PRIDE: Om eitt år håper vi å vere ut i gatene igjen, i ein herleg fargerik fellesskap. Om det er i Oslo, i Ørsta/Volda, i Bergen eller i Nord-Troms. Bli med på festen, men gløym ikkje protesten, skriv kronikkforfattaren (t.h.), her saman med Anbjørn Steinholm Frislid, leiar i Bygdepride. Foto: Bygdepride Ørsta/Volda

Debatt

Bli med på festen – ikkje gløym protesten!

I dag skulle titusenvis ha sprunge ut i gatene i Oslo, og feira mangfaldet og kjærleiken i paraden til Oslo Pride. Slik vart det ikkje. Corona-tiltaka har sett ein stoppar for alle Pride-arrangement i vår og sommar. Men feira og protestert vert det likevel.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

RUNE SÆBØNES, styremedlem Bygdepride Ørsta/Volda

Dei fleste Pride-arrangørane i Noreg har flytta arrangementa over på digitale plattformer.  I Bygdepride Ørsta/Volda hadde vi digitalt Bygdepride den 7. og 9. mai. For oss var det veldig viktig å få markert at vi i år skulle hatt regnbogemesse for fyrste gong. Ørsta sokneråd ynskte oss velkomne til Ørsta kyrkje.

Det var nær uverkeleg, for det er ikkje så mange år sidan skeive opplevde at den største motstanden mot dei som heile menneske var nettopp kyrkja.

Difor fekk vi sokneprest Arne Moltubak til å ha eit av innslaga under digitalt Bygdepride, og der han helsa frå kyrkja. Mellom anna gjorde han det med desse orda:

«Vi vil ikkje at du skal flytte. Vi vil at du skal vere her slik du er, med heile deg. I bygda vår, i fellesskapet vårt og i kyrkja vår. Du treng ikkje flytte eller gøyme deg eller late som. Du kan vere deg sjølv, skapt og elska av Gud, og uendeleg viktig for dei rundt deg. For om ein av oss lid, då lid vi alle. Om ein av oss blir æra, då gler vi oss alle.»

les også

Slik blir årets Pride-feiring i Oslo: – Kjempeviktig at Pride er antirasistisk

Responsen var enorm. 7.500 såg denne videoen. Det er eit svært høgt tal når vi snakkar om eit digitalt arrangement fyrst og fremst for Søre Sunnmøre og Nordfjord.

Responsen synte at det med prestens tale er teke eit stort steg framover for skeive i Ørsta/Volda, på bygdene. Det har ikkje skjedd utan kamp. Nettopp grunna Bygdepride kom kyrkja oss i møte. Det syner at Bygdepride og andre Pride-arrangement ikkje berre er ein fest, men også ein protest. Det er ein kamp for å nå aksept for at folk kan vere annleis, også når det gjeld seksuell legning.

Mange spør om det er noko meir å kjempe for i Noreg. Svaret er enkelt, ja det er det. På fleire område går vi i feil retning. Det gjeld mellom anna synet på transpersonar. Fleire av dei seier at dei opplever meir hets og trakassering no enn berre for få år sidan. Framleis vert skeive i alle fasongar trakasserte. Seinast i fjor, etter paraden i Oslo Pride, var det valdshendingar. 

Og dagleg vert det ropt «jævla homo».

Dessutan, når vi feirar Pride i Noreg, er det også for å vise internasjonalt fellesskap. At vi står sterkare saman. Utviklinga i Aust-Europa er djupt urovekkjande. Det er ho også i Latin-Amerika og i fleire muslimske land. Difor feirar vi Pride for å vise at vi støttar den kampen som er i andre land. At vi protesterer mot at menneske ikkje kan vise den kjærleiken dei ynskjer.

les også

Fem dokumentarer for Pride – se dem på VG+

Pluss content

Corona-tiltaka i Noreg har vore strenge. Sosial distansering har for mange ført til sosial isolasjon. Mange har kjent einsemd. Heldigvis byrjar samfunnet no å losne opp. Vi møter kvarandre igjen, og vi har det kjekt saman.

