ÅPEN OM PROBLEMENE: I dag, 10. september, er verdensdagen for selvmordsforebygging. I den anledning skriver Oddvar Vignes om da han forsøkte å ta sitt eget liv i 2009. I kveld kan du se ham i «Else om selvmord» på TVNorge.
ÅPEN OM PROBLEMENE: I dag, 10. september, er verdensdagen for selvmordsforebygging. I den anledning skriver Oddvar Vignes om da han forsøkte å ta sitt eget liv i 2009. I kveld kan du se ham i «Else om selvmord» på TVNorge. Foto: Gudmund Rørheim, Øyposten.

Oddvar ville ta sitt eget liv: - Eg klarte ikkje å ha på meg klovnemaska lenger

MENINGER

Eg måtte berre få med meg det siste bryllaupet, den siste Tomatfestivalen og ein siste episode av Nytt på Nytt. Så kunne eg endeleg få avslutte det livet eg ikkje klarte å leve.

debatt
Publisert: Oppdatert: 10.09.18 14:25

ODDVAR VIGNES, dagleg leiar og foredragshalder i Vignes grav Å spreng.

Det var fullstendig kaos då eg vakna av at telefonen ringte. Foreldra mine hadde ringt og ringt, endeleg hadde eg vakna av lyden. Var eg i live? Eg rakk ikkje tenkje over kva som hadde gått galt, eg måtte berre komme meg ut av rommet. Eg pakka med meg det meste eg hadde tatt med til hotellet. Eg heiv instruksjonslista som eg hadde lagt fram til politiet når dei kom. Dei trengte ikkje lenger ringe onkel for å informere om at eg var død, eg var diverre høgst levande.

Eg hadde spolt gjennom den scena i hovudet så mange gonger at det føltes som eg hadde opplevd den. Politibilen som svingte av frå hovedvegen, inn mot Nordre Vignes. 600 meter i roleg fart til det var slutt på asfalten. Onkel som steig ut av bilen og møtte mor og far på trappa. Dei gret og klemte. Så gjekk dei inn og sette seg rundt kjøkkenbordet, og onkel gav dei breva eg hadde skrive til dei. Eit til far, eit til mor. Dei starta å lese og innhaldet gav meining. Dei forstod at dei var dei beste foreldra eg kunne hatt.

Eg var så ufatteleg takknemleg for alt dei hadde gjort for meg. Dei hadde verkeleg gitt meg alt. Men eg hadde misbrukt mulighetene mine. Inga fullført utdanning, sjukemeldt og ute av stand til å opne min eigen postkasse. Eg klarte ikkje å ha på meg klovnemaska lenger. Eg hata kva eg var blitt. Ein løgnar og skuffelse for alle rundt meg. Alt eg tok i døyde. Det var på tide at eg tok konsekvensane av alle feila eg gjorde.

Eg var død så eg slapp å leve på løgnene lenger. Eg var død slik at dei rundt meg kunne få fred. Mine foreldre haldt rundt kvarandre. Dei gret, men dei hadde fått ein ro over seg. Dei forsto meg. Dei forstod at dette sjølvmordet måtte skje. Eg måtte døy og det var ingenting dei kunne gjere med det.

Sjølvsagt ville det aldri skjedd på denne måten. Men det vart ein trøyst for meg å tenkja slik. Det var ein måte å ta bort min eigen uro for å døy. Det var ei trøyst i at eg skulle døy mens dei andre skulle leva. Det var ei god kjensle. For ja, det er mykje godt venskap i ein sjølvmordstanke.

Etter å ha låge til overvaking på Lovisenberg sjukehus vart eg sendt videre til Ullevål for å vere på psykiatrisk der. Eg fortalte behandlarane at eg var litt sliten, så det passa godt at eg kunne vere der ei stund. Det gjekk nokre dagar  før eg klarte å vere ærleg og fortelje kva som eigentleg hadde skjedd. At eg sidan mai hadde planlagt min eigen død. Eg hadde vore i fleire bryllup, eg hadde feira min siste Tomatfestival. Eg hadde brukt siste helga mi på vener, fotball og gullrekka på NRK.  Mest eit halvt år med planlegging, den einaste store planen eg hadde klart å gjennomføre, totalt bortkasta. Eg snubla på oppløpssida. Igjen.

