DRAP PÅ ÅPEN GATE: Forrige mandag ble en mann i 20-årene drept i Ålesund. - Vi må behandle kriminelle som menneske, for det er det dei er, skriver Aarseth.
DRAP PÅ ÅPEN GATE: Forrige mandag ble en mann i 20-årene drept i Ålesund. - Vi må behandle kriminelle som menneske, for det er det dei er, skriver Aarseth. Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Forbrytelse og straff

MENINGER

Tidligare denne veka. Ein mann blir drepen på opa gate i Ålesund. I Ålesund! Så går det litt tid og så fortellast det at både den drepte og gjerningsmann har tilhøyrt eit rusmiljø. Drapet vart den ulukkelege utgangen av eit oppgjer. Folk pustar letta ut. Eg også.

debatt
Publisert:

AV KJETIL AARSETH

Det er for fælt å tenke på blind vald. På tilfeldige offer. Det er så lett å døme folk på eige hand. Gjere seg bedre enn dei. Be om strengare straffer. Puste letta ut. Det gjeld ikkje meg. Det er ikkje meg. Eller dei eg bryr meg om.

Men så gjer eg den øvinga eg har lært meg til å gjere i møte med alle menneske. Særleg dei som har kome skeivt ut i livet. Eg ser for meg personen det gjeld som eit nyfødt barn. Noko skjedde på vegen. Kanskje hadde dette barnet – no ein død narkoman eller ein drapsmann – like gode føresetnader som andre. Kanskje ikkje.

Noko skjedde på vegen. Så fann han vegen inn i eit liv som lovlaus. Eller ho. Men helst han. Menn er overrepresentert på dei kjipaste statistikkane. Mykje handlar om psykisk helse. Psykisk helse er noko som menn helst ikkje snakkar om. Men om sjølvmord er det ytterste uttrykket for dårleg psykisk helse, har menn det fælt. Folkehelseinstituttet fortel meg på sine nettsider at rundt 600 menneska tek livet sitt i Norge kvart år. Omlag 400 av desse er menn. Og så kjem mørketala i tillegg. Ein gong eit nyfødt barn. For dei som ikkje har tatt livet sitt – endå – gir psykisk helse seg uttrykk i desse andre kjipe statistikkane. Det er i hovudsak menn som er lovbrytarar. Rundt 80% av dei straffa i Norge er menn. «Gjerningsmann». Uttrykket kjem frå ein stad. Menn er også overrepresentert som offer og rusavhengige i det store bildet. Kvinner er med i dei fleste kategoriar dei også. Men i mindre grad og då helst som offer. Det er synd på kvinnene også.

Det er synd på dei alle saman. Ein gong eit nyfødt barn. Husk det.

Eg kjenner mange som har kome veldig godt ut av dårlege føresetnader. Og omvendt. Men som regel er der ein viss samanheng. Så kan vi som har vore heldigare enn det, leggje det til grunn før vi dømmer andre. Og håpe at vi ikkje blir ein del av statistikken.

For dømmer gjer vi. Alle saman. Det er så lett å gjere seg bedre enn andre. Leite etter lette utvegar. Rope om hardare straffer. I helga snakka eg med ein fyr som bur på Filippinane. Han opplever landet som tryggare etter at Duterte gjorde alvor ut av lovnadane sine. Duterte tek livet av narkomane og narkolangarar utan lov og dom. Kriminaliteten går ned. Naturleg nok. Frykt. Dette er sjølvsagt problematisk både juridisk, realpolitisk og etisk. Denne krigen frå Duterte mot eige folk – folk i naud – blir då også etterforska av Krigsforbrytardomstolen i Haag i desse dagar, som lovbrot mot menneskeheita. Mykje tyder på at han er på feil side når denne linja mellom rett og gale skal strekast opp.

Men kva med andre linjer? Kva med linja dei fører i USA? Eit land med eit straffesystem og tankegods som har tilhengarar også her heime. Heilt opp på regjeringsnivå. Det snakkast om strengare straffer og dårlegare soningsforhold her heime også. Det klagast på at dei innsatte får fine rom med flatskjerm. Det skal for øvrig godt gjerast å finne ein tv med gammaldags bilderør-teknologi i dag. Og så samanliknar ein soningsforholda med korleis det er å bu på aldersheim. Men meir om norske fengsel seinare. Tilbake til USA.

I USA praktiserast dødsstraff i 31 statar. Også i Missouri. St. Louis i Missouri er drapshovudstad og toppar statistikken på andre sida av dammen. I 2014 var det 188 drap i denne byen. St. Louis. Har høyrt om den. Sikkert ein millionby. Neida, den har under halvparten så mange innbyggjarar som Oslo. 188 drap. 188 liv tatt bort i ein by med 317.000 menneske. Om Ålesund skulle ha samme forholdstalet, ville det vore rundt 30 drap kvart år i Ålesund. Eg har ikkje tala heilt nøyaktig, men det er ikkje fleire enn at vi på kontoret i dag meinte vi visste om kvart einaste eitt av dei. Eit drap på ein politimann som ferska innbruddstjuvar ein gong lenge før eg var fødd. Så nokre til. Sju drap. Kanskje me tek feil og ikkje huskar. La oss seie at det er 10. På 50 år. Det er 0,2 drap per år i snitt.

