NORTHUG-SAKA: – Eg trur dette er eit utbreidd problem i mange talentbransjar. Eit team tenar store pengar på ei stjerne, men forsvinn når dei falmar, skriv Daniel Kvammen. Foto: DAVID ENGMO

Debatt

Nokon lyg om helten vår

Petter Northug ofra ungdomstida si for at det norske folk kunne stå på svenskegrensa og rope «jævla tapera» medan vi veiva med flagg og fråda av vinnarglede. Kor var Ski-Norge då han trong at nokon tok frå han glaset og følgde han heim frå festen?

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

DANIEL KVAMMEN, artist og låtskrivar

Vinteren 2020 sto eg på eit dansegolv i Oslo, med mine beste venner. Dei folka eg har det mest moro med, dei folka som elskar meg sjølv når klokka rundar to om natta og det eigentleg er på tide å dra heim, dei som elskar meg til og med når eg er den dårlegaste versjonen av meg sjølv.

Midt i eit av mine mindre imponerande dansetrinn stoppar eg opp og riv kompisen min i armen. Petter fuckings Northug! Ein av mine største idrettsheltar sat i hjørnet av baren i kjend posisjon. Sist eg såg han slik hadde han nettopp vunne femmila i Holmenkollen, og menneskja rundt han var kledd i boblejakkar og veiva med norske flagg. No hadde dei på seg neonkjolar og flagga med halvdyre champagneflasker mellom lange akrylnegler.

Daniel Kvammen Foto: Simon Skreddernes

les også

Northug ikke ruspåvirket da han kjørte: Det skulle bare mangle ...

For meg var han jo først og fremst ei legende, frå store idrettsprestasjoner og ei uendeleg rekkje av sigrar. Ein storslagen entertainer og evig bajas. Han som alltid hadde like stor aura i seier, som i tap. No hadde scenariet ein ganske anleis karakter. Ikkje like trygg. Ikkje like rak. Eg hugsar at eg ikkje greidde å fri meg frå tanken om at noko ikkje var som det skulle. At noko var veldig galt.

Då natta blei til morgon gjekk eg heim og skreiv låta «Janteloven». Ein klagesang om ein konge på haugen, han som har alt, han som nektar å bli ignorert – til tross for at det ikkje lenger er gull å vinne. Han fyren som gret på innsida, medan knyttnevane veivar over hovet i takt med Tix, og gamle medaljer klinkar mot speil med pulver.

Lite visste eg at låta skulle få ei heilt anna mening eit halvt år seinare.«Kven tar vare på Petter no?» tenkte eg. «Har han ekte venner?» Spør dei neonkledde partyfolka «korleis har du det sånn eigentleg?».

les også

John Northug om sønnen: – Har ikke mestret den vanskelige overgangen

For la oss vere ærlege: det er ikkje perifere bekjente som har ansvaret for å seie i frå til … ja kven skal ein seie frå til eigentleg? Familien? Kor har støtteapparatet vore dei siste åra? Dei som tjente store pengar på han då han var idrettshelt? Forsvann dei då han runda målstreken etter den siste femmila?

Kom eigentleg nyheiten om at han likte å ruse seg og feste som lyn fra klar himmel? Kan det verkeleg stemme at rykta berre svirra nede i Oslo sentrum og aldri nådde heilt opp til Olympiatoppen på Sognsvann?

Eg trur dette er eit utbreidd problem i mange talentbransjar. Eit team tenar store pengar på ei stjerne, men forsvinn når dei falmar. Alle millionane som har gått til at ja-menneske rundt han skal rope enno meir ja, burde ikkje noko av desse pengane gått til psykologtimar, festbremsar og varme klemmar?

Eg hugsar då eg slo gjennom med musikken og blei vant med skrikande publikum, store lyskastarar og mykje festing. Kva er det ein seier? «Eg har vore ute ei vinternatt før». For det har eg, akkurat som Petter Northug. Då eg vakna opp etter tidenes nachspiel med kvitt hår og fylleangst, hadde både management, vener og kjæreste forlatt meg. Dei var leie av det ustabile, leie av mi evige jakt på spenning, fart og skrik.

les også

Northug-partner: Fremtidsplanene består – kleslansering til høsten

Nå skal eg ikkje samanlikne mine tidlege år i musikkbransjen med Petter Northugs uendelege mange ekstreme prestasjonar, men eg lar meg likevel irritere over å sjå at teamet rundt han ikkje har teke tak tidlegare. Eg synest Norge er flinke til å fostre fram talent, men det finst ikkje eit godt nok apparat for å følgje dei opp etter suksessen. Kven sit med ansvaret for å ta imot dei som dett ned frå pallen? Det er vel kanskje lettare å berre stikke når alt går ad undas?

Northug har ofra ei heil ungdomstid for at det norske folk skal kunne stå på svenskegrensa og rope «jævla tapera» medan me veivar med flagg og frådar av vinnarglede. Kor var ski-Norge då han trengte at nokon tok frå han glaset og følgde han heim frå festen, kvifor var det ingen som gav han ein klem og sa at dette skal me finne ut av saman?

Heldigvis har eg fått ny sveis siden det nachspielet, og gode venner løfta meg opp. Heilt utan betaling til og med. Tenkje seg til. Det går an å lande, med hjelp frå nokon som bryr seg.

Mer om

  1. Petter Northug
  2. Musikk
  3. Olympiatoppen
  4. Utelivsbransjen
  5. Rus

Flere artikler

  1. Pluss content

    - Blei ofte straffa for løgnene mine

  2. Hvor er artistene i klimakampen?

  3. Den store styrkeprøven

  4. Rajas feilslåtte moral-angrep

  5. Utelivet tar ansvar mens Høie inviterer til nachspiel

Fra andre aviser

  1. Inntektsfall for Kygo: Unner seg likevel et utbytte på 29,6 mill.

    Aftenposten
  2. Fortviler over forlenget skjenkestopp: Etterlyser forutsigbarhet

    Aftenposten
  3. Aurora dro inn 22 millioner kroner og tredoblet resultatet

    Aftenposten
  4. Bent Høie burde gå på pub i Glasgow

    Aftenposten
  5. Kokain i Norge: Ikke lenger bare for fiffen

    Aftenposten
  6. Bill Callahan: Ukjent kar med et album av gull

    Aftenposten

VG Rabattkoder

Et kommersielt samarbeid med kickback.no