ASYLFORLIKET: – Eg utfordrar partileiarane Knut Arild Hareide, Trine Skei Grande og Jonas Gahr Støre om å svare for kvifor dei stemte for eit punkt i asylforliket som strid mot grunnlovsformuleringar dei sjølv stemte gjennom halvanna år tidlegare, skriv kronikkforfattaren.
ASYLFORLIKET: – Eg utfordrar partileiarane Knut Arild Hareide, Trine Skei Grande og Jonas Gahr Støre om å svare for kvifor dei stemte for eit punkt i asylforliket som strid mot grunnlovsformuleringar dei sjølv stemte gjennom halvanna år tidlegare, skriv kronikkforfattaren. Foto: Vidar Ruud , NTB scanpix

Menneskerettar når det passar

debatt
Publisert:

Del saken på:

Lenken er kopiert
MENINGER

I 2014 tok Stortinget FNs flyktningkonvensjon inn i Grunnlova. Berre eit år seinare ber det same Stortinget regjeringa om å vurdere skroting av den same konvensjonen.

EMIL ANDRÉ ERSTAD, rådgjevar for internasjonale spørsmål i Tankesmien Agenda, og forfattar av boka «Farvel, Syria – kvifor må dei kome hit?»
November 2015. Stortinget vedtar med stort fleirtal eit omfattande asylforlik. 161 av 169 moglege stortingsrepresentantar stemmer for 18 punkt som skal ha ein innstrammande effekt. Målet er at færre asylsøkarar skal kome til Norge, i ei tid der norske politikarar opplever at asylankomstane er ute av kontroll over grensa på Storskog i Finnmark.

Mange av punkta er nødvendige, men enkelte stikk kjeppar i hjula på integreringa og levestandarden til flyktningane. Punkt nummer 18 med tittelen «Se på internasjonale konvensjoner» er kanskje det verste punktet. Der står det at dei internasjonale konvensjonane er mindre tilpassa dagens situasjon enn tida dei vart skrivne inn i. Faktisk ber Stortinget regjeringa om «å ta et internasjonalt initiativ til en gjennomgang av de internasjonale konvensjonene, for at disse i bedre grad kan tilpasses vår flyktningsituasjon».

Mai 2014. Som ein del av Grunnlovsjubileet i Norge i 2014, 200 år etter at den norske grunnlova vart vedtatt på Eidsvoll, vedtar Stortinget ei oppdatering av sjølve Grunnlova. Noko av det som kjem inn i den «nye» Grunnlova er eit splitter nytt kapittel om menneskerettar. Der står det blant anna at dei statlege styresmaktene vert pålagt å «respektere og tryggje menneskerettane slik dei er fastsette i denne grunnlova og i traktatar om menneskerettar som er bindande for Noreg».

Les også: Audun Lysbakken: Innstrammingsillusjonen

Paradokset

Med andre ord: Stortinget har lovfesta at Norge skal respektere og sikre (ikkje berre følge) traktatar og konvensjonar om menneskerettar som stortingsfleirtalet no meiner er «mindre tilpasset dagens situasjon enn tiden de ble skrevet inn i». Det er stort sett dei same politikarane som i november 2015 angriper dei internasjonale konvensjonane for å vere utdatert, som i mai 2014 vedtok å ta dei inn i Grunnlova.

Ein skulle vel tru at dei som tar noko inn i Grunnlova si også meiner at det dei tar inn har ein del evigvarande kvalitetar, og også bør gjelde sjølv om det kostar litt?

Omtrent samtidig som Stortinget hadde vedtatt punktet om å vurdere skroting av Flyktningkonvensjonen var eg hos FN sin høgkommissær for flyktningar i Genève. Der blei naturlegvis nyheitene frå Norge mottatt med stor uro og vantru. Fleire av dei eg snakka med der sa at opp gjennom historia har det vore mange som har sagt at Flyktningkonvensjonen må oppdaterast, at den ikkje passar utfordringane i vår tid, og så vidare. Frå før har vi land som Saudi-Arabia, Libya, Nord-Korea og Usbekistan som ikkje har slutta seg til konvensjonen. At eit humanitært engasjert land som Norge no slutta seg til hylekoret mot Flyktningkonvensjonen var ikkje akkurat oppløftande.

