Ragnhild Lied er leiar for Unio (Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede).
Ragnhild Lied er leiar for Unio (Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede).

Varsling er ein verdi, ikkje eit problem

MENINGER

Både arbeidsgivarar og arbeidstakarar er tente med at varslingssaker blir handterte på eit tidleg stadium. Då kan ein unngå både menneskeleg og økonomisk tap.

debatt
Publisert:

RAGNHILD LIED, Unio-leiar (Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede).

Eit nasjonalt varslingsombod vil hjelpe både arbeidstakarar og arbeidsgivarar med å førebyggje og handtere krevjande varslingssaker, og det vil spare samfunnet for store kostnader og belastingar.

Vi i Unio er svært nøgde med at varslingsutvalet i innstillinga si følgjer opp Unio sin tanke om eit eige nasjonalt varslingsombod. No er det opp til regjeringa og Stortinget å følgje opp for å få dette på plass.

2,8 millionar arbeidstakarar i privat og offentleg sektor kan bidra til å avdekkje kritikkverdige forhold i mange små og store verksemder. Og mange har alt gjort det. Dei har stått på for å avdekkje kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Sakene har vore ulike, og det har omfanget og alvorlegheitsgraden òg. Her er nokre døme:

  • Robert Schaefer, politimannen som ikkje gav seg før han som drap vesle Monika, var teken.
  • Simon Malkenes, læraren som var ueinig med skuleleiinga i Oslo og tok bladet frå munnen for å vise korleis kommunen er i ferd med å skape A- og B-skular.
  • Oline Hesselberg, sjukepleiaren som avslørte kritikkverdige forhold ved ein Adecco-driven sjukeheim, noko som resulterte i at Arbeidstilsynet fann 333 kritikkverdige forhold, Oslo kommune kravde å få tilbakebetalt 23 millionar kroner frå selskapet og dei tilsette fekk etterbetalt fleire hundre tusen kroner i overtidsbetaling.

Eg har no nemnt nokre få, kjende varslingssaker frå offentleg sektor. Men sakene finst overalt, i store og små verksemder og i privat og offentleg sektor. I Noreg har vi mellom 50 000 og 160 000 varsel kvart år. Mellom 18 000 og 60 000 av dei blir tekne til følgje. Det fortel oss at varslarar er avgjerande for at lovbrot, korrupsjon og andre uakseptable forhold skal bli avdekte.

Varsling lønner seg. Ifølgje ein fersk kunnskapsrapport som Oslo Economics har utarbeidd, sparer varslarar samfunnet for opptil 12 milliardar kroner årleg ved å avdekkje kriminelle økonomiske forhold, førebyggje skadar og ulykker, hindre fråvær og skape eit betre og tryggare arbeidsmiljø. Men nokon må betale prisen: den som varslar. Om lag 50 prosent av norske arbeidstakarar vel å ikkje varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen. Bakgrunnen for det er at veldig mange – cirka 25 prosent – av dei som varslar, opplever negative reaksjonar eller sanksjonar når dei varslar. Mobbing og trakassering frå leiarar og kollegaer er vanleg, og varslaren mister arbeidsoppgåver eller blir «straffa» på andre måtar. Svært mange varslarar seier opp jobben eller blir sjukmelde, mens arbeidsmiljøet i verksemda blir øydelagt og dei andre tilsette blir påverka negativt.

Varslarar kjenner ofte ikkje reglane for varsling, og dei veit heller ikkje kvar dei kan få hjelp. I dag har ikkje varslarane nokon stad å gå for å få hjelp. Vi har ikkje som Nederland innført noko varslarhus der varslarane kan få direkte hjelp. Samtidig kjenner altfor få arbeidsgivarar til varslingsreglane. Det er alarmerande med tanke på at «varsling har størst verdi der varslet blir tatt på alvor, varsleren blir tatt vare på, og hvor det iverksettes adekvate prosesser umiddelbart for å få avklart om det foreligger kritikkverdige forhold, og der det eventuelle kritikkverdige forholdet opphører» (NOU 2018:6, Varsling – verdier og vern, s. 13).

Unio foreslo alt i 2016 at det blir etablert eit nasjonalt varslingsombod som kan hjelpe både arbeidsgivarar og arbeidstakarar i varslingssaker. Det regjeringsoppnemnde varslingsutvalet følgde opp ideen og har samrøystes foreslått dette overfor regjeringa. Utvalet overleverte rapporten sin i mars i år, og denne er no ute på høyring.

Unio meiner at eit eige varslingsombod vil gi eit tydeleg signal om at varsling er viktig, og at vern av varslarar skal prioriterast. Det kan òg gjere det enklare å finne fram for dei som vurderer å varsle.

Eit nasjonalt varslingsombod skal gi råd, støtte og hjelp til arbeidstakarar og arbeidsgivarar i konkrete saker. Ombodet bør kunne tilby mekling, tilrå fri rettshjelp, bidra med generell kunnskap og skape forståing for verdien av varsling for samfunnet. Det kan òg gjere det enklare å finne fram i regelverket for dei som vurderer å varsle.

Målet med eit varslingsombod er òg at det skal bli ordna opp i kritikkverdige forhold i den enkelte verksemda, slik at saker ikkje får vekse seg så store og alvorlege at dei eskalerer ut i det offentlege. Ombodet vil i tillegg ha ein silingsfunksjon med omsyn til å definere kva slags saker som kan definerast som varsling. Varsel som gjeld misnøye med eige arbeidsforhold, er i utgangspunktet ikkje typiske varslingssaker.
Dersom det likevel viser seg at varselet er av svært alvorleg karakter, skal eit nasjonalt varslingsombod ha høve til å setje ned ein «havarikommisjon». I dei tilfella der varslingsombodet blir kjent med svært alvorlege varslingssaker som har mykje å seie for samfunnet, bør ombodet ha særleg kompetanse til å kunne ta initiativ til uavhengige undersøkingar. No har det utvikla seg eit villnis av aktørar som tilbyr private granskingar der ei varsling har spora av i verksemda. Dette er i ferd med å komme ut av kontroll. 

Både arbeidsgivarar og arbeidstakarar er tente med at varslingssaker blir handterte på eit tidleg stadium. Då kan ein unngå både menneskeleg og økonomisk tap. No er det opp til politikarane å handle, og forhåpentlegvis ser dei at tida er moden. For ikkje å seie overmoden.

Unio meiner at eit nasjonalt varslingsombod

  • kan førebyggje og handtere krevjande varslingssaker
  • kan gi råd, støtte og hjelp til 2,8 millionar arbeidstakarar
  • kan tryggje meir enn 100 000 arbeidsgivarar
  • kan spare samfunnet for opptil 12 milliardar kroner årleg
  • kan vere av stor verdi for samfunnet og «den norske modellen»

Her kan du lese mer om