I Norge skrik ein altså om strengare straffer. Ein vil ha verre opplevingar for dei innsatte. Ein unnar dei ikkje noko godt. I USA er alt dette på plass og litt til. Dødsstraffa som heng over folk i Missouri hindrar ikkje at det er 150 gongar fleire drap i St. Louis enn i Ålesund. 59 drap per 100.000 innbyggjarar. I The land of the free, er det veldig mange som sit i fengsel. Fengsla som er overfylte, brennande varme på sommaren, iskalde på vinteren, brutale heile året, gjer ikkje landet meir lovlydig. Kva med Waco, Texas som kjem best ut av dei 30 byane på lista? I Waco blir det drept om lag 25 menneske kvart år. Ikkje så gale? Vel, det er like mange som vart drept i heile Norge i 2017. Waco er heller ingen millionby. Waco har berre litt fleire innbyggjarar enn Drammen - 137.000 innbyggjarar. Alle har ein gong vore eit nyfødt barn. 25 drepast kvart år. Alle har minst ein gjerningsmann.

Straffene virkar ikkje. Ikkje der heller. Dei virkar ikkje preventivt og dei som kjem ut av fengsel, fell tilbake til gamle synder. I USA er det nær 80 prosent sjanse for at du havnar i fengsel igjen etter at du er sluppe ut. Om du slepp ut. I Norge er talet nede på 20 prosen. Det skuldast eit stort sett humant strafferettsystem.

Eg vel å tenke at teorien her heime er at om ein behandlar lovbrytarar med ein viss respekt, så kan dei gjenvinne respekten for seg sjølv og for andre. For lov og rett.

Frå 20 til 80 prosent! Tenk kor mykje liding som ligg i denne forskjellen. Tenk kor dyrt det er å behandle dei fysiske og psykiske skadene som denne kriminaliteten innebærer. Eg betalar skattepengane mine med glede berre for den reint samfunnsøkonomiske sida av det. Kostnadane for tapte materielle verdiar og behandling av fysiske og psykiske plager etter lovbrot, gjer det lønnsomt å tenke slik vi gjer i Norge. Slik vi har gjort. Dette er under press. Politikarar i posisjon vil svekke respekten for dei som har havna på feil side. I kommentarfelta ropast det om det samme, gjerne med Caps Lock på, dårleg grammatikk, dårleg tid. NOKO MÅ SKJE NO! Det er samfunnsøkonomisk lite lurt å tenke slik. Realpolitikk er ein ting. Økonomien også. Men så kjem det med etikken. Vi er bedre enn dette. Dei kriminelle treng å bli behandla godt, ikkje fordi dei nødvendigvis fortjenar det, men fordi dei treng det. Dei treng oss. Dei er som oss. Ein gong berre eit nyfødt barn. Og så har noko skjedd på vegen.

La det ikkje være tvil – om eg sjølv eller nokon eg står nær hadde vore utsatt for alvorleg kriminalitet, så hadde eg neppe vore særleg medviten og tenkt særleg nestekjærleg. Eg ville skrike etter blod. Etter auge for auge. Dette ligg naturleg i enkeltmenneska, men å flytte dette synet over i retts- og fengselsvesenet skal vi halde oss for gode til som samfunn.

Haudet kaldt og hjartet varmt.

Kriminelle treng rettsvern og forståelse. Den norske modellen har vist at det er mogleg. Den er basert på humanistiske prinsipp som pionérane frå opplysningstida, så generasjonar av gode politikarar og velgarar har gitt oss. Den er basert på forskning som utvetydig viser at det er mest effektivt. Ingen andre stader i verda er kriminaliteten lavare enn i Norge. Ingen andre stader blir dei kriminelle behandla med samme respekt. Ingen andre stader er tilbakefallet for kriminelle som blir fengsla eller straffa på andre måtar lavare enn her.

I Ålesund. I dag. Folk som står både offer og gjerningsmann er i sorg. Begge sider vil ha tankar om kva som er best. Unntak finnast sjølvsagt, men nokre tiår med god rettspleie har vist kva som virkar. La oss halde på det.
I USA og på Filippinane jagast kriminelle. Dei straffast hardt. Det virkar åpenbart ikkje. Og sjølv om det hadde virka, så er det ikkje rett. Vi må behandle kriminelle som menneske, for det er det dei er.

Her kan du lese mer om