Foto: TEIKNING: ROAR HAGEN

Utakt og tone i nynorskens skog

MENINGER

I 1909 vart språkstriden avlyst av Fridtjof Nansen i Verdens Gang. Han slo fast at hån mot landsmålet var noko som høyrde fortida til.

kommentar
Publisert:

Av det kan ein lære to ting. 1) Nansen var ein betre polfarar enn profet. 2) Det sto mykje rart i avisa før òg.

Med unntak av jazz, papiraviser og eksplosjonsmotoren har knapt noko fått fleire framskrivne dødsattestar enn nynorsken. Ikkje eingong Gud og ideologiane. Ein kunne vore kvikk og sagt som Frank Zappa at han «ikkje er død, det berre luktar litt rart». Men slik som aviser stadig luktar fersk sverte, nye dieselmotorar knapt luktar i det heile og dåmen av jazzmusikk aldri har vore meir vitaliserande, er angen av den nynorske skriftkulturen eit friskt og levande pust i andedammen.

Folk kjøper bøker på nynorsk som aldri før. Det gjeld omtrent alle forlag. Dei som les Edvard Hoem, Gunnhild Øyehaug, Olaug Nilssen og Carl Frode Tiller, eller Elena Ferrante for den del, gjer det ikkje for å vere grei med nokon dei kjenner i Bærum Mållag.

Nynorskens hovudscene, Det Norske Teatret, sel billettar som varm kveitebakst i tørt gras. Publikum går ikkje dit fordi det ikkje er anna å ta seg til, eller i mangel av andre scenetilbod.

Kommersielle TV2 byr på nynorske stemmer med største sjølvfølgje – som det naturlegvis er! – og sanneleg er det Schibsted-avisene som opnar analoge og digitale spalter for nynorskskrivande journalistar.

Om ikkje språkstriden er avlyst, er det ting som i det minste tyder på våpenkvile.

Det er berre dagar sidan Jan Inge Sørbø sitt litterære storverk om nynorske forfattarar kom ut. Med sine 2,2 kg er «Nynorsk litteraturhistorie» eit handfast døme på at arven etter Ivar Aasen, Vinje og Garborg har soliditet og tyngde. Sørbø står fortent i sentrum under Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda denne veka og helga. Her har òg kollega og VG-teiknar Roar Hagen vore aktiv, både som festspelkunstnar og i samtaleprogram med Ottar Grepstad og Maria Horvei i jakta på ein nynorsk identitet.

Men finst det noko slikt? Handteiknaren og eg har prata om dette mange gonger. Ikkje minst på reise. Det er neppe tilfeldig. Identitetsmarkørar er det fleire av i den nynorske litteraturen. Språket sjølvsagt. Men der er det samstundes like store skilnader som det er mellom Bjørnstjerne Bjørnson og Ingvar Ambjørnsen på bokmål. Det som likevel er eit fellestrekk er det subjektive valet av skriftspråk, som eit motkulturelt standpunkt.

Sørbø, som er professor i nynorsk skriftkultur, meiner ein kan få ny innsikt i nynorsklitteraturen ved å sjå på han som sin eigen tradisjon. Ikkje uavhengig av annan litteratur, men det er eit opplagt poeng at nynorskfolk ofte har hatt ei anna geografisk tilknyting og har sett dei litterære periodane frå ein annan synsvinkel enn andre forfattarar. Slik har dei både forma si litterære samtid og opponert mot ho.

Dette har skapt ein nynorsk utakt og tone. Og slik er det handteiknaren og eg, når vi har vore på reisefot, ofte har snakka om Vesaas, Duun og Olav H. Hauge. Tre store europearar. For desse representerer også det nynorske utsynet og det internasjonale blikket. Dei er talande eksempel på den latterlege misforståinga i norsk litteraturhistorie, der landsmålet sorterer under nasjonalromantikken og nynorskforfattarane har vorte skrivne inn i ein bonderomantisk tradisjon.

Er det noko som ikkje finst hos Olav Duun, Uppdal, Garborg, Vesaas, Aasen & co. er det vel bonderomantikk. Men desto meir ruralskittenrealisme, kulturpessimisme og bygdedyr.

Nynorsken vart fødd i kamp. Men jamstillingsvedtaket i 1885, da Stortinget sidestilte nynorsk og bokmål, gjorde Noreg til ein av dei først formelt fleirspråklege statane. Gjennom aktivt bruk av begge målformer har språket som infrastruktur vore med og bygd det moderne samfunnet. Bokmål og nynorsk er difor blant dei hundre mest vitale skriftspråk i verda. Og tru det eller ei, men nynorsk er faktisk eit stort skriftspråk globalt.

I heile verda finst det meir enn seks tusen språk. Fem tusen av desse blir brukte av færre enn hundre tusen menneske. Bokmål er i dag førstespråket for om lag 3,6 millionar innbyggjarar over 15 år her til lands. Seks hundre tusen har nynorsk som førstespråk. Sjølv om mange kommunar og skolekrinsar dei siste tiåra har gått over til bokmål, er det likevel ein høg og stadig veksande aksept generelt for bruken av nynorsk, ifølgje Nynorsk kultursentrum.

I deira høyringsinnspel til ny kulturmelding vert det vist til absolutte tal som syner at det i dag er mange fleire individuelle nynorskbrukarar enn for 50–60 år sidan, endå det er vanskeleg å rekna seg vekk frå den prosentvise nedgangen.

Ein offentleg diskurs om nynorsk som opplæringsmål, som administrasjonsspråk, som sidemål, som bruksspråk i media, eller som kunstspråk for den del, vil fortsette. Får vi tru. Det er berre ein ting som er verre enn å bli diskutert, og det er ikkje å bli diskutert.

Einar Førde sa under ein debatt i Stortinget tidleg på 70-talet at det neppe var «ønskjeleg på død og liv å utrydje språkstriden. Ein må ha svært lite sans for historie dersom ein er blind for kva språkstriden har representert av kulturell vokster her i landet.»

«At det i enkelte aviser kan være fremkommet uforstående eller endog hånende uttalelser om «målet», eller at enkelte embedsmenn kan ha tillatt sig uoverlagte ytringer som har satt vondt blod hos bygdefolk, hører fortiden til, eller er utdøende undtagelser; de er selv fortidslevninger»

Fridtjof Nansen, Verdens Gang, 1909

Her kan du lese mer om