SJØLVRÅDERETT: - Denne saka handlar om sjølvråderett over eigen kropp og at norsk lov må gi smågutar same lovvern som jente, skriv Jenny Klinge.
SJØLVRÅDERETT: - Denne saka handlar om sjølvråderett over eigen kropp og at norsk lov må gi smågutar same lovvern som jente, skriv Jenny Klinge.

Ekstremt å verne småungar, Johansen?

MENINGER

Påstår Johansen at foreldra til hovuddelen av norske menn har utsett ungane sine for dårlege medisinske val i og med at dei ikkje omskar dei som små?

debatt
Publisert:

JENNY KLINGE, stortingsrepresentant (Sp)

I debatten om omskjering av smågutar blir motstandarane av denne praksisen raskt angripne for alt frå å vera antisemittar til ufølsame. Eg har derfor gått ut mot brunskvettinga i omskjeringsdebatten. Slikt gjer det nemleg umogleg å diskutere denne saka med utgangspunkt i det eg meiner er viktigast: Å sikre likt lovvern for gutar og jenter mot å bli skore i av rituelle og kulturelle grunnar. No sist skriv Lena Johansen i VG eit innlegg der ho hevdar eg må tåle at folk stiller spørsmål ved haldningane mine. Bakgrunnen er at eg visstnok «forsvarer ekstreme standpunkter og færre rettigheter for minoritetsforeldre». Det ser ut for at Johansen meiner at ei av årsakene til at haldningane mine er ekstreme, er at det å omskjera gutar visstnok skal gi ein medisinsk fordel som oppveg helserisikoen. Johansen meiner vi ikkje kan nekte minoritetsforeldre eller andre foreldre å ta dette «medisinske valget» på vegne av ungane sine. Det blir såleis, i følgje Johansen, ekstremt av meg å gå inn for ei aldersgrense for inngrepet.

Eg er kjent med at legar i land der omskjering er vanleg produserer argument for å halde fram med denne praksisen, men eg er like kjent med at norske barnelegar er sterkt imot praksisen. Påstår Johansen at foreldra til hovuddelen av norske menn, som vitterleg ikkje er omskorne, har utsett ungane sine for dårlege medisinske val i og med at dei ikkje omskar dei som små? Er det eit helseproblem i Noreg at norske menn har forhud? Er det heilt irrelevant at den amerikanske praksisen med å fjerne forhuda oppstod for å hindre masturbering i samfunn med streng moral, og meiner Johansen at omskjering av smågutar bør bli vanleg praksis i Noreg frå no av?

Viss Johansen meiner hygiene ved samleie har noko med saka å gjera, meiner ho då at det er best å skjera av forhuda til smågutar som har mange år att til seksuell debut, eller er det best å koma med hygieneråd til seksuelt aktive menn? Oppsummeringa frå meg er at denne saka handlar om sjølvråderett over eigen kropp og at norsk lov må gi smågutar same lovvern som jenter. Mine haldningar blir ikkje meir ekstreme fordi om Johansen gjerne vil framstille dei slik.

Her kan du lese mer om