GISKE-SAKEN: – Dyktige folk som oppnår resultat, har gjerne ein raus konto for, skal me kalla det, ukonvensjonell oppførsel, skriv Esther Moe. Foto: Lien, Kyrre

«Det er påfallande korleis alkohol flyt i så mange av historiane, men utan at pressa i særleg grad tematiserer eller undersøkjer det.»

debatt
Publisert:
MENINGER

Hashtaggen på fem bokstavar viser seg å ha kraft som ei middels stor atombombe. #metoo avkler, redefinerer, rokerer makt mellom den som før kunne ta for seg og den som blei tatt frå.

ESTHER MOE, skribent, Suldal

Ja, det er historisk sus over kreftene som nå kansellerer legitimitet og taushet rundt utagerande seksuell oppførsel på kostnad av menneske som aldri har bede verken om merksemd, begjær eller innpåslitne hender, tunge eller andre kroppsdelar.

Det er på tide med oppgjer. Det er på tide å kalla ein spade for ein spade og at urett blir retta opp og oppreisning kjem for den enkelte kvinne og mann som er blitt utsett for overgrep, trakassering og ufridom.

Det er ikkje synd på menneske som må avskriva tillit som følge av uvettig og foraktfullt omgang med den. Me er alle feilbarlege og gjer alle overtramp, men det å ha tillit er ingen menneskerett. Å få den er ingen sjølvfølgje, og blir det for mange spørsmål, smeltar den vekk.

#metoo handlar sjølvsagt om kvinnesyn og om menneskesyn, det er eit viktig brennpunkt. Men ein redaksjonssjef som glor på pupper i stadenfor å sjå medarbeidarar i augene, ein idrettsleiar som stadig kommenterer kroppane til utøvarar, eller ein brisen minister som på festar og kurs i embets medfør heng over betydeleg yngre kvinner og tafsar, er ikkje eit utelukkande eit bilde på ideologi.

Slik heller ikkje kvinner som oppfører seg kleint eller pressar seg på uvillig menn, nødvendigvis har eit forkvakla mannssyn.

Den type individ-åtferd kan sikkert studerast med utbytte av både psykologar, sosiologar, teologar, medisinarar og filosofar.

Men det ligg fleire faktorar rundt denne typen åtferd som treng å komma på tapetet, dersom trakassering og ta seg til rette-kulturen skal få trongare kår.

Det blei tendensar huskestue då eg for nokre dagar sidan posta følgjande melding på twitter: «Alkoholen er vel elefanten i #metoo-rommet. (Ja, det var før sosiologen Kjetil Rolness sin kronikk i Dagbladet med nesten likelydande tittel.)

Sinne-reaksjonane som kom skulda meg for å villa bortforklara kvinneforakten med alkohol, og at flasker og drinkar avsporar debatten. Eller som ei skreiv; det er ikkje dette #metoo handlar om.

Men elefanten i rommet er ikkje synonymt med The Årsaksforklaring. Elefanten i rommet er det som fyller rommet, men likevel er omgitt med taushet.

Det er påfallande korleis alkohol flyt i så mange av historiane, men utan at pressa i særleg grad tematiserer eller undersøkjer det. Alkohol er inga unnskyldning, men blir gjerne brukt som det, og at fylla har skylda, er gangbar mynt i vår kultur. Eller som ein alkohol-forskar sa det; har du lyst til å skjella ut sjefen din, liggja med bestevennen til mannen din eller knusa noko; drikk deg litt full.

Politikk, presse, kultur og scene har det felles at det er late hours, flytande grenser mellom jobb og fornøyelse, det er høge ambisjonar, store personlegdommar og ego, det er etablerte geni og talent som gjerne vil bli det, og det er aldersforskjellane som følgjer med.

Enkelte av desse bransjene har grensejakt som sitt oppdrag og mandat. Miks dette opp med alkohol og ein etterkvart ganske seksualisert kultur me alle legitimerer kvar dag. Utagerande seksuell oppførsel er truleg heilt enkelt muleg, også utan kvinneforakt.

Ein kvinne som er spaltist og muslim retweeta elefant-meldinga mi og konstaterte at ho for lengst hadde merkt seg alkoholflyten, men hadde sett det som det som hensiktslaust å seia noko ettersom ho rekna med at at det då ville koka ned til at ho ville islamfisera Norge. Ein god elefant i rommet-illustrasjon.

Sjølv er eg verken avhalds, KrF-ar eller muslim, nynorsk gir sannsynlegvis eit par kred-poeng i minus, men ikkje noko banesår. Ja, menn og kvinner er fullt ansvarlege for sine handlingar, også etter å ha drikke alkohol. Men nytelsesmiddelet er også ei gift, kjent for å forsterka både godt og vondt og for å kunna svekka dømmekraft og kritisk sans. Det er av og til ein bra ting, men om det er eit sjølvsagt tilbehøyr i situasjonar der ein eigentleg representerer eller er på jobb, er eit spørsmål som fortener debatt.

Sist men ikkje minst, dei fleste som forbryt seg eller drit seg ut, er ikkje eineveldige solkongar i eigne rike, a la Hollywood-mogulen Weinstein.

Dei fleste, anten dei er politikarar, tv-folk eller kva det er, er ein del av eit system med ei leiing, som mest sannsynleg har sett, men av ulike grunnar har sett gjennom fingrane med stilen og oppførselen.

Jonas Gahr Støre var denne veka veldig god i starten av sin pressekonferanse etter sentralstyret då han forklarte om kvifor han meiner Giske må trekkja seg frå nestleiar-vervet. Å vera på rett side av historia, har vel aldri vore viktigare for Arbeiderpartiet enn akkurat nå.

Men så serverer han det som i realiteten er eit kjernepunkt som ei innskoten bisetning. «Oppførsel, som av ulike grunner, har fått passere» sa Ap-leiaren. Og ingen stoppa han og bad han utdjupa. Seinare på dagen er Støre sitert på ganske direkte utsagn om ansvaret som kan liggja på tidlegare leiarar, altså Jens Stoltenberg. Den nåverande NATO-leiaren vil sjølvsagt ikkje inn i norsk politikk nå, der alskens hundar er begravde. Martin Kolberg, tidlegare partisekretær i Ap, ser ikkje bort frå at partiet burde ha aksjonert tidlegare (NRK), men han har jo ikkje fått nokon varsel. Så då, så.

Dyktige folk som oppnår resultat, har gjerne ein raus konto for, skal me kalla det, ukonvensjonell oppførsel. Pinleg fest-oppførsel, ego-utbreiding, frekk i kjeften-stil eller kronisk sjekke-modus, har nok gitt leiarskap rundt om litt grå hår og nokre kvaler, men heilt ærleg trur eg overgiven latter og litt munter hovudristing har vore vel så utbreidd hjå sjefane. Og dessutan: Han kan jo vera ein idiot av og til, men du verda så dyktig.

Kanskje har ein meir tafatt sjef også stått og irettsett si balstyrige stjerne med litt beundring både i hjartet og i blikket. Det blir ikkje rydding og like rettar og fridom for alle på den måten.

Før sjefar og system og hierarki konstaterer at #metoo ikkje berre handlar om den eine tullingen, men systemet som held si hand over han eller ser gjennom fingrane med kvalminga, vil det bli lite endring. Overgriparar og ta seg til rette-folk vil fortsatt måtta gå. Men nye vil komma på, for scenen står like støtt.

Denne artikkelen handler om