Eg fortalde mor kva som hadde skjedd. Ho besøkte meg kvar einaste dag eg var innlagt. Ho lurte på kva ho skulle sei til dei som lurte på kva som hadde skjedd meg.  Då tok eg eit av dei viktigaste vala eg nokon sinne har tatt, eg bestemte meg for å fortelje sanninga. Eg sa at ho kunne seie at eg hadde prøvd å ta livet mitt, at eg no var innlagt på Ullevål og at døra sto open for alle som ville besøkja meg. Openheita mi i den samtalen endra seinare livet mitt.

Å eg fekk besøk. Kvar einaste dag kom forskjellige folk etter at mor var gått. Somme var triste, somme var sinte, alt er lov på psykiatrisk avdeling. Det viktige for meg vart at vener og familie fekk sjå meg. Dei såg meg lukka inne, dei såg at eg var sjuk. Eg trengte at dei fekk oppleve meg slik, det var ikkje lenger nokon mulighet for meg å gøyme meg bak klovnemaska. 

Eg vart skriven ut og bror min kjørte meg over fjellet, heim til Finnøy. Det var lange og tause timar. Me kom oss til Finnøy og kjørte heimover. Frå hovedvegen svingte me av mot Nordre Vignes. Det var 600 meter i roleg fart til asfalten slutta. Eg fekk beskjed om at far var i det gamla huset. Eg hadde ikkje sett han sidan eg havna på Ullevål. Det tok nokre veker før eg klarte å snakka med han. Men no sat han i det gamla huset og venta. Saman med onkel. Eg gjekk inn i stova. Eg ville bryte saman, slenge meg rundt halsen på dei og skrike at dei måtte hjelpe meg. Men eg klarte det ikkje. Eg høyrte meg sjølv fortelje kva som hadde skjedd. Utan innleving. Utan eit fnugg av følelsar. Eg takka for at eg fekk koma heim og gjekk for å leggja meg. Eg pusta, men var meir daud enn levande.

Eg var heldig. Fyrste dagen heime fekk eg time hjå fastlegen til mor. Etter den timen takka eg nei til videre behandling i psykiatrien. Fastlegen forstod meg. Han såg meg og endra måten eg såg på meg sjølv. Eg lærte meg at eg ikkje trengte å jaga etter å vere noko eg ikkje var. Oddvar var ikkje ein utadvent superselgar som elska bylivet og var opptatt av inntening og sosial status. Oddvar var ein bondetamp som hadde strøke på traktorlappen og som likte å gå i skjorter. Å det var heilt greitt å vere sånn. Eg trengte ikkje å døy, eg hadde berre gått meg vill i mine eigne tankar.

Men korleis kunne dette skje meg? Eg var jo morosam og kunne snakka for meg. Då tek ein ikkje sjølvmord? Sjølvsagt gjer ein det. Det overraskar meg stadig korleis folk vert sjokkert over kven som tek sjølvmord. Kan me ikkje snart komme oss videre? Me ser glansbilder av menneske, både av kjente og ukjente og trur me kjenner dei. Men det gjer me ikkje. Rikdom og følgarar på sosiale medier betyr ingenting når du ligg åleine og skjelv av angst. Sjølvmord kan råke dei fleste familiar, kvart einaste av dei over 600 sjølvmorda i fjor er eit svart hol av ondskap. 

Så kva er bodskapen min? Gjer noko. Alle kan gjere noko. Politikarar, helsepersonell, kompisar, brør og systre. Alle har me muligheten til å gjere noko. Har du ein kompis som har blitt innlagt, ikkje sjå i bakken når du treff han, gratuler han i staden. Så fantastisk at du har søkt hjelp!

Har du ei veninne som plutseleg vert borte frå festane, spør ho kva som skjer. Og ikkje gi deg etter to forsøk. Spør meir. Politikarar bør spørje seg om kor mykje me som samfunn sparer på å få redusert antal  sjølvmord, det kan ikkje vere få millionar. Helsepersonell må tenkje at det er mennesker bak diagnonsene, og me som har vore innlagt må prøve å hugse på at helsepersonellet faktisk er på plass for å hjelpe oss når lasset me dreg vert for tungt. Alle kan gjere noko. 

Mitt bidrag til å få ned antallet sjølvmord er å skrive ein kronikk om at det går ann å snu livet sitt. Det tek tid, det er verre enn å døy, men det er verdt det. Til slutt er det alltid verdt det.

Kva har du tenkt å gjere?

Trenger du noen å snakke med? Det er noen der som ønsker å hjelpe deg, og som kan gi deg råd i den situasjonen du er i.
Telefonnummer:
Mental Helse: 116 123
Røde Kors: 800 33 321
Kirkens SOS: 22 40 00 40​
Chat: https://www.soschat.no/

Her kan du lese mer om