som grunnleggjande for den mentale helsa og for utviklinga frå barn til vaksen. Psykologen Abraham Maslow utvikla i 1943 ein av dei meste kjende behovsteoriane, «Maslows behovspyramide». Med den søker han å finna dei grunnleggjande behova som kan forklara åtferda vår og motivasjonen for handlingane våre.

Når alle desse behova er dekte, har ein overskot til å realisera sine eigne mål og å bruka medfødde og tillærte eigenskapar til å oppnå gode opplevingar. Menneske har altså behov for kjærleik på vegen mot å bli gode vaksne. Men held det ikkje å få morskjærleik?

les også

Pappa: – Er mor bedre forelder enn far?

Opplevinga av å vera far og å gje kjærleik og det å ta imot farskjærleik som barn er subjektive og umogleg å skildra på ein generell måte. Kjensler lèt seg ikkje så lett studera på gruppenivå, men verdien av å ha ein kjærleg far som er til stades for borna gjennom barndomen, kan studerast.

Ein studie av 7000 ni-åringar viste at fedrar som involverer seg emosjonelt i omsorga for borna sine, fekk born med lågare risiko for å utvikla åtferdsproblem ved ni-årsalderen. Funna i forskinga tyder på at dei psykologiske og kjenslemessige aspekta av engasjementet til far har størst påverknadskraft på åtferda til borna seinare i livet.

Andre studium har vist at fedrar som brukar mykje tid med borna sine dei første leveåra, og som gjev god omsorg, som er sensitive og lyttande fedrar, påverkar utviklinga til borna på ein positiv måte.

les også

«Hente i barnehagen»-debatten: – Utfordringene er større for flere mammaer enn pappaer

Born som har like mykje kontakt med begge foreldra gjennom heile oppveksten, utviklar såleis betre psykisk og fysisk helse . Skuleprestasjonane blir betre, dei meistrar betre sosiale relasjonar til venner, dei utfører mindre alvorleg kriminalitet. Ein fråverande biologisk far gjer òg at jenter blir kjønnsmodne tidlegare. Forskarane sin hypotese er at dette kan forklarast med feromon: Tidleg pubertet er forbunden med auka risiko for depresjon. Nærvær, omsorg og kjærleik frå ein biologisk far er kanskje difor uerstatteleg?

Det er ikkje alle born som får oppleva så stor grad av kjærleik og god og trygg omsorg frå begge foreldra som dei har bruk for. Dette gjeld spesielt for born i familiar der mor og far ikkje bur saman.

I Noreg er det omkring 270 000 born som har foreldre som ikkje bur saman. 25 prosent av desse har delt bustad, det vil seia at dei vekslar mellom å bu hos mor og far. Åtte prosent har fast bustad hos far, medan heile 66 prosent har fast bustad hos mor. Gruppa av born som bur fast berre hos mor, er omtrent 180 000 born. 21 prosent av alle samværsfedrar ser ikkje barnet sitt i løpet av ein vanleg månad, og omtrent 30 prosent av alle samværsfedrar ser borna sine berre i feriar. Å ha fast bustad hos berre ein av foreldra inneber automatisk redusert tid og omgang med den andre forelderen, som oftast far.

les også

«Hente i barnehagen»-debatten: – Hvor er alle pappaene?

Tilgangen til omsorg og kjærleik frå begge foreldra er i mange tilfelle sosialt og økonomisk avgjerande. Har ein foreldre med høg utdanning og høg inntekt, er det meir sannsynleg at ein får tilgang på god omsorg og kjærleik frå begge foreldra. Menn med høg utdanning og høg inntekt er mest heime med borna sine.

Feministane på 1970-talet oppdrog sønene sine til å vera meir til stades i oppsedinga og til å vera omsorgsfulle fedrar for borna sina. Likevel har rettane til fedrane til å delta fullt ut som foreldre late vente på seg.

Ser ein til barnelova og lovverket som regulerer bustaden til born, samvær og dagleg omsorg i familiar der foreldra ikkje bur saman, er dette kjønnsnøytralt. Barnelova § 36, 2. ledd seier at om mor og far er usamde om kor borna skal bu, så må retten avgjera at dei skal bu fast hos den eine av foreldra. Praksisen, derimot, viser noko anna. Ei undersøking av lagmannsrettsdommar viste at barnefordelingssakene gjekk i favør av mor i 58 prosent av sakene der borna var under sju år. I saker der borna er mellom sju og 12 år, gjekk sakene i favør av mor i 82 prosent av tilfella. Først då borna vart så gamle at dei sjølv kunne velja kor dei ville bu fast, gjekk 71 prosent av sakene i favør av far. Borna har dermed størst tilgjenge på farskjærleik når dei er så store at dei sjølve kan velja kor dei vil bu.

Kvart år opplever omtrent 20 000 born at foreldra går ifrå kvarandre. Omkring 2700 barnefordelingssaker vert handsama kvart år av norske domstolar. Stadig fleire born endar opp med delt bustad. Samstundes mottek familievernet stadig fleire høgkonfliktsaker. Likevel: Dei fleste av borna med delt bustad opplever lite konflikt mellom foreldra. Delt bustad har vist seg å føra til færre konfliktar.

les også

Mamma fremfor pappa

Pluss content

Etter at fedrar byrja å ta ut kortare foreldrepermisjon, som følgje av at fedrekvoten vart kutta frå 14 til 10 veker i 2014, snudde regjeringa: Mødre- og fedrekvoten vart justert opp til 15 veker kvar. Fellesperioden, som vert fordelt fritt, vart korta ned til 16 veker. Likevel vert det ropt varsku om at den nye foreldrepermisjonen, som tredde i kraft 1. juli, vil bety ei innskrenking av kvinners rettar.

91 prosent av alle bidragsmottakarar er i dag mødrer. Sett i lys av Maslows behovsteori er det eit paradoks når staten stiller krav til fedrar om å betala barnebidrag, og samstundes ikkje gjev dei anledning – til å gje emosjonell omsorg eller å bidra i sjølve oppsedinga.

Europarådet har advart om korleis fedrar som ynskjer å gje borna sine ein kjærleiksfull oppvekst, vert systematisk motarbeidde på tvers av land.

I juni 2018 kom meldinga frå Verdshelseorganisasjonen (WHO) om at ein frå 2019 vil inkludera den emosjonelle skaden som born vert påførte ved tap av emosjonell omsorg frå ein forelder, i klassifikasjonssystemet for sjukdomar.

Regjeringa har i Jeløy-plattforma vedteke at ho vil setja ned eit utval som skal vurdera behovet for modernisering av barnelova – sjølv om endringar i barnelova tredde i kraft så seint som 1. januar i år. Ei ny, revidert barnelov bør gje borna rett på kjærleik og omsorg frå eigna foreldre.

Kvifor vil vi som samfunn oppretthalda system som medvite motarbeider fedrar retten til å vere saman med borna sine, system som for lengst har gått ut på dato, system tufta på gamle haldningar og manglande forskingsbasert kunnskap?

Forsking viser altså at far er viktig, like viktig som mor, og i nokre tilfelle endå viktigare enn mor. Når vi veit alt dette, kvifor slepper vi ikkje fedrane til?

Ein lengre versjon av denne teksten står på trykk i siste utgåve av tidsskriftet Syn og Segn.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder