ADVARER: – Svart arbeid og arbeidslivskriminalitet fører til meir enn tapte skatteinntekter og sosial dumping, skriv kronikkforfattarane.

Debatt

Tvangsarbeid skjer i Noreg

Det er fullstendig uakseptabelt at den norske arbeidsmarknaden i 2019 skal kjenneteiknast av trugsmål, kontroll og tvang for mange arbeidstakarar!

SONDRE K. HØYSÆTER, Hope For Justice Norway
LARS MAMEN, Fair Play Bygg Oslo og omegn

Tvangsarbeid, moderne slaveri eller «human trafficking», dette er sjeldan tema når vi diskuterer norsk arbeidsliv. Dei fleste tenkjer at dette er problem i andre land, som Noreg kan vera med å løysa gjennom bistandsbudsjettet. Vår erfaring er derimot at tvangsarbeid er meir vanleg enn vi likar å tenkja og kan skje på ein arbeidsplass rett framføre auga våre.

Det er fullstendig uakseptabelt at den norske arbeidsmarknaden i 2019 skal kjenneteiknast av trugsmål, kontroll og tvang for mange arbeidstakarar!

22. november var det ei nyhendesak på NRK der personar som dreiv byggjeverksemd i Nittedal vart straffa for å ha utnytta ukrainske arbeidarar ulovleg. Ukrainarane hadde falsk rumensk ID. Saka handla om straffeutmålinga mot bakmennene. Heldigvis tok Einar Haakaas opp problemstillinga rundt arbeidsforholda for arbeidarane, og fortalde at desse kan vera offer for tvangsarbeid.

les også

Det nye arbeidslivet: - Det er jobbhåp for alle som vil

Haakaas har rett. Arbeidstakarar som kjem til Noreg for å arbeide frå land utanfor EU er sårbare for tvangsarbeid. Vi har sett fleire døme på dette: Personar blir rekruttert frå land som Moldova, Ukraina, Albania, Kosovo, nettverk som skaffar ID frå andre EU-land, organiserer transport og gjev lovnader om god løn. Desse arbeidsfolka kjem hit med gjeld til bakmennene som har organisert trafikken. I Noreg må dei selja arbeidskrafta si til folk i nettverket som både er «arbeidsgivar» og «husvert». Arbeidsdagane er lange og løna kjem uregelmessig, er langt under minsteløn og redusert på grunn av dyr husleige eller andre ulovlege trekk. Den som forlanger løn etter avtale, klagar på buforhold og arbeidsmiljø kan risikere å bli møtt med vald eller trugsmål mot seg sjølv eller familie i heimlandet.

Også EU-borgarar kan bli sårbare i det brutale norske arbeidslivet. Det er ei følgje av at ein ikkje forstår norsk, ikkje kan setje seg inn i regelverket eller skaffe seg nettverk utanom dei kriminelle miljøa dei er rekruttert i, at «arbeidsgjevar» kontrollerer post, ID og losj, at ein har gjeld eller opplev trugsmål. Her er tre døme frå arbeidslivet i Noreg i 2019:

les også

Menn i fagbevegelsen med #metoo-opprop

«Ivan», ressurssterk mann frå Polen, rekruttert til eit bemanningsføretak. Ivan vart utleigd til ein anleggsgartnar og arbeidde på fleire offentlege oppdrag. Vart innlosjert på ein bustad, arbeidde lange dagar, fekk litt løn og vart lova resten «når kundane betaler faktura», men fekk aldri resten av løna. Han hadde etter kvart mykje løn inneståande og inga andre val enn å fortsette å arbeide for bemanningsføretaket. Ivan fekk hjelp til lønskrav og midlertidig bustad, men er blakk og håpar på ny jobb. Førebels inga hjelp frå NAV.

«Enhver», målar frå Balkan. Vart narra til å etablere eit enkeltpersonføretak som andre utnytta til kvitvasking og svindel. Enhver hadde ingen kontroll med føretaket, men arbeidde for bakmennene som utnytta «hans» føretak. Bakmennene bestemte seg for å stanse verksemda i enkeltpersonføretaket. Men ettersom det var eit enkeltpersonføretak, kom det stadig nye rekningar på moms og andre offentlege avgifter til Enhver privat, til saman fleire hundre tusen. Enhver laut ta opp fleire lån for å betale skattefuten, bland anna 300 000 av sin arbeidsgjevar. Vilkåra var at han skulle trekke 15 000 kr kvar månad over løna inntil lånet til arbeidsgjervaren var nedbetalt. Enhver var i ein tvangssituasjon og fekk juridisk bistand og hjelp til å finne nytt arbeid frå Fair Play Bygg Oslo.

«Dimitri», industrimålar frå Sør-Aust Europa. Vart rekruttert av eit konsern med ei fin webside til verftsarbeid  på Vestlandet. Dimitri arbeidde ekstremt lange dagar til minimal løn. Han og kollegane hans vart innkvartert i brakkerigg tilknytt verftet, men fekk streng ordre om å «ikkje ha kontakt med nokon norske», dei vart kontrollert av formannen og overvaka heile dagen. Dimitri opplevde også trugsmål. Han fekk til slutt kontakt med Hope For Justice og hjelp til å bryte med miljøet.

les også

På tide med en storrengjøring i arbeidslivet

Ivan, Enhver og Dimitri vart alle utnytta av godt organiserte nettverk. Dei vart fråtekne retten til å bestemme over eigne liv og arbeidsinnsats. Når liknande utnytting av menneske vert avdekt i Thailand, Brasil eller Uganda vil dei fleste nordmenn ikkje nøla med å klassifisere det som «moderne slaveri». Diverre vegrar folk seg for å ta inn over seg at dette også skjer her til lands.

Det er vel og bra at regjeringa vil løyve pengar over statsbudsjettet til tiltak mot moderne slaveri i andre land, men engasjementet manglar truverd om ein let at auga for at problemet også finnast i Noreg. Fleire tiltak er mogleg, men fyrst og fremst må politikarar, styresmakter og innkjøparar forstå problemet.

Svart arbeid og arbeidslivskriminalitet fører til meir enn tapte skatteinntekter og sosial dumping: Eit ukjent tal menneske arbeider under tvang og kontroll, organiserte av mafialiknande nettverk i Noreg anno 2019.

Kommersielt samarbeid: Rabattkoder