Sylvi Listhaug (Frp) besøkte Trandum utlendingsinternat sammen med sin danske kollega, innvandrings- og integreringsminister Inger Støjberg.
Sylvi Listhaug (Frp) besøkte Trandum utlendingsinternat sammen med sin danske kollega, innvandrings- og integreringsminister Inger Støjberg. Foto: Hallgeir Vågenes VG

Eit desperat forsøk

MENINGER

– Lite vitnar om at Listhaug har integrering høgt oppe på prioriteringslista.

Publisert:

EIVIND HAUGSTAD KLEIVEN, skribentDenne veka reiser Sylvi Listhaug på studietur til Rinkeby i eit desperat forsøk på å holde seg sjølv relevant i valkampen. Når ein tysdag ser krokodilletårene trilla og Listhaug påstår ho frykter for sine barns framtid kan det vere greit å konfrontere ho med kva ho som innvandring- og integreringsminister gjer for å legge til rette for betre integrering av flyktningane som kjem til Norge. For lite vitnar om at Listhaug har integrering høgt oppe på prioriteringslista, snarare tvert imot. Forrige veke vedtok UDI å legge ned eit av dei best drivne asylmottaka i Norge, til tross for at dei er konkurransedyktige på pris, har den lengste kontinuiteten og dei beste resultata i regionen. UDIs vedtak er stikk i strid medStortingets føringar. Stortinget har sagt at kommunale mottak skal prioriterast. Det gjeld både ved oppstart, og nedlegging. No er det ikkje eit einaste kommunalt mottak igjen i region vest. Framfor å reise til Sverige for å bekymra seg for dårleg integrering i nabolandet bør Listhaug fokusere på kva UDI gjer i Norge. I denne saka er det enten lagt politiske føringa eller har ho mista kontrollen over departementet sitt.Bokanmeldelse: Kors på halsen

Gledens kapittel

Det er eit gledens kapittel Listhaug no lukkar. Solbakken asylmottak, som ligg i Flora kommune, har busett 1500 flyktningar totalt i ein kommune med 12.000 innbyggarar. Likevel har det vore lite gnissingar og minimalt med kriminalitet knytt til asylsøkarane i løpet av dei 25 åra det har vore i drift. Solbakken asylmottak har vore ei solskinshistoria frå ende til annen. I Florø har ein eit godt samarbeid mellom det offentlege helsetilbodet og asylmottaket, det er eit skulesystem som tek imot flyktningane og fantastiske barnehagar og helsetilbod som kjenner utfordringane til flyktningane. Dette kan dei fordi det er noko som er bygd opp over fleire tiår. Resultata har vore så imponerande at då flyktningkrisa stod på som verst i 2015 tok over 40 kommunar kontakt å lære av drifta.

Få flere kommentarer og kronikker: Følg VG Meninger på Facebook!

Pågangen var så stor og spørsmåla så mange at fylkeskommunen gjekk inn med midlar for at dei skulle klare å handtere den. Dei har også vore med i eit forskingsprosjekt saman med NTNU Samfunnsforsking der dei har kartlagt korleis det har gått med 350 personar som har vore gjennom introduksjonsprogrammet for flyktningar i byen. I Flora har ein ønska å legge til rette for at dei kunne bli eit kompetansesenter som skulle vere relevant for all integreringsforsking. Det store paradokset er at mange av dei asylmottaka Solbakken har vore mentor for består, medan Solbakken sjølv blir lagt ned. Ved det utraderer ein ei av dei største suksesshistoriene i norsk integreringsarbeid og all kompetansen som er bygd opp der.

Flukt

Om få veker skulle det ha vore snorklipping for eit nytt driftsbygg på 300 kvadrat som var meint å huse helsesøster, miljøarbeidarar og rettleiarar. No skal alt leggast ned den 1.desember med begrunnelsen at asyltala er låge. Er det noko som er sikkert i den verda vi lev i, så er det at krigar vil oppstå. Folk vil legge ut på flukt. Då må ein ha ein viss beredskap og når regjeringa no skrotar eit av mottaka som verkeleg har vore ei ledestjerne for andre mottak vitnar det om manglande gangsyn eller særdeles sløvt arbeid frå byråkratane i UDI. Ein meiner altså at det er betre å legge ned i Florø der ein haustar fruktene for fleire tiårs arbeid, for å mellom anna satse på eit privat mottak i Førde kor ting langt ifrå har gått like knirkefritt, noko UDI sjølv oppdaga då dei inspiserte mottaket i 2016.Leder: Listhaug og menneskerettigheter

Når nyheitsinnslaga denne veka rullar inn frå Rinkeby bør Listhaug bli konfrontert med kvifor ho sjølv ikkje har lagt to pinnar i kors for at flyktningar skal integreras betre her til lands. Faktum er at ho langt på veg motarbeider det – noko nedlegginga i Florø er eit levande bevis på.

Her kan du lese mer om