TOLGA-SAKEN: – Det vi må sikre, er at reglane er godt kjende, og at dei garantiane for rettstryggleik som gjeld i verjemålssaker, verker, skriv Sveinung Rotevatn. Foto: Krister Sørbø

Debatt

Verjemålslova respekterer menneskerettane

Verjemålslova opnar ikkje for at fylkesmannen kan opprette ordinært verjemål for personar som ikkje ønskjer det.

SVEINUNG ROTEVATN, statssekretær, justis- og beredskapsdepartementet (V)

VGs saker om brørne frå Tolga som har fått oppretta verjemål dei ikkje ønskjer, har ført til debatt om verjemålsordninga. Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm konkluderer i VG 8. oktober med at dagens verjemålslov må skrotast. Det er feil veg å gå.

Sveinung Rotevatn. Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

les også

Hanne Bjurstrøm: Dagens vergemålslov må skrotes!

Den gjeldande verjemålslova trådde i kraft i 2013 og innebar ei omfattande reform jamført med det som gjaldt etter den tidlegare lova frå 1927. Lova tar utgangspunkt i personen sin integritet, vilje og sjølvråderett. Verjemålslova byggjer på prinsippet om det minste moglege inngrep. Verjemål skal vere ei støtteordning for personar som av ulike grunnar treng bistand til å handtere økonomiske eller personlege forhold. Verjemålet skal vere tilpassa personen det skal opprettast verjemål for ­- og det skal vere frivillig.

Les hele saken: Tre brødre på Tolga

Som ombodet peiker på, kan ikkje fylkesmannen opprette verjemål for ein person som ikkje ønskjer det. Det gjeld også om ein lege har vurdert at personen manglar evne til å forstå kva eit samtykke inneber, dersom ein likevel må leggje til grunn at verjemålet vil vere i strid med den reelle vilja til personen. Lovavdelinga i Justisdepartementet klargjorde tolkinga av lova på dette punktet i ei tolkingsfråsegn i mars i år. Denne tolkingsfråsegna er fylkesmennene kjende med. Justisdepartementet jobbar òg med eit lovforslag som skal tydeleggjere ordlyden i lova, for å sikre lik forståing og praksis i alle fylkesmannsembeta.

les også

Fylkesmannen opphever vergemål for Magnus Holøyen

FÅR SVAR: Likestillingsombud Hanne Bjurstrøm. Foto: Therese Alice Sanne

Om ein person ikkje vil ha verje, men fylkesmannen likevel meiner at det er heilt nødvendig å opprette verjemål for å sikre at personen ikkje skadar sine eigne interesser, må fylkesmannen eventuelt bringe saka inn for retten. Det er berre domstolane som kan opprette verjemål mot personens vilje med fråtaking av den rettslege handleevna. Det gjeld strenge rettstryggleiksgarantiar, og at funksjonsevna er redusert, er sjølvsagt ikkje nok. Norske myndigheiter meiner at konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) opnar for fråtaking av rettsleg handleevne i dei tilfella der det er strengt nødvendig.

Det er ein pågåande prosess å sikre at lova blir praktisert riktig, med respekt for personen sin sjølvråderett. Verjemålslova er relativt ny. Å gi ei ny lov med ei påfølgjande omvelting av verjemålsforvaltninga er ikkje det rette tiltaket for å tryggje menneskerettane til personar med nedsett funksjonsevne.

Det vi må sikre, er at reglane er godt kjende, og at dei garantiane for rettstryggleik som gjeld i verjemålssaker, verker. Statens sivilrettsforvaltning arbeider aktivt med dette, mellom anna gjennom styringa av fylkesmennene. Justisdepartementet følgjer dette arbeidet nøye.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder