GLAD PARADE: - Vi i Bygdepride kjenner oss utruleg privilegerte over å ha medverka til denne manifestasjonen over grenselaus kjærleik. Vi kjenner oss privilegerte over å ha vist at på bygda seier vi at kjærleik er kjærleik, skriver Sæbønes.
GLAD PARADE: - Vi i Bygdepride kjenner oss utruleg privilegerte over å ha medverka til denne manifestasjonen over grenselaus kjærleik. Vi kjenner oss privilegerte over å ha vist at på bygda seier vi at kjærleik er kjærleik, skriver Sæbønes. Foto: Kjell Arne Steinsvik/Over bakken foto

Bygdepride i Ørsta og Volda: Det skal ikkje lenger vere slik at du må flykte frå bygda for å bli akseptert for den du er.

debatt
Publisert:

Del saken på:

Lenken er kopiert
MENINGER

Vi vart spådde Sodoma og Gomorra. I staden vart det eit mirakel. Bygdepride-festivalen i Ørsta/ Volda samla kanskje 5.000 over fire dagar i ei hylling av den grenselause kjærleiken.

RUNE SÆBØNES, skeiv bygdegut og stolt arrangør av Bygdepride (saman med fleire).

Kanskje var det ikkje eit mirakel, for vi som arrangerte Bygdepride, ein gjeng på seks skeive, visste at bygda var annleis enn det inntrykket mange kan ha. For oss er bygda varm, omsorgsfull og inkluderande. Her kan vi bu og leve slik vi er. Og det er greitt for folk flest. 

Slik er det no, men slik har det ikkje vore. Går vi nokre tiår tilbake hadde skeive oftast to val: å leve ut, men då måtte flykte til storbyen, eller gøyme, gløyme og fornekte. Ære vere dei få som ikkje tok nokon av desse vala, og valde å vise fram heile seg. Og ære vere dei som tok den kampen, på bygda og i byen, som gjorde Bygdepride mogleg.

Lat oss gå tilbake til slutten av september 2017. Eit lite bedehusmiljø hadde bestemt seg for å ha eit homoseminar. Seminaret skulle vere hemmeleg. Det skulle vere ein føredragshaldar. Han skulle fortelje om korleis det var godt å vere homofil, og leve i sølibat. Det var synet som skulle ut.

Det fekk nokre av oss til å reagere. Vi tok tak. Vi inviterte til skipingsmøte for Ørsta/Volda Pride, og vi vart skipa med eit styre. Vi var raskt samde om at vi skulle halde eit Pride-arrangement i bygdene våre i mai 2018.

Det skulle vi aldri ha gjort, ifølgje einskilde. Ein sjølvutnemnd pastor skreiv i lokalavisene at ”ingen er skapt som homofil eller lesbisk. Dette vert skapt av synda, miljø og påverknad” og at eit Pride-arrangement ”kan kalle ned forbanning over bygdene slik det gjorde over Sodoma og Gomorra i oldtida”, og han skildra homofilt levesett som motbydeleg.

Lesarinnlegget vekte sterke reaksjonar, frå vanlege bygdefolk til mat- og landbruksminister Jon Georg Dale. Og ikkje minst frå dei lokale prestane i Den Norske Kyrkja i Ørsta og Volda. Dei tok i eit lesarinnlegg avstand frå det pastoren skreiv.

For oss som var i styret for Ørsta/Volda Pride var dette berre ei stadfesting av det vi trudde og var overtydde om: Bygda er for alle. Og vi endra namn på hendinga, frå Ørsta/Volda Pride til Bygdepride. Det skulle vise seg å verte eit svært godt val.

Likevel, vi veit at inntrykket av bygda blant mange er at ho er inneslutta, ekskluderande og kanskje mellomaldersk. Det gjeld ikkje berre synet på det å vere skeiv, men i det heile det å vere annleis. 

Vi som bur på bygda, veit at det har vore eit stort hamskifte dei siste ti åra. Med den globale teknologiske revolusjonen får bygda like raskt tak i det som skjer i den store verda som byen. Det gjeld også dei liberale haldningane til det å vere annleis. I alle fall dei haldningane som er gjeldande i vår del av verda. 

Men ikkje minst har homokampen verka. Dei som har stått på før oss, dei har kjempa igjennom det eine anti-diskrimerande lovverket etter det andre. Der nokre av oss for tretti år sidan trudde vi var heilt åleine på bygda som annleis, veit unge i dag at slik er det ikkje. Skulen snakkar om at det er lov å vere annleis. Vi har fått eit helsevesen som skal ta unge på alvor. Rett nok er ikkje alle kommunar heilt oppe og går enno, som Ørsta, som har sin helsestasjon for ungdom i Volda – saman med Volda kommune og Høgskulen i Volda.

Nokre av oss som var med og arrangere Bygdepride har vore opne lenge. Andre har vore lukka heilt til få år sidan. Felles for alle er at vi opplever at bygda tek i mot oss, er inkluderande og varm. For dei av oss som har venta å fortelje om heile deg, har det vore ei erkjenning av at spegelbiletet er din verste fiende. Det er ein modningsprosess å verte glad over og stolt over den du er. Heile deg.

Difor vart Bygdepride i Ørsta og Volda frå 10. til 13. mai så viktig. Bygdene mobiliserte. Ikkje berre Ørsta og Volda, men heile Sunnmøre og Nordfjord. Her slutta bygdefolket opp om bodskapen vår: ”Ingen skal lenger flykte frå bygda fordi dei vil vere den dei er”. 

Å vere open skeiv, er eit individuelt val. Det er eit tøft val. Vi som arrangerer Bygdepride har ikkje eit bestemt mål om at alle skal vere opne. Det kan vere fleire grunnar for at du kvir deg. Men vi ville få fram at du i alle fall ikkje skal lukke deg inne fordi du trur bygda vil gå i mot deg. Det gjer ho ikkje.

Som ordførar Jørgen Amdam sa det i sin appell etter den historiske paraden i Volda 11. mai: ”Dette er det største hamskiftet i bygdene våre i moderne tid”. 

Ein parade større enn noko 17. mai-tog, og 17. mai-toga samlar mange folk på Sunnmøre, viste ein ektefølt varme, ei ekte glede og ei ekte stoltheit over å kunne vere inkluderande og syne mangfald. Ja, det vart historisk, og det vart eit hamskifte – sjølv om vi veit at det framleis vert kampar som må kjempast også i framtida.

Vi i Bygdepride kjenner oss utruleg privilegerte over å ha medverka til denne manifestasjonen over grenselaus kjærleik. Vi kjenner oss privilegerte over å ha vist at på bygda seier vi at kjærleik er kjærleik. 

Paraden vart gjennomført i strålande solskin, det regna verken svovel eller eld. Om det regna noko, var det tårer frå oss som er skeive og dei som er glade for at vi endeleg kunne vise at bygda er for alle.

Og som leiaren i Ørsta/ Volda Pride, Anbjørn Steinholm Frislid, avslutta sin appell med: «til alle de andre skeive der ute. Ung eller gamal. Jente eller gut. Eller noko ein stad midt i mellom. Det skal ikkje lenger vere slik at du må flykte frå bygda for at du skal bli akseptert for å vere den du er. Det er dette beviset på”

Og som prest Kristian Myklebust sa under avslutningskonserten i Volda kyrkje: ”Ingen skal lenger måtte flykte frå bygda. Ingen skal heller lenger måtte flykte frå dette kyrkjerommet”. 

Ja, dette er bygda. Kyrkja er også med.

Denne artikkelen handler om