UTVIDA FULLMAKTER: – Ei så viktig lov som regjeringa har lagt fram bør ikkje hastast igjennom, men vere vurdert i eit kritisk lys i den offentlege samtalen. Det vil styrke legitimiteten, skriv Svein Tuastad. Foto: Frode Hansen

Debatt

Ja til kriselov, men bruk mer tid

Om eg var politikar på Stortinget, ville eg vurdert om lovbehandlinga skulle ta litt lenger tid. Så ville eg, gitt det vi veit i dag, røysta for framlegget til kriselov.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til VG her.

Artikkelen er over 109 dager gammel, myndighetenes råd angående coronasmitten kan derfor være utdaterte. Du kan alltid holde deg oppdatert i vår spesial, eller gjennom FHIs nettsider.

SVEIN ERIK TUASTAD, statsviter, Universitetet i Stavanger

På fleire hald, både i leiarartiklar i aviser og ikkje minst av kompetente juristar, er det i ferd med å oppstå ei tolking av framlegget til ny kriselov som illiberalt. Somme juristar hevdar at kriselova vil innebere å setje maktfordelingsprinsippet ut av spel. Men det er rettare å kalle det eit forseinka ivaretatt maktfordelingsprinsipp, når situasjonen inneber for sterkt tidspress for ordinære prosedyrar. 

Lovframlegget inneber i røynda å kunne lage forskrifter ut frå eit antatt demokratisk samtykke. Om samtykket ikkje kjem i etterkant, vil forskrifta regjering hadde laga, verte forkasta.

Naturlegvis har dei kritiske juristane rett i at framlegget til kriselov svekkjer dei rettstatlege og demokratiske garantiane. Nøkkelspørsmålet er om dei likevel er gode nok.

Då er det viktig å ha klart føre seg fire premiss. For det første gjeld regjeringa sin forskriftsheimel berre saker som er ei direkte føgje av smittesituasjonen. For det andre gjeld situasjonen, om enn førebels, berre ut dette året. For det tredje, grunnlovsbestemmingane må følgjast. Sist, men ikkje minst, kan Stortinget oppheve kvar forskrift dersom berre ein tredel av representantane ønsker det. 

Svein Tuastad. Foto: PRIVAT

les også

VG MENER: Nødvendig kriselov - med begrensninger

Eit ekstremt, men relevant døme gjeld om vi tenkjer regjeringa meinte det var akutt behov for ei forskrift som gjorde det mogleg å bruke digitale persondata for å spore smittekjelder. For det første ville det vere eit tiltak som ville slått knallhardt tilbake på regjeringa dersom det vart stoppa, det vil altså seie at meir enn og ein tredel av stortingsrepresentantane ikkje gjekk god for forskrifta. Dessutan ville forskrifta truleg bryte med grunnlova (t.d. § 102). 

Dømet viser korleis prinsippet om antatt demokratisk samtykke sannsynlegvis vil kunne fungere: Regjeringa må sjå for seg reaksjonane, og det vil vere skjerpande.

Eit sentralt ankepunkt mot Korona-lova er at det ikkje berre er omsyna til dei samfunnskritiske funksjonane som skal kunne tillate avvik frå normale spelereglar; desse vart tematisert ei fjorårets ekspert-utgreiing om ei oppdatert bederedkapslov (NOU 2019: 13). Den nye lova gjeld fleire felt og vil difor vere ei utgliding som inneber svekka rettsstatleg og demokratisk kontroll, er kritikken. 

Skal byggforskrifter kunne brytast for å kunne innkvartere grupper med akutt behov i ein fei? Bør arbeidskraft innan offentleg sektor unntaksvis kunne flyttast til oppgåver der det oppstår skrikande behov?  Skal NAV kunne utbetale pengar til norske borgarar i utlandet som mistar rett til stønader fordi dei kkje kjem seg heim?

Det overordna spørsmålet er om vi bør senke litt på krava til somme prosedyrar for å løyse heilt særlege problem som oppstår som ei direkte følgje av smittesituasjonen i Noreg. Det som Stortinget no skal ta stilling til, er altså ikkje om vi skal avvikle rettstatleg og demokratisk kontroll, for det har ingen foreslått.

les også

Roper varsko om regjeringens kriselov: – Demokratisk galskap

I den situasjonen vi er i, må rettsstatlege verdiar, demokratiske verdiar og effektivitetsomsyn vegast mot kvarandre. Statsvitaren Francis Fukuyama har analysert desse spørsmåla godt i sitt storverk om politisk orden og forfall. Hans analyse er relevant i bedømminga av lovframlegget. Demokrati, rettstat og handlekraft er avgjerande samfunnsgode i konstant spenning. For mykje av det eine, går ut over det andre.

Dersom krisa vert verre, kan det oppstå akutte behov. For å finne løysingar kan det førsetje lover som enno ikkje er på plass. Framlegget til ny krise-lov vil kunne gje regjeringa rett til å styre meir direkte i slike saker utan å gå vegen om Stortinget når lovheimel manglar. Men det kan vere eit gode for oss som samfunnsborgarar det komande halvåret, trass mindre omstendelege prosedyrar. Stundom kan det vere naudsynt å flytte vektlodd frå vektskåla med rettsstatsomsyn til vektskåla med omsynet handlingskraft. 

Eit anna relevant poeng frå Fukuyama, er at kor mykje slakk vi bør tillate at politikarar og byråkratar får, burde vere avhengig av kvaliteten deira. I Noreg er vi i ein unik situasjon på dette området. Som Erna Solberg var inne på i talen hennar den 18.03. har landet vårt ikkje berre eit oljefond. Vi har også ein kapital av endå større verdi – tillitskapitalen. Det er klårt at den kan misbrukast, men i somme situasjonar er risikoen større om vi ikkje viser tillit. Tillitskapitalen gjer det lettare å få til styring ut frå eit føre-var prinsipp.

Om eg var politikar på Stortinget, ville eg vurdert om lovbehandlinga skulle ta litt lenger tid. Ei så viktig lov bør ikkje hastast igjennom, men vere vurdert i eit kritisk lys i den offentlege samtalen. Det vil styrke legitimiteten.

Så ville eg, gitt det vi veit i dag, røysta for framlegget til kriselov.

Les også

  1. Bjørnar Moxnes: – Kriseloven har autoritære trekk

    Rødt krever at behandlingen kriseloven utsettes i en uke for å gi tid til en offentlig debatt om de vide fullmaktene…

Mer om

  1. Coronaviruset
  2. Demokrati

Flere artikler

  1. Roper varsko om regjeringens kriselov: – Demokratisk galskap

  2. Taper penger på å jobbe

  3. New York under angrep

  4. Ingen er tjent med at vi opptrer som coronapoliti

  5. Verdensappell: S.O.S. til verden før Norge går til helvete

Fra andre aviser

  1. – Regjeringens motiver er åpenbare

    Bergens Tidende
  2. Innreiseforbud, karantene og smittesporing ble i vår innført på rekordtid. Nå sås det tvil om bestemmelsene fortsatt er lovlige.

    Aftenposten
  3. Arbeiderpartiet åpner for å droppe koronaloven. Det kan gi Stortinget mindre makt over krisetiltak, advarer jurist.

    Aftenposten
  4. Regjeringen vil forlenge koronaloven. Opposisjonen splittet.

    Aftenposten
  5. Vi må være på vakt mot både koronaviruset og koronalover

    Aftenposten
  6. Så mykje kostar korona Bergen: – Kan få dramatiske konsekvensar

    Bergens Tidende

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder