Valgerd Svarstad Haugland (KrF). Foto: Frode Hansen
Valgerd Svarstad Haugland (KrF). Foto: Frode Hansen

Opphavsrett i informasjonssamfunnet

MENINGER

Det nye forslaget om opphavsrett medfører ikkje at all nedlasting blir ulovleg. Det blir tvert om lagt til rette for lovlege nedlastingsalternativ, skriv Valgerd Svarstad Haugland.

kommentar
Publisert: Oppdatert: 23.02.05 07:08

Fredag 11. februar sende Regjeringa sitt forslag om endringar i åndsverklova til Stortinget. Endringsforslaget, som i hovudsak inneber ei gjennomføring av EU-direktivet, har alt vekt stor merksemd.

Det er særleg spørsmål om kopisperrer og nedlasting det har vore fokusert på.

Les også: Dette er lov - og ulovlig
Tett på nett: Jon Bing om lovforslaget
Les også: Trolig flertall mot loven

Åndsverklova tar vare på to viktige samfunnsomsyn: Dei som skaper og framfører åndsverk skal ha rett til å rå over utnyttinga av arbeida sine, slik at dei kan ha ei inntekt av dette. Samstundes skal det opphavsrettslege vernet ikkje ha urimelege konsekvensar for brukarane.

Regjeringa ynskjer å stimulera til auka elektronisk distribusjon av opphavsrettsleg verna innhald, t.d. ved å leggja til rette for lovleg nedlasting frå Internett. For at vi skal få til dette, må rettshavarane ha eit godt rettsleg vern. Vernet må bli sett i samanhang med kopiering og distribusjon som fylgjer av den digitale teknologien. Det er m.a. dette som har skapt debatt.

Privat bruk

Det som har kome mindre fram, er at Regjeringa og har lagt stor vekt på interessa til brukarane, m.a. ved at retten til å kopiera til privat bruk blir ført vidare også i den digitale tid.

EU-direktivet krev at rettshavarane får kompensasjon for slik kopiering. Regjeringa har foreslått at dette blir gjort gjennom særskilt løyving over statsbudsjettet, med 52 millionar kroner i 2005. I motsetnad til andre land, som finansierer denne kompensasjonen med avgift på opptaksmedier, blir det altså ein meir forbrukarvennleg ordning i Noreg.

Presiseringa om at det ved kopiering til privat bruk må bli nytta såkalla lovleg kopieringsgrunnlag, har tatt overraskande stor merksemd i debatten.

Overraskande i den forstand at så mange ikkje berre synest det er greitt, men også ser det som ein forbrukarrett å lasta ned opphavsrettsleg verna materiale gratis. Forslaget medfører ikkje, slik enkelte har hevda, at all nedlasting vil bli ulovleg, det blir tvert om lagt til rette for lovlege nedlastingsalternativ.

Ein annan del som mange har vore opptatt av, er forslaget om innføring av eit rettsleg vern av kopisperrer. Dette er reglar som fylgjer av direktivet. Direktivkrava er strenge, men vi har tatt omsyn til forbrukaren i så stor grad det er mogleg.

CD-plater kan i all hovudsak bli kopierte til privat bruk som før; også over i andre format. Dette er fordi dei aller fleste CD-plater er utan kopisperrer, og i regelen vil det heller ikkje vera forbode å ta i bruk utstyr som ikkje reagerer på innlagde sperrer. Men har plata ei effektiv sperre mot kopiering, kan ikkje kjøparen etter forslaget omgå sperra for å kopiera innhaldet, verken i same eller anna format. Det har vorte hevda at eg vil forby all kopiering frå CD'ar. Det er langt frå sant.

Urimelege utfall

Eg ville ikkje kjøpt ein 40GB iPod til sonen min, dersom eg i neste omgang skulle forby bruk av CD'ar slik. Hans og alle andre sine MP3-spelarar eller iPodar vil sjølvsagt vera fylt med musikk, m.a. frå mange CD'ar. Men kopisperrer må ikkje hindra avspeling på utstyr som brukar med god grunn ventar at t.d. CD-plata kan bli spelt av på. Departementet tolkar direktivet slik at vernet ikkje er meint å ha slike urimelege utfall. Eg meiner vi har funne ei løysing som på ein god måte tar vare på brukarane. Samtidig som vi innfører EU sine krav til vern for tekniske sperrer, slik kan vi stimulera til auka bruk av dei digitale nettverka til nye, lovlege marknader.

Tilgjengelig for fleire

Det er viktige element i Regjeringa sitt forslag som det ikkje har vore særleg fokus på til no, men som etter mi meining viser kva brukaromsyn vi har lagt vekt på for å møte digitale utfordringar. Vi har foreslått at bibliotek kan digitalisera samlingane sine og på enklare måte gjera desse tilgjengelege for lånarane på terminalar i eigne lokale.

Vi legg til rette for ein forenkla klareringsmåte m.a. for undervisningsbruk, slik at det også kan bli gjort bruk av materiale i digital form utan å måtte kontakta kvar enkelt rettshavar.

Det blir opna for utvida bruk til fordel for funksjonshemma. For å gjera NRK sitt gamle arkivmateriale meir tilgjengeleg, opnar vi for forenkla klarering for slik bruk. I forslaget blir det også presisert at internettkafear, bibliotek og andre, som berre stiller datautstyr med internettilgang til disposisjon for brukarar, ikkje gjennom dette har noko ansvar i høve til opphavsretten. Med dette kan slikt utstyr enklare gjerast tilgjengeleg for fleire.

Lovgjevaren har ei plikt til å vurdera gjeldande reglar opp mot endringar som skjer i samfunnet vårt. Det er ikkje noko særskilt for opphavsretten. At teknologiske endringar gjer det naudsynt å justera eksisterande lovverk.

Det er ikkje tvil om at dei nye elektroniske marknadane i vesentleg grad dreier seg om omsetting av opphavsrettsleg verna innhald. Aktørane treng eit rettsleg rammeverk som stimulerer til investering, og dette er utfordringar også lovgjevaren må medverka til å løysa.

Vi har funne ein balanse som tar vare på både brukarane og rettshavarane på ein fornuftig måte.