AASENS ARV: - På spørsmålet «kvifor sidemål» finst det eit raskt og kontant svar: Fordi vi lever i dette landet, slik det er, historisk og geografisk, med spenningar og mangfald, skriv kronikkforfattaren.
AASENS ARV: - På spørsmålet «kvifor sidemål» finst det eit raskt og kontant svar: Fordi vi lever i dette landet, slik det er, historisk og geografisk, med spenningar og mangfald, skriv kronikkforfattaren. Foto:Buggeland Sven Arne,VG

Kronikk: Ap sitt angrep på nynorsken

MENINGER

Den raud-grøne regjeringa gjekk inn for å styrke
sidemålsundervisninga. Men nå går Oslo Ap til kamp mot nynorsken på videregåande skole. Kan vi ha tillit til at politikarane vil stå ved det dei har gått inn for etter grundige diskusjonar og forpliktande vedtak?

debatt
Publisert:

Gunnar Skirbekk, professor i filosofi, Universitetet i Bergen.

Før valet gjekk alle dei raud-grøne partia inn for å støtte og styrke sidemålsundervisninga i skuleverket. Bakgrunnen var ein lang og grundig debatt. Dette standpunktet er i tråd med Stortingsmelding nr. 35 (2007-2008), «Mål og meining», som den raud-grøne regjeringa ved kultur- og kyrkjeminister Trond Giske la fram i 2008, som fekk tilslutning frå Stortinget våren 2009, og som er i dag er grunnlaget for norsk språkpolitikk: «Det er behov for eit meir heilhjarta og systematisk arbeid for å styrkja nynorsk språk og den nynorske skriftkulturen på brei basis.»

Kan vi ha tillit?

Eit sitat frå stortingsmeldinga: «.. det er viktig å sikra skuleelevar god opplæring i begge målformer, og at sidemålsundervisninga må utviklast og utbetrast, ikkje reduserast...».

Men eitt år etter valet går Oslo Arbeidarparti til kamp mot sidemålskarakteren. I programutkastet for 2015 vil Oslo Arbeidarparti «fjerne både sidemålskarakteren og sidemålseksamen».

Dette reiser eit prinsipielt spørsmål, uavhengig av den aktuelle saka: Kan vi, veljarane, ha tillit til at politikarane vil stå ved det dei har gått inn for etter grundige diskusjonar og forpliktande vedtak? Eller er det slik at ein politikar utan sjenanse kan gå frå sitt ord og snu kappa etter vinden? Det er eit spørsmål om politisk integritet. Og det er eit spørsmål om tillit og respekt, og om mangel på tillit og respekt.

Nokre sentrale poeng

Diskusjonen om sidemålet burde vere velkjend. Dokumentasjonen finst på nettet. Eg vil berre minne om eit par sentrale poeng:

Eit fag utan eksamen, i eit utdanningssystem basert på eksamen, er ikkje eit seriøst fag.

Det er vanskeleg å forstå at vi kan ha felles karakter i norsk, for bokmål og nynorsk, utan ei viss form for vekting: Kan ein elev stryke i eitt av språka og likevel stå? Kor svak kan ein kandidat vere i eitt av språka dersom eleven er god i det andre? Skal det vektast 50/50, eller 25/75, eller kva? Og skal slike spørsmål avgjerast av den enkelte lærar, kvar med sitt personlege skjønn og sine preferansar? Men då vil vurderingsgrunnlaget variere, og det er urettferdig. Kort sagt, vi kjem utanom ei standardisert vekting, men dermed har vi i realiteten to karakterar. Så vi oppnår ingenting. Dessutan, når sidemålet skal tilleggjast vekt ved fastsetjing av ein felles karakter, vil elevar som gjer det godt i hovudmål, men dårleg i sidemål, få ein dårlegare norskkarakter enn det eleven er god for i hovudmålet - 5'eren blir borte, noko som neppe vil gjere sidemålet meir populært.

Norskfaget er stadig overbelasta og diffust, jamvel om det er lett revidert som følgje av den omfattande diskusjonen dei siste par åra. Her er det mangt å ta fatt i. Arbeidssituasjonen til lærarane er éin ting - det er ikkje tilfeldig at lærarane streikar. Viktige stikkord er kontrollerande målstyring, basert på mistillit, og luftige kompetansemål som ofte er over evne for dei svakare elevane (i så måte, eit opplegg til mobbing i statsregi). Her burde politikarane ta sjølvkritikk, og ta nye grep. Det gjeld arbeidssituasjonen for lærarane. Det gjeld innføringa av felles og kvalitetssikra kjernestoff, i bøker og på nettet (ikkje minst til støtte for dei svakare elevane). Det gjeld slanking av norskfaget, med fokus på kjerneområdet for faget: norsk språk og litteratur (samordna med historie og samfunnsfag, men utan å overbelaste norskfaget med likt og ulikt).

I skulen er det fleire fag som elevane kan oppleve som ei plage. Matematikken er eitt av dei. Men det er påfallande at ein presumptivt seriøs politikar karaktiserer fag på denne måten, slik Libe Rieber-Mohn gjer i denne saka.

Det er her vi lever

På spørsmålet «kvifor sidemål» finst det eit raskt og kontant svar: Fordi vi lever i dette landet, slik det er, historisk og geografisk, med spenningar og mangfald! Politisk er vi homogene; sosio-kulturelt og språkleg var vi alltid heterogene, og er det også i dag.

Dessutan, Oslo ligg langt frå Europa, men også langt frå det meste av fedrelandet. Så send elevane på klassetur til Lofoten og Trondheim, til Finnskogen og vestlandsfjordane! Og gløym ikkje kor olja og gassen og vasskrafta kjem ifrå, eller kor fisken kjem ifrå, eller kor dei fleste turistskipa går. Det er ikkje i Oslofjorden. Det er langs kysten, frå nord til sør. Slik er no landet der vi lever, og der dei levde dei som forma dei institusjonane, med tilhøyrande holdningar og dygder, som enno er med og formar oss. Og her fanst og finst det eit norskspråkleg mangfald i skrift og tale. For å forstå kor vi er i verda, må vi forhalde oss til dette, også dette.

Politikarar som ikkje står ved sine vedtak, har ikkje politisk integritet. Politikarar som ikkje er oppdaterte på dei saklege diskusjonane, er ikkje tillitvekkande. Men den som er rask i snuen, kan snu igjen. Og då kan det vere godt å vite at det finst partimedlemmer i Bergen som gjerne står bi, meg sjølv medrekna.