Ei av dei eg snakka med hos UNHCR sa at ho trudde grunnen til at folk (og statar) stadig kjem med slik kritikk ofte handlar om at prinsippa ser fine ut så lenge dei berre gjeld på papiret, men at dei same prinsippa fort kan bli for ubehagelege når flyktningane står på grensa for å banke på døra vår. Dessutan er det mange som blandar mellom kva Flyktningkonvensjonen er meint å løyse og utfordringane den ikkje skal løyse. Flyktningkonvensjonen var eksempelvis aldri meint til å løyse utfordringane med økonomisk migrasjon, den skulle sikre rettane til flyktningar frå krig, undertrykking og forfølging. «Eg er faktisk imponert når eg ser på Flyktningkonvensjonen som vart laga i 1951, når eg ser på kva rettar den krev at statane gir til flyktningane og på måten den definerer flyktningar. Eg er forbløffa over kor framtidsretta den var den gongen», sa ho.

Sjølve kjernen i Flyktningkonvensjonen er at den pålegg statane å ikkje sende ein person til ein stad der han eller ho risikerer forfølging. Av dette følger det at ein person som hevdar at han eller ho fryktar forfølging må få prøvd saka si, og få den vurdert i samsvar med dei kriteria som konvensjonen krev av statane. Det fører til at menneske vandrar over landegrenser for å få den beskyttelsen dei har krav på.

Fjerne retten til asyl i Europa

Fleire høgrepopulistar og andre innvandringskritiske røster er motstandarar av at folk utanfor Europa skal kunne søke asyl her. Per Sandberg, nestleiar i Frp, skreiv derfor ein kronikk i haust der han tok til orde for at Norge burde reforhandle eller skrote Flyktningkonvensjonen. Frode Forfang, direktør i UDI, skreiv på nyåret ein kronikk der også han ville reforhandle eller skrote konvensjonen. Begge vil fjerne retten til å søke asyl i Europa for ikkje-europeiske flyktningar.

Når Stortinget våren 2015 vedtok å ta dei internasjonale konvensjonane og traktatane om menneskerettar inn i Grunnlova, så gjorde dei det fordi slike konvensjonar ikkje kan endrast eller reforhandlast over natta. Dei inneheld viktige og tidlause prinsipp. I år, 65 år etter at Flyktningkonvensjonen såg dagens lys, er det framleis mange land som ikkje har slutta seg til konvensjonen. Det til tross for at konvensjonen vart forhandla fram i eit særs samarbeidsvillig internasjonalt klima i røyken frå ruinane etter andre verdskrig. Å tru at dagens klima for internasjonalt samarbeid er så mykje betre, er ingenting anna enn naiv ønsketenking. I dag er 145 land slutta til Flyktningkonvensjonen. Sjansen for at like mange ville slutta seg til ein konvensjon med færre rettar til ikkje-europeiske flyktningar, er fullstendig urealistisk.

Men kanskje er det ikkje realismen i forslaget som var målet då Stortinget vedtok å gå imot sine eigne grunnlovsforslag for «sjå på dei internasjonale konvensjonane». Kanskje var det berre populismen som låg bak, gjennom eit ønske om å vise handlekraft? Uansett utfordrar eg partileiarane Knut Arild Hareide, Trine Skei Grande og Jonas Gahr Støre om å svare for kvifor dei stemte for eit punkt i asylforliket som strid mot grunnlovsformuleringar dei sjølv stemte gjennom halvanna år tidlegare.

Verst er det kanskje at forslaget gir land som Saudi-Arabia og Nord-Korea fleire argument til å stå utanfor dagens utgåve av Flyktningkonvensjonen. Det er det flyktningane som tapar på at tidlause prinsipp plutseleg kan skrotast.

Denne artikkelen handler om