Stortinget, Oslo
Stortinget, Oslo Foto: Helle Gannestad VG

Stortinget er ikkje sikra mot jordskjelv

MENINGER

Dei siste åra har fleire jordskjelv råka europeisk og amerikansk politikk. Brexit, Trump, og Macron kan vere teikn på at det politiske systemet ikkje heng med i svingane.

Publisert:

MORTEN MYKSVOLL, redaktør tyrkiskpolitikk.noPå årets Oslo Freedom Forum sa journalisten Anne Applebaum at partisystema stod i fare for å ikkje famne om dei utfordringane me møter i dag. I alt for mange tema vert konflikta foreinkla til eit simpelt spørsmål om høgre eller venstre. Den klassiske økonomiske aksa vert brukt som indikator på svært mange tema. Det er nok meir eit resultat av ei sjølvpåført tvangstrøye, enn noko som helst anna.

Partisystema i vestlege demokrati kan i stor grad plasserast i to hovudkategoriar. Westminstermodellen er den eine, som i sin reindyrka form betyr at to parti kjempar mot kvarandre langs den klassiske økonomiske venstre-høgre-aksa. Den har namnet sitt frå Storbritannia, men er òg tilstades i til dømes USA.

Den andre modellen, konsensusmodellen, vert kjenneteikna av at eit land har fleire ulike parti som kjempar langs fleire ulike aksar. Det kan vere religiøse, etniske, eller geografiske skillelinjer som dominerer her. Kjente konsensusdemokrati er Nederland og Belgia.

I løpet av årets landsmøtesesong, såg me ein partiflora der somme relaterte spørsmål gjekk igjen fleire stader. Det finst grupperingar i Frp, Høgre, Venstre, Arbeiderpartiet, og SV, som kan vere einige om ganske mykje – viss ein heldt økonomi utanfor. Og heilt alvorleg: Dei økonomiske konfliktsakene er ganske små i Noreg.

Viss hovudkonfliktlinja i Noreg vert nasjonal(ist)-internasjonalist har ikkje dagens konstellasjonar ein nubbesjanse. Partia vil bli splitta – eller utkonkurrert.

Dette har allereie skjedd i Frankrike, der partisystemet vart knust i år. Emmanuel Macron inntok presidentpalasset i mai, og hans En Marché! stod bak eit enormt valskred i denne månadens presidentval. Dei klassiske høgre- og venstresidepartia vart fullstendig tilsidesatt. I USA vant Trump, i ein kamp mot både det demokratiske og (leiinga i) det republikanske partiet, med ein miks av typiske høgre- og venstresidesynspunkt. Han endra partiet innanfrå, men det er vanskeleg å replikere i mindre personavhengige system, som Noreg.

Storbritannia valgte å gå ut av EU i fjor, noko som skapte stor splid internt i både Labour og dei konservative. Ei lita brukt forklaring på kvifor Brexit vant, er at partia rett og slett ikkje var rusta for ein kamp som i så stor grad ikkje gjekk ved partilinjene. Begge dei store partia var offisielt for Remain, men dei vart slått av sin interne opposisjon – og opinionen. Les også: Svekket May kan bety mykere Brexit

I Noreg har klagestormen mot Miljøpartiet Dei Grøne sin påståtte blokkuavhengigheit stilna litt. Kanskje blussar kritikken opp igjen når valkampen hardnar til. Norsk politikk ser ut til å ligge trygt på konsensusmodellen si side, men sanninga er meir komplisert. Grovt foreinkla: Noreg har eit politisk system bygd opp på ein akse – den klassiske økonomiske høgre-venstre-aksa. Samtidig har me blitt påvirka av nokre motkulturelle røyrsler, og det har utvikla seg eit fleirpartisystem. Spørsmålet er, om systemet er representativt nok, spesielt når politikarar og media latar som om me har eit to-partisystem, med høgre- og venstresida som dei definerande blokkane.

Dette til tross for at Frp står side om side med SV i pensjonspolitikken – langt til «venstre». Ap sin klimapolitikk ligg langt til «høgre». Når Agenda går inn for niqab-forbod i skulen vert det sett på som eit forslag «frå høgre». Modellar er sjølvsagt foreinklingar, men det er mykje med høgre-venstre-aksa som ikkje gir meining.

Årets valkamp er den første på lenge der skillelinja sentrum-periferi ser ut til å påverke veljarane, men sjølv den vert gjort til ein høgre-venstre-greie. Alt skal plasserast på den aksa, uansett kor upresist det blir. Det er her irritasjonen over MDG kjem, hjå mange. Dei påstår at dei er frigjort frå denne aksa, samtidig som resten av oss ikkje klarar å sjå for oss noko anna enn at norsk politikk skal ha ei høgreside og ei venstreside.Les også: Et oppgjør med bileierne

Den internasjonale skillelinja, nasjonal-internasjonalist, derimot, har aldri tilpassa seg dei ulike sidene. Den har stort sett vore ein parentes i norsk politikk, og kvart parti har hatt sine større eller mindre fraksjonar med EU-tilhengarar, handels- eller bistandsforkjemparar. Det same gjeld kløfta mellom liberale og konservative. Den har aldri passa inn på høgre-venstre-aksa, men kvart einaste parti har denne konfliktlinja: Abortrettigheiter, gen- og bioteknologi, innvandring og integrering, og personvern. Sjølv liberale parti har konservative, og konservative parti har liberale. Fordi partisystemet ikkje handlar om til dømes personvern eller innvandring.

Det er fullt mogleg å samle saman eit rimeleg godt, liberalt parti, med medlemmer frå alle dei partia som i dag sit på Stortinget. Det kjem ikkje til å skje av seg sjølv.. Dagens parti har ei sterk sjølvinteresse av å behalde dagens forklaringsmodell, der høgresida kjempar mot venstresida. Kort sagt, ein får lite hjelp til å flytte ein gravplass av dei som ligg der.

Få flere kommentarer og kronikker: Følg VG Meninger på Facebook!Noreg er nok eit stykke unna å vere der Frankrike var i vår, då Macron snudde alt på hovudet. Ingen parti er særleg sårbare for å bli endra av ein demagog á la Trump. To-partisystem er meir sårbare for å bli distansert frå opinionen. Det einaste eg er sikker på, er at partia ikkje bekymrer seg så mykje for dette.

Her kan du lese mer om