STIGMA: Artisten Aurora spilte to konserter i Tel Aviv i fjor, noe som ble underkommunisert av artistens management. – Stigmatiseringa ved å velje feil side i Israel-Palestina-saka er heilt grotesk, skriver kronikkforfatteren. Foto: Frode Hansen

Debatt

Norske artistar har fått seg eit moralpoliti

Fått spelejobb i Las Vegas? Blitt invitert som hovudartist til den kjende festivalen Coachella? Skal du vise filmen din på Sundance-festivalen? Ikkje om du er imot dødsstraff, vel.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

SUZANNE AABEL, journalist

Kva er lettast? Å lenke seg fast i porten til Kongsberg Våpenfabrikk og protestere mot Noregs eksport av våpen til krigsramma land? Eller å peike finger mot artisten Aurora forbi ho underheldt i Tel Aviv i Israel?

Påstand: I Noreg driv vi ikkje sensur. I Noreg er musikk fridom. Eller er det ikkje slik? Er sanninga den at kunstnarar, artistar og offentlege meiningsberarar oftare blir stilte til veggs av grupperingar som ikkje ønskjer at ein skal få utøve det artistiske virket fritt?

Det ser ut til at norske artistar har fått seg eit moralpoliti. Eit kultur-elitistisk moralpoliti som gladeleg set på bremsen på ferda di mot suksess, og som gladeleg svertar karakteren din – om du då ikkje velvillig høyrer inn under den moralske tvangstrøya som dei pålegg deg.

Suzanne Aabel. Foto: PRIVAT

les også

Reagerer på Aurora Aksnes’ forsvarstale for å spille i Israel: – Hadde trodd mye bedre om henne

Som med artisten Aurora. Det storma då VG «avslørte» konsertplanane hennar i Israel tidlegare i haust: «Aurora Aksnes utelater Israel-konserter fra turnéplanen». Der gjorde dei ei ikkje-sak om til ein skandale. Palestinakomiteen saman med The Boycott, Divestment, Sanctions Movement Norway (forkorta BDS-rørsla) fekk snusen i at Aurora skulle spele to konsertar i Tel Aviv i november, to konsertar som staben hennar prøvde å «skjule» frå turnéplanen, ifylgje VG. 

Manageren til Aurora, Geir Luedy Andersen, skreiv i ei tekstmelding til Klassekampen at konsertplanane i Israel med hensikt var utelatne frå nettsida til Aksnes fordi dei ønskte «minst mulig henvendelser av denne typen».

Dette framstår i ettertid som eit heilt medvite val og ei klok vurdering frå erfarne PR-folk. Dei visste at ein svertekampanje ville bli sett i gang. Og ein slik kampanje vil ein artist naturleg nok ikkje bli utsett for. Stigmatiseringa ved å velje feil side i Israel-Palestina-saka er heilt grotesk.

Israel er eit av dei mest omstridde landa i verda. Eit land som Palestinakomiteen tvilar på har rett til å eksistere. Her heime er engasjementet for palestinarane sin kamp stort, både i rikspressa og blant kultureliten. Musikarar og andre kunstnarar er oppmoda om å ta eit radikalt standpunkt, etter press frå eigne kollegaer. Moralske peikefingrar. Tommel ned. Ein sikker klikkvinnar. Og difor smell det kvar gong. 

les også

Oslo kommune kan vise vei i folkeretten

Saka dreier seg òg om den stinkande inkonsekvensen både norsk presse og mange norske boikott-aktivistar handhevar. Nestleiar Øystein Grønning i Palestinakomiteen var visstnok skuffa over Aurora. «Det ser ut til at pengane lokkar meir enn solidariteten», sa han til VG. Om han hadde vitet i behald og kunne eit og anna om norsk musikkbransje, ville Grønning kanskje trekt tilbake skuldinga. Ingen går i 2019 inn i musikkbransjen på jakt etter pengar.

Aurora har meldt tilbake at ho likar å snakke om nestekjærleik og empati. Ho føyer til på Facebook-sida si at ho ikkje kan la politikk stoppe henne frå å dra til menneske og «røre ved dei». «Jeg tror det er det beste en musiker kan gjøre. Og kanskje det viktigste», skreiv ho.

Grunnane til at krava om kulturell boikott av Israel er både feige og skammelege, er mange. Først og fremst fordi boikott ikkje genererer noko positivt i det heile. Musikk er fridom! Kunst er å uttrykke seg! Det er i kunsten ein kan sameinast, knyte band, legge splitting til side. Kunsten må ikkje kneblast i konflikt, men brukast til å utrette noko. For kva er eigentleg stemma i kunsten verd, om du ikkje brukar henne? Eg vil dra det så langt som at kunsten er verdilaus om han blir ekskludert gjennom boikott. Integritetslaust og komplett ubrukeleg. 

Kva er så kunstnarisk fridom? Jau, det er vel å kunne gjere nøyaktig kva ein vil. Den fridomen er til og med så enorm at ein kan ytre noko konkret og seinare fortelje at det var kunsten som tala til ein. Bodskapen du trudde du mottok? Ja, det er eit heilt anna tema. Kunsten er komplisert. Altfor komplisert til at vi kan stille irrasjonelle krav til han.

les også

Kritikk av Israels okkupasjon er ikke antisemittisme

Kulturell boikott av Israel er problematisk å svelge fordi det er ei symbolhandling som korkje affekterer israelsk økonomi eller politikk. Og fordi han heller ikkje har nokon verdi for palestinarane og deira utfordringar i Israel – anna enn det faktum at det finst musikarar i Noreg som er solidariske. Tanken er fin, men gir ikkje foreldrelause born betre nattesøvn.

Ein god grunn til aldri å velje musikalsk boikott som verkemiddel er enkelt og greitt at kunstnaren er ein helt når ho vågar å stå imot dei som vil sensurere henne, når ho står imot dei radikale kreftene som i enden av visa prøver å teie kunsten hennar i hel. 

Dess meir polarisert samfunnsdebatten blir, dess dummare blir han. Ikkje minst blir han redusert til ei vulgær utskjelling mellom ytterpunkta, utan felles mål. Når ein korkje lyttar til kvarandre eller ærleg gjer eit forsøk på å forstå kvarandre, blir det seigt.

Ein lengre versjon av denne teksten står på trykk i siste nummer av Syn og Segn.

Mer om

  1. Israel/Palestina
  2. Israel
  3. Boikott
  4. Musikk
  5. Aurora Aksnes

Flere artikler

  1. Går sammen om streaming-prosjekt: – Low Key og teit

  2. Disse stjernene har blitt beskyldt for kulturtyveri

  3. Er Black Friday en god deal?

  4. TIX arrangerer Norges første digitale russetreff

  5. Risikerer ti års fengsel – møter Trump før historisk avtale

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder