TRO: – For meg som politikar er ikkje trua irrelevant. Det sosialetiske engasjementet mitt for flyktningar, for rusavhengige, fattige barn eller klimaet er sjølvsagt motivert av livssynet mitt. Det meiner eg folk fortener å kunne få vite når eg uttalar meg om politikk, skriver Knut Arild Hareide. Foto: Faksimile. ,

Debatt

Livssyn er ingen privatsak

Det er berøringsangsten for kva folk trur på som er verkeleg farleg for samfunnet vårt.

ARTIKKELEN ER OVER TRE ÅR GAMMEL

KNUT ARILD HAREIDE, partileder i KrF

Nokon meiner at Sylvi Listhaug sine utspel den siste tida er gode eksempel på at vi politikarar helst bør halde trua vår og livssynet vårt for oss sjølv. Det høyrer ikkje heime i politikken, vert det sagt.

Hans-Petter Halvorsen var ein av dei som meinte dette i VG tidlegare denne veka, og han avviste «Knut Arild Hareides uttrykte savn av Gud i politikken».

Her kjem derfor tre grunnar til kvifor eg meiner ei slik haldning vil svekke vårt livssynsopne samfunn, og at tru og livssyn ikkje bør isolerast til berre å vere ei privatsak – verken for politikarar eller andre.

Les Hans-Petter Halvorsens kronikk: Guds store problem

Knut Arild Hareide. Foto: Trond Solberg , VG

For det første: Ingen truande menneske har ein av-og-på-knapp. Alle menneske som trur på noko, same kva det måtte vere, bærer med seg livssynet sitt uansett kvar dei er eller kva rolle dei tar på seg. Å skru av det ein trur på fordi ein skal på skulen eller på jobb er ei umogleg oppgåve for mange av oss som trur. Eg syns Hadia Tajik ein gong sa det godt: «Når eg fortel folk at eg er muslim, får eg gjerne til svar: Det er heilt greitt at folk er religiøse, berre dei ikkje dyttar religionen sin på meg.» I slike tilfelle pleier ho å svare: «Det er heilt greitt at folk er sekulære, berre dei ikkje dyttar sekulariteten sin på meg». Eg trur vi får ein friare, meir open og ærlegare debatt viss politikarar og alle andre får lov å vise ope kva dei trur på. Ikkje minst trur eg vi får ein meir kunnskapsbasert debatt.

For det andre: Ved at folk i alle posisjonar fritt kan ytre seg om kva dei eigentleg trur på, kva som ligg bak verdiane dei set høgt, er det lettare å få trolla til å sprekke. Som når Sylvi Listhaug seier at ho takkar høgare makter for at bror hennar overlevde ulukka på COSL Innovator nyttårsaftan, der ein 53-årig kollega av han omkom. Eller når Jeremy Hoff kom med boka «22. juli-profetien», der han hevdar at tragedien på Utøya var Guds straff for at Norge har svikta staten Israel. Når slike haldningar kjem til overflata blir det mogleg for både meg og andre å kome med sakleg, informert kritikk, i staden for at slike haldningar får florere under overflata der lysstrålane aldri når inn. Det at folk ikkje får snakke om det dei trur på offentleg, betyr jo ikkje at trua deira forsvinn. At folk held skjult kva dei trur på er ikkje nødvendigvis noko betre løysing, viss trua deira formar verdiar og politisk syn.

For det tredje: Vi må vere i stand til å skilje snørr og bartar. «Den norske kirke er gjennomsyret sosialistisk», sa Sylvi Listhaug til Dagen rett før jul. Ho forklarte påstanden med kva saker kyrkja er opptatt av. Mest av alt viste Listhaug med utspelet sitt kor stor forskjell det er på folk som trur. Ein som trur på Gud er ikkje nødvendigvis som ein annen som trur på Gud. Men utan at denne type debattar kan føregå offentleg vil det kanskje bli vanskelegare å skilje meg som kristen frå Sylvi Listhaug som kristen. Då kan vi ende opp med å tru at alle som tru, trur på det same. Det er sjeldan riktig. For som Erik Lunde skreiv i ein kronikk til Vårt Land førre veke : «Når Sylvi Listhaug anklager kirken for å være gjennomsyret sosialistisk, avslører hun at hennes eget parti i liten grad har hentet inspirasjon fra den kristne sosialetikken. Det kan virke pussig, ettersom Fremskrittspartiet presenterer seg selv som et folkeparti med basis i det kristne livssynet». Politikarar må tole eit kritisk søkelys på si tru og sitt livssyn, også eg. Det er lettare å kome med slik kritikk, viss ein kan ytre kva ein trur offentleg.

For meg som politikar er ikkje trua irrelevant. Det sosialetiske engasjementet mitt for flyktningar, for rusavhengige, fattige barn eller klimaet er sjølvsagt motivert av livssynet mitt. Det meiner eg folk fortener å kunne få vite når eg uttalar meg om politikk.

Det er noko av grunnen til at eg aldri kan halde meg taus i møte med sortering av menneskeliv, sosial urettferd og rovdrift på skaparverket. Til slutt er det viktig å hugse den tidlegare britiske statsministeren Tony Blair sine ord: «I don’t do God». Det er viktig å skjelne nettopp mellom politikk og religion. Det er dei politiske programma som skal styre. Det bør likevel aldri hindre at politikarar kan bruke trua si som drivkraft til å gjere verda til ein betre stad.

Mer om

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder