Alt for Noreg!

MENINGER

Kong Harald har tala til folket: Ta vare på dialekten din! Ta vare på sidemålsstilen i skulen!

kommentar
Publisert: Oppdatert: 25.02.03 13:17

Akkurat nå
Av ERLING BØ


Det er i eit intervju med Noregs Målags organ, Norsk Tidend, kong Harald gjev uttrykk for desse verdiane. Nok ein gong gir Kongen meining til det valspråket kong Haakon i 1905 valde for det norske kongehuset, «Alt for Norge» - på nynorsk: «Alt for Noreg».

Det er særs interessant at kong Harald på denne måten blandar seg inn i eit av dei mest ømme stridstema i moderne norsk historie. Han blandar seg ikkje inn som privatperson, men som konge. Kongen er det kanskje viktigaste nasjonale samlingssymbolet vi har. Språket er og eit nasjonalt samlingssymbol - og med språket meiner vi sjølvsagt begge dei to språka vi har her i landet, i tillegg til samisk og kvensk.

Ein kan sikkert sjå det som eit teikn på splitting at vi som ein nokså liten nasjon har to språk. Eller ein kan sjå det som eit kuriosum. Eigentleg er det uttrykk for eit mangfald som i sum blir den einskapen kong Harald ser og lever for. Dei to språka er uttrykk for ein dobbel kultur, der begge sider er naudsynte for skape nasjonen.

Arvborne

Den danske arven, som mest kjem til uttrykk i bokmålet, kan ikkje viskast ut frå historia vår. Det kan heller ikkje den reinare norske arven, som synast gjennom den samlinga Ivar Aasen gjorde og som vi no kallar nynorsk.

Kongen sjølv fører eit propert og vakkert bokmål. Når han tar nynorsken i forsvar, gjer han implisitt noko interessant: Han «hoppar over» mellomtingen mellom sitt eige mål og nynorsken, nemleg samnorsken - den grauten av bokmål og nynorsk som representerer det verste innan byråkratisk tradisjon. Kongen veit det vi alle veit, nemleg at tilnærminga mellom bokmål og nynorsk har to taparar, som kan nemnast i eitt omgrep: Godt språk.

Nyansane og rikdomen blir vekke, når samnorsken vinn fram. Einskilde og innan målrørsla går inn for å legge vekk det mest nynorske i nynorsken. «Bu» og «bo» er jamstelte, det same er «skule» og «skole», «tro» og «tru» og så bortetter. No er det til og med lov å skrive «Norge» på nynorsk. Dei som seier dei «står klippefast på ettergjevingslina» skal vite at det er nynorsken som taper mest på dette svineriet. (Ei viss utvikling er uavvendeleg - eg skriv i denne artikkelen mellom anna «tar» i staden for «tek», «blir» i staden for «vert» osb. - men det gjeld å stritte imot!)

Alle blir betre

Elevane blir betre i norsk, når dei må lære nynorsk - enten hovudmålet deira er nynorsk eller bokmål. Det kjem mellom anna av at nynorsk har meir av formalia, meir grammatikk enn bokmålet. Når ein blir tvungen til å lære skikkeleg grammatikk, kjem det begge målføre til gode.

At elevane må bli kjende med alle dei nasjonale kulturberarar som har nytta nynorsken, er og ein uomtvisteleg og turvande verdi. Det ville rett og slett vere meiningslaust om elevane skulle kunne gå gjennom den vidaregåande skulen uten å få kjennskap til Vinje og Aasen, Vassbotn og Hovden.

Den norske skulen skal lære elevane det samfunnet meiner er viktig. Ålmennkunnskap om språket er utan tvil viktig. (Og ingen trur vel at syttenåringar flest vil ta til seg denne kunnskapen utan at faget er obligatorisk og har karakterar?)

Lytt og lær!

Difor blir ein mest fylt av lått, når krefter i Høgre - av alle - går inn for å fjerne sidemålet i skulen. Det er å skyte langt til side for mål, for eit parti som er tufta på å ta vare på kulturen vår. Høgre skal vere for sidemålsundervisinga, slik ho er i dag. Eller betre. Helst turvte det faktum at vi har to jamstelte språk føre til at Høgre krevde meir og tøffare norskundervising, ikkje mindre og vagare.

Høyr på Ingolf Håkon Teigene i Dagsrevyen. Lytt og lær. Forstå at det han uttrykkjer på eit vakkert, naturleg og potent mål ikkje kunne vore sagt på nokon annan måte. Christian Borch kunne gitt oss dei same fakta. Men det hadde like fullt vore to litt ulike soger. Til saman representerer dei og språka deira ein verdi kong Harald ikkje vil vi skal miste.

Det er ei line i kong Haralds engasjement mot rasisme og mot språkleg utarming. Lina handlar om å ta vare på det norske, mangfaldet i det norske. Slik sett bør kong Harald inspirere alle i og ikring den norske skulen til ei betre norskopplæring.