Då er det kanskje enklare for oss å sjå dei som lever i einsemd året rundt, og som vil halde fram med det. Berre fordi dei kjenner det veldig vanskeleg å fortelje om heile seg. Dei kjenner ei frykt for at dei nær ein, samfunnet elles, ikkje vil akseptere. Dei kjenner kanskje skam.

I Bygdepride lanserte vi i fjor emneknaggen #frifråskam. Det er ingen grunn til å kjenne skam. Tvert imot. Folk skal vere stolte av den dei er.

Det er ikkje til å underslå at mental helse er eit problem for mange skeive. Einsemda gneg. Frykta for ikkje å verte akseptert gneg. Heldigvis er helsevesenet vårt klar over dette. Mange stader er helsestasjonar for ungdom til uvurderleg hjelp. Men også her er det enno ein veg å gå. Helsepersonell treng kunnskap. Ofte er dei den einaste ein ung skeiv vågar å snakke med. Det er eit stort ansvar.

Då Bygdepride vart arrangert i Ørsta og Volda for fyrste gong for to år sidan, vart det eit storhende. Ingen kunne på førehand sjå føre seg at tusenvis kom ut i gatene for å feire mangfald og kjærleik. Det hadde vore arrangement på bygdene tidlegare kring om i Noreg, men Bygdepride fekk ei deltaking og ein omtale som vart mykje større enn noko tidlegare arrangement for skeive utanom dei store byane.

«Homofili smittar ikkje, men Bygdepride gjer det», sa leiar Anbjørn Steinholm Frislid i takketalen då Bygdepride Ørsta/Volda fekk likestillingsprisen til Møre og Romsdal fylkeskommune i oktober 2018.

For oss i Bygdepride er dette forpliktande. Den fyrste utgåva vart mykje fest, og litt protest. Det var festen som var viktigast det fyrste året. Vi ville syne at bygda ville inkludere, og at ho ikkje var noko fordomsfullt og skummelt. Det lukkast vi med. 

Men samstundes som vi feirer, må vi vere tydelege på at det framleis er ein kamp for å oppnå aksept for å vere annleis. Difor var temaet i fjor skeiv soge på bygdene, og der vi fekk fram at folk kjende at dei måtte flykte. Frykta førte mange til storbyane. 

I år skulle temaet altså vere internasjonalt fellesskap. At det å vere skeiv på bygda i Noreg nok kan vere tøft for mange, men at det å vere skeiv på landsbygda i Polen, i Uganda eller i Marokko, er noko heilt anna. 

I år markerer vi Pride digitalt. Vi seier «kjærleik, overalt, uansett». Vi får folk, det offentlege, verksemder og organisasjonar til å heise regnbogeflagget. Vi håper mange vert med på dei digitale arrangementa, om dei er på heimesider eller sosiale medium.

Om eitt år håper vi å vere ut i gatene igjen, i ein herleg fargerik fellesskap. Om det er i Oslo, i Ørsta/Volda, i Bergen eller i Nord-Troms. 

Happy Pride – bli med på festen, men gløym ikkje protesten.

Mer om

  1. Pride
  2. Homofili
  3. LHBT
  4. Ørsta
  5. Volda

Flere artikler

  1. Frykter flere vil droppe ut av studiene uten fadderuke

  2. Ord om kjærlighet

  3. Kadra Yusuf tillegger oss meninger vi ikke har

  4. Det er nok no

  5. Ramsalt konge-kritikk fra kristen-høyre

Fra andre aviser

  1. Debatt: – Eg visste intuitivt at dette var noko eg måtte halde hemmeleg

    Bergens Tidende
  2. – De som jakter mote og design, må besøke noen andre. For oss er det viktigst å ha det smått og funksjonelt.

    Aftenposten
  3. Ann Catrin (35) har alltid visst at ho ikkje vil ha barn. Ho må stadig forsvare valet

    Fædrelandsvennen
  4. Astrup vil la kommunene heise prideflagget

    Aftenposten
  5. Hadde jeg vært en steril mann, kunne jeg blitt juridisk forelder

    Aftenposten
  6. Koronaviruset stoppet toget. Men det blir feiring likevel.

    Aftenposten

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder