STOLTE: – Pelsdyrbønder er stolte over arbeidsplassen sin, trass hat og trakassering. Det er mykje som stadfestar eit godt dyrehald, og dyrevelferd opptek bøndene mykje, skriv kronikkforfattaren. Foto:Kristin Lyseggen,

Debatt

Kronikk: Demokratiet vårt blir utfordra!

Ekstreme husdyrmotstandarar kjem med drapstruslar. Uverdige og sjikanerande kommentarar har vorte daglegdags i debattar om pelsdyrnæringa, og dels det øvrige norske
husdyrbruket.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

Artikkelen er over fem år gammel

Ole Sylte Heggset, sivilagronom.

Sigbjørn Kirkebøen, pelsdyrbonde.

Jau, NOAH og Dyrevernalliansen (DVA) tek sjølvsagt offentleg avstand frå drapstruslar og andre overtramp, men på sine Facebook-sider byggjer dei kontinuerleg opp under eit hat mot ei lita landbruksnæring, og stemplar pelsdyrbøndene landet over som dyremishandlarar.

Mobbing som metode

Ole Sylte Heggset. Foto: ,

Mobbing er ein bevisst metode i deira aksjonsform, og det hjelper tydelegvis lite at politikarane har sett kampen mot mobbing på kartet. Barn og ungdom er ofte glade i dyr. Dei blir drege med på ein form for massesuggesjon mot husdyrhald, der dyrevernorganisasjonane er aktive bidragsytarar. Skremselspropaganda og bilete av dyr som lir gjer det OK å mobbe og sjikanere bønder.

Forresten blir mobbing eit for mildt uttrykk i forhold til det lovlydige pelsdyrbønder har fått oppleve i årevis no. Enkelte familiar har til og med opplevd at borna deira vert trakassert i både barnehage og skule fordi foreldra har pelsdyr på garden. Det er vel neppe borna som har funne på dette?

Kunnskapsinnhenting trakassert

Sigbjørn Kirkebøen. Foto: ,

Sentralstyret i Unge Høgre var for kort tid sidan på gardsbesøk i ein pelsdyrgard. Dei ville tileigne seg kunnskap om næringa, og sjå verkelegheita for pelsdyra. Etter besøket la dei ut ein kommentar og eit bilete av seg sjølve med domestiserte gardsrevar i armane sine, på si FB-side.

Dette medførte faktisk til ein storm av uverdige kommentarar, fordi NOAH og DVA på sine FB-sider oppmoda sine sympatisørar til å skrive kommentarar om kva dei meinte om biletet og besøket. Her vart det framført drapstruslar og usaklege ytringar i stor stil. Unge Høgre følte seg til slutt så pressa at dei valde å slette biletet av omsyn til at dei ikkje kunne moderere innlegget, med alle dei stygge og ufine kommentarane

Slike hendingar er skremande i vårt demokrati! Besøket til Unge Høgre med mål om å skaffe seg fyrstehands kunnskap om realitetar på ein pelsdyrgard, likte nok ikkje husdyrmotstandarane. Dei såg at dette kunne få neste generasjons politikarar til å skjønne at sanninga ikkje var lik den NOAH og DVA fortel.

Visjon mot fakta

Laurdag arrangerer NOAH sitt årlege «Fakkeltog mot pels» i fleire byar rundt om i landet. Mykje skremselspropaganda og hat med basis i usanningar skal på nytt framførast.

I NOAH sin visjon heiter det: «Vi vil ha en verden hvor dyr er likeverdige medskapninger, dyr ikke skal drepes for kjøttets skyld, eller for menneskers interesser.» Alle forstår ut i frå dette, at kampen mot pelsdyroppdrett er fyrste steg mot målet. Difor vert pelsdyrnæringa forsøkt framstilt som «versting».

Fakta frå Mattilsynet sine siste rapportar er imidlertid slik: «Generelt er det under normale driftsforhold ikke høyere forekomst av skader og sykdom blant norske pelsdyr enn i annet husdyrhold.»

Fagmiljøa støttar opp

Veterinærforeningen har eit styrevedtak som er kritisk til pelsdyroppdrett. For oss verkar dette meir å vera eit politisk, og ikkje fagleg basert vedtak, og det er i alle fall lite demokratisk fundamentert, då det er ei kjent sak at styrevedtaket har møtt motbør frå dei veterinærane som kjenner realiteten i pelsdyrgardane.

Over 100 veterinærar har tilsyn med norske pelsdyrgardar. Desse meiner generelt at dyrevelferda i næringa er god. Med godt og målretta avlsarbeid gjennom 100 år er pelsdyra domestiserte og tilpassa burmiljøet, noko den uavhengige vitskapskomiteen sin rapport frå 2008 også konkluderer med.

I alt husdyrhald kan det sjølvsagt gjerast forbetringar, og med basis i forsking og erfaring kjem det ofte nye forskrifter og krav som styrkar dyrevelferda i alle næringar, også for pelsdyr. Det er bra!

Dyrevelferd opptek pelsdyrbønder

Pelsdyrbønder er stolte over arbeidsplassen sin, trass hat og trakassering. Det er mykje som stadfestar eit godt dyrehald, og dyrevelferd opptek bøndene mykje. Vi ynskjer å seie sanninga og framstille kvardagen vår slik at alle kan ta eit standpunkt sjølve. Næringa har ein sterk openheitsprofil, nyleg inviterte pelsdyrbønder rundt om i heile landet publikum til pelsdyrgardar, slik at dei med sjølvsyn kunne oppleva dei flotte gardsdyra, og næringas sterke fokus på dyrevelferd.

Me har fortsatt tru på at vårt samfunn og vårt folk slår ned på udemokratiske arbeidsmetodar, hat og skremselspropaganda. Norsk pelsdyrnæring har gjennomført sertifisering og helseteneste for alle pelsdyrgardar.

Med sin openheit og handlingsplan for dyrevelferd viser dei at det er ei levande distriktsnæring. Det er mange gode argument for at pelsdyroppdrett er ei bærekraftig næring for framtida

Mer